Ut mot VM-nyvinning: – Totalt sjanselaus idé

1 hour ago 1



– Totalt sjanselaus idé, seier NRK-ekspert Kristoffer Løkberg

– Eg trur det vil påverke alle fotballsupporterars oppleving, seier styreleiar i norsk supporterallianse, Anders Kjellevold.

Løkberg og Kjellevold reagerer sterkt på Fifas nyvinning i fotball-VM neste år.

Fifa har bestemt at alle kampar i USA, Mexico og Canada neste år skal stansast halvvegs i omgangen for å ta ein tre minutts drikkepause. Det skal skje uansett vêr, temperatur og luftfukt.

– Dei puttar inn ein pause midt i ein omgang, noko som aldri har blitt gjort før, seier Kjellevold.

En mann står i en grønne gressplen iført en lys skjorte. Sollys skinner klart på omgivelsene. Bakgrunnen er uskarp, men viser grønne detaljer. Bildet fokuserer på mannen i forgrunnen. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

STYRELEIAR: Anders Kjellevold i Norsk supporterallianse.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

NRK og TV 2 har rettane til meisterskapen i Noreg. Fleire fryktar at vasspausane vil bli fylte med reklame på kommersielle TV-kanalar.

– Det er heilt latterleg, men eg blir jo ikkje overraska. Det er enda ei moglegheit til å kommersialisere fotballen. Tilfeldigvis tre godt tima og planlagde minutt, perfekt til reklame i beste sendetid, seier Løkberg.

Kjellevold er samd.

– Det blir garantert brukt til TV-reklame. Eg kan ikkje sjå for meg at motivasjonen er noko anna enn å kunne tene meir pengar. Domarane hadde allereie myndigheit til å stoppe kampane om det var for varmt slik at spelarane kunne få drikke, seier Kjellevold.

NRK har prøvd å komme i kontakt med Fifa, men dei har ikkje svart på førespurnadene våre.

Martin Ødegaard og fleire av dei norske spelarane kunne feire VM-plassen søndag kveld.

Skulder på varmen

Fifa seier i pressemeldinga si at dei tar dette grepet for å vareta helsa til spelarane etter erfaringar frå klubb-VM sist sommar.

Det var ekstremvarme på fleire av kampane under klubb-VM, og fleire klubbar måtte gjere drastiske endringar:

Mange av kampane under VM neste år vil bli spelte på arenaer med tak, eller i eit klima dei aller fleste spelarane er vande med.

– Dette viser jo berre at argumentet med sikkerheita til spelarane berre er eit skalkeskjul for moglegheita til å innføre fleire reklamepausar, seier Løkberg.

– Det har jo aldri vore noko som helst problem med naturlege vasspausar på rundt eit minutt omtrent halvvegs i omgangane, når dommar finn eit fint tidspunkt som passar spelet. Og sjølvsagt då berre på veldig varme kampdagar.

Kristoffer Løkberg

NRK-EKSPERT: Kristoffer Løkberg.

Foto: Lars Thomas Nordby / NRK

Ekspertkollega i NRK Carl-Erik Torp har meir forståing for Fifas grunngjeving.

– Det kjem til å bli ein ekstrem varme, så frå ein medisinsk ståstad er det lett å skjønne at det er behov for det, seier Torp.

– Eg håpar absolutt ikkje at dette betyr meir reklame, for då distanserer ein seg frå spelet, noko som ville vore veldig leitt. Men det vil ikkje overraske meg, sidan FIFA prøver å presse ut kvar krone der dei kan. Det er naturleg å tenke at det kjem til å skje.

På en fotballbane er det en pause i kampen mellom Paris Saint-Germain (PSG) og Real Madrid. Storskjermen viser poengstanden, med PSG på 3 og Real Madrid på 0. Tusenvis av tilskuere i hvite og fargede klær fyller stadion. Omgivelsene er preget av reklame for Powerade og stadionens arkitektur. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

VARMT: Dette blei eit vanleg syn under klubb-VM-et i sommar i USA.

Foto: PAUL ELLIS / AFP / NTB

– Det blir først og fremst ein irritasjon

Internasjonalt tenker ein også at vasspausane vil bli brukte som reklamepausar.

– Dette er velkjent for det amerikanske publikummet og det er heilt perfekt for dei som sel TV-reklame, skriv den velkjente britiske journalisten Henry Winther på X.

– Det blir først og fremst ein irritasjon. Så rokkar det med noko som har lege fast med fotballen til no. Ein kamp varer i 90 minutt i to gonger 45 minutt. Dei begynner å tulle med dette no, kva blir det neste? spør Kjellevold retorisk.

Tidlegare VM-helt for USA, Alexi Lalas, meiner reklamepausane vil vere ein god ting for publikum.

En person i svart dress og hvit skjorte, med cowboyhatt, hever hånden. Bakgrunn med utydelige mennesker og aktiviteter. Bildet tatt innendørs, trolig på et arrangement. Det er robust belysning som gir liv til omgivelsene. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

VM-helt: Alexi Lalas blei kjent for skjegget og hårfrisyren sin under fotball-VM i USA i 1994. Her i cowboyhatt.

Foto: OMAR VEGA / AFP / NTB

– Av omsyn til rettferda vil alle kampar ha drikkpausar. Ja, det deler opp omgangane, og skaper reklamepausar. Eg elskar det, skriv han på X.

Meiner det vil endre kampane

Winther og Kjellevold er inne på at kampane går frå å vere to omgangar av 45 minutt pluss tillegg, til å bli fire omgangar av 22,5 minutt.

Det meiner Løkberg vil endre kampdynamikken.

– Trenarar og spelarar vil dele kampane opp i fire bolkar, gjerne med ulike inngangar. Dei beste fotballkampane er dei med naturleg flyt og intensitet, dette blir no fullstendig øydelagt, seier Løkberg og fortset:

Det var full jubel etter at Antonio Nusa utlikna for Noreg mot Italia. Bilda her frå utestaden Carls i Oslo.

– Lag vil utnytte seg rått av dette, sjølvsagt. Dei svakaste og mest kyniske laga vil sjølvsagt få ein fordel. Dei får ein svært velkommen pustepause, men vil også kunne spele seg inn til slike pausar i større grad.

Ekspertkollega Carl-Erik Torp seier han har null problem som fotballelskar at det blir stopp i spelet.

– Da vil eg – som TV-sjåar – gjerne til indre bane med eit kamera tett på spelarane. For det kjem til å bli ein taktisk prat ut av dette, seier Torp.

– Det er innanfor å gjere det her. Frykta er at det skjer også til eit anna VM-sluttspel, når klimaet er kjøligare. At det blir stopp i kvar omgang for at reklamen skal bestå. Pausen bør vere effektiv, legg han til.

Publisert 10.12.2025, kl. 09.14 Oppdatert 10.12.2025, kl. 09.26

Read Entire Article