Søndag 8. mars vil ei flyging frå Muskat i Oman frakte heim norske barnefamiliar, gravide og personar med medisinske behov. UD ber personar i desse gruppene om å kontakte dei.
Det kjem fram i ei pressemelding frå Utanriksdepartementet (UD) fredag kveld.
– Det er eit avgrensa tal plassar på flyet. Oppmodinga vår er at dei som ønsker plass, tar kontakt og melder frå om behova sine, seier Cecilie Roang, pressetalsperson i UD.
UD vil ta kontakt med dei som får tilbod om plass på flyet, og gi informasjon om korleis å komme seg til flyplassen.
– Vi er glade for å kunne bidra til dette. Vi har gjort liknande flygingar før, sist til Israel. Vi er glade for å ha moglegheita, seier pressesjef i Norwegian, Eline Hyggen Skari.
Følg utviklinga i Midtausten her:
– Ein vanskeleg situasjon for mange
Statsminister Jonas Gahr Støre har forståing for at nordmenn i området er uroa.
– Situasjonen i Midtausten er alvorleg og råkar norske borgarar som er i regionen. Eg har stor forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon for mange, seier Støre i pressemeldinga.
Støre understrekar at norske myndigheiter har hjelpt nordmenn i regionen sidan krigen braut ut, og at dei har to utrykkingsteam på bakken i Dubai og Muskat.
– Eg har stor forståing for at dette er ein vanskeleg situasjon for mange, seier statsminister Jonas Gahr Støre.
Foto: Truls Skram Lerø / NRKAlvorleg situasjon
Utanriksminister Espen Barth Eide understrekar at situasjonen framleis er svært alvorleg.
– Det betyr at det kan kome endringar på kort varsel. Det betyr også at det framleis kan ta noko tid å få fleire fly til regionen, seier Eide.
UD har kontakt med europeiske land om moglege ledige sete på fly som blir sett opp av andre land.
Norske myndigheiter var først tydelege på at dei ikkje kom til å evakuere nordmenn i området, men at dei vurderte saka.
No har dei snudd.
– Nødvendig å få alle detaljane på plass
Statssekretær Eivind Vad Petterson (Ap) i UD seier til NRK at dei har jobba med dette i fleire dagar.
– Her var det nødvendig å få alle detaljane på plass før vi faktisk går ut med det, og det er vi glade for at vi kan gjere no, seier Petterson.
Statssekretæren understrekar at UD er i kontakt med dei som får plass på flyet. Han rår folk i området om å ikkje legge ut til flyplassen på eiga hand.
Statssekretær Eivind Vad Petterson (Ap) i Utanriksdepartementet.
Foto: Jon Petrusson / NRKDet er om lag 1500 registrerte nordmenn i Dubai. Eit fåtal av dei får plass på UD sitt fly til Noreg.
– Det går heldigvis stadig fleire rutefly også frå Dubai. Vi vel å gjere dette frå Oman, nabolandet, sjølv om det er 400 kilometer unna. Det er tryggare og meir stabilt, sjølv om vi ikkje kan garantere at luftrommet vil vere opent heile vegen, seier Petterson.
Interessert i utanriksstoff? Høyr siste podkast-episode frå Urix:
Publisert 06.03.2026, kl. 18.17 Oppdatert 06.03.2026, kl. 18.57












English (US)