På ein pressekonferanse i Mar-a-Lago denne veka fekk Donald Trump spørsmål om han kunne utelukke bruk av militær og økonomisk makt for å få kontroll på Grønland.
Det kunne han ikkje.
Danmarks statsminister Mette Frederiksen svara at øya ikkje er til sals.
Torsdag seier ein talsperson for den amerikanske ambassaden i Danmark at USA ikkje har noko planar for å vere meir til stades militært på Grønland, skriv Reuters.
Krisemøte i kveld
I ei pressemelding frå den grønlandske utanriksministeren Vivian Motzfeldt, skriv ho at «vår framtid er vår, og blir definert av oss sjølve». Ho opnar samstundes for konstruktiv samarbeid med naboane.
I eit innlegg på Instagram skriv Frederiksen at ho forstår at det er eit utbreitt ønske på øya:
– Derfor vil eg gjerne gjenta: Det er ei avgjerd som startar og sluttar i Nuuk.
Fleire verdsleiarar har reagert på Trumps utspel. Torsdag morgon sa Jonas Gahr Støre at utspelet «ikkje er greit».
Ifølge fleire danske medium skal Danmarks statsminister halde krisemøte for partileiarane klokka 19.30 i kveld.
Fredag skal det også vere eit riksmøte mellom Færøyene, Grønland og Danmark.
Publisert 09.01.2025, kl. 10.53 Oppdatert 09.01.2025, kl. 10.58