Unio om tvungen lønnsnemnd: - Skuffa over regjeringa

1 month ago 22



5. juni 2024 kl. 07:57

– Me er skuffa over at regjeringa ikkje har vist nokon vilje til å komme oss i møte. Heile prosessen frå vi begynte lønnsforhandlingane, gjennom streiken og til no, har vore prega av at regjeringa ikkje har ønskt noko anna enn å presse oss på plass, seier forhandlingsleiar Guro Lind i Unio stat om at arbeidsminister Tonje Brenna no går inn med tvungen lønnsnemd.

I ei pressemelding skriv Unio at dei tar regjeringa si avgjersle til etterretning og at medlemmane deira vil vera tilbake på jobb så snart som mogleg.

3500 medlemmar var frå i dag av i streik. Fleire av dei var tilsette i politiet.

Streik blant 10 operatørar i politiet si helikopterteneste og manglande grensekontroll er den direkte årsaka til at streiken no blir avbroten, forklarte Brenna under ein pressekonferanse i dag tidleg.

Read Entire Article