Ufør og i jobb: – Livet har fått meining

12 hours ago 4



– Eg gjekk på veggen heime. Sjølvtilliten var dårleg, og eg var mykje deprimert.

Slik er det ikkje lenger.

Helena Skollevoll (30) finn fram smør og sukker. Drysser kanel i bollen og set i gang kjøkkenmaskina.

damer i uniform med brett med boller

Dufta av heimebakte bollar set minna i gang hos mange av dei eldre.

Foto: Håvard Axel Kator / NRK

Snart skal ho servere kanelbollar på Bispegra omsorgssenter i Kristiansand.

– Det luktar godt med nysteikte bollar, og dei gamle seier at det minner dei om då dei budde heime.

Helena liker å spreie glede.

– Eg har fått stor kjærleik for dei gamle. Det er fint å høyre dei fortelje historier. Av og til kjem dei også med råd til oss unge.

– Kjenner meg som ein av dei andre

Helena er uføretrygda, men jobbar no fire dagar i veka som servicevert.

Ho fekk jobben gjennom stiftinga Helt Med. Dei hjelper folk med utviklingshemming eller autisme ut i det vanlege arbeidslivet.

Helena var spent før ho begynte.

to damer ser på hverandre

Merete G. Tholin er sjefen til Helena Skollevoll. Begge skryter av samarbeidet.

Foto: Håvard Axel Kator / NRK

– Eg var litt redd for om dei andre ville sjå ned på meg sidan eg er litt annleis.

Det skjedde ikkje.

– No kjenner eg meg som ein av dei. Det er ei god kjensle å ha eigne kollegaer og vite at «i morgon skal eg på jobb».

Ho skulle ønske fleire i hennar situasjon fekk same moglegheit.

– Vi er mange som kan noko, sjølv om vi kanskje ikkje kan jobbe kvar dag. Det er likevel viktig for oss å bli sett og forstått, og ha ein jobb som gir meir meining i livet.

700.000 utanfor arbeidslivet

700.000 i alderen 20–66 år står utanfor arbeidslivet her i landet, ifølge tal frå Nav.

Dette er folk som verken jobbar, er under høgare utdanning eller er pensjonerte.

Dei fleste er uføretrygda.

Det vil stiftinga Helt Med gjere noko med.

I dag er 420 menneske tilsett gjennom stiftinga. Målet er å auke med 100 nye tilsette årleg.

– Arbeidstakarane beheld uføretrygda, og mottar samtidig bonuslønn frå arbeidsgivar, tilsvarande 20 prosent av ordinær tarifflønn.

Det seier Thomas Døvik i Helt Med.

Dei som blir tilsette i ei Helt Med-stilling får tett oppfølging av eksterne jobbspesialistar i nærområdet gjennom heile arbeidsforholdet.

– Dette gjer det trygt og føreseieleg både for arbeidstakar og arbeidsgivar.

mann med kort hår og briller smiler til kamera

Thomas Døvik er jobbspesialist i Helt Med. Han forklarer at dei er ein brubyggar mellom uføretrygd og det ordinære arbeidslivet.

Foto: Helt Med / Copyright 2023. All rights reserved.

Får ros

Merete G. Tholin er einingsleiar ved omsorgssenteret der Helena jobbar.

Ho skryter av arbeidsinnsatsen.

– Helena bidrar med praktiske oppgåver som matlaging. Dermed frigjer tid slik at for eksempel sjukepleiarar får meir tid til sjukepleiaroppgåvene sine.

Tholin er samtidig klar på at Helena ikkje er ei erstatning. Ho tar ikkje jobben frå nokon.

– Ho er ein tilleggsressurs som kjem på toppen av den ordinære bemanninga.

dame lyst hår smiler

– Vi har fått eit rausare og meir inkluderande arbeidsmiljø etter at Helena begynte, seier Merete G. Tholin, einingsleiar på Bispegra omsorgssenter.

Foto: Håvard Axel Kator / NRK

Bekymra for framtida

Kjell A. Kristiansen er organisasjonsdirektør i Kristiansand kommune.

Han seier at samfunnet er heilt avhengig av å få fleire ut i jobb. Samstundes er han bekymra for at det ikkje går raskt nok.

– Det blir mangel på kompetanse og arbeidskraft i åra som kjem. Derfor jobbar vi aktivt for å inkludere flest mogleg i arbeidslivet.

mann med armene i kryss

Kjell A. Kristiansen, organisasjonsdirektør i Kristiansand kommune.

Foto: Håvard Axel Kator / NRK

Framleis står mange med god restarbeidsevne utanfor arbeidslivet.

– Vi er ikkje i mål. Samfunnet går glipp av mykje verdifull arbeidskraft, samtidig som det er veldig dyrt for kommunane.

Derfor rosar han initiativ som Helt Med- sjølv om han er utolmodig.

– Vi må få meir fart på å få fleire i jobb. Det er heilt nødvendig.

Publisert 18.03.2026, kl. 09.27

Read Entire Article