– Aldri i Senterpartiets historie har vi hatt færre stortingsrepresentantar. Ni personar frå ni valkrinsar skal no representere heile landets distriktsinteresser. Det bekymrar meg djupt, skriv tidlegare nestleiar, Anne Beathe Tvinnereim i eit innlegg på Facebook.
Ho meiner kampen mot sentralisering vil bli svekka dei neste fire åra, og etterlyser ei open og brei evaluering av valkampen som blir «gjennomført på armlengds avstand frå partileiinga».
Samstundes samlast sentralstyret i partiet måndag, for første gong etter valet.
Der skal dei diskutere valresultatet og avgjere kva veg partiet skal gå vidare.
Meiner kampen mot sentralisering blir svekka
Tvinnereim peikar også på at partiet no står utan representantar frå sentrale Austlandet. Ho åtvarar om at Framstegspartiet kan overta rolla som distriktas forsvarar dersom Senterpartiet ikkje finn att posisjonen sin.
Anne Beathe Tvinnereim og Trygve Slagsvold Vedum. Bilete frå Spørjetimen til Stortinget.
Foto: Fredrik Varfjell / NTB– Eg fryktar for eit politisk landskap der bygdeveljarar må velje mellom eit distriktsvennleg høgreparti eller sentraliserande grøne parti, skriv ho.
Ho peikar også på at partiet no har den lågaste kvinneandelen på Stortinget med berre 22 prosent.
Ho skriv at partiet må løfte fleire kvinner fram som førstekandidatar ved neste val.
Før sentralstyremøtet var Vedum i NRK, og sa dette om si framtid som partileiar:
Trygve Slagsvold Vedum (Sp) sa i Politisk kvarter at han er svært motivert for å halde fram som partileiar.
Eit utval ønskjer endring, men mange støttar Vedum
Ei undersøking gjort av Norgesbarometeret for VG viser at eit utval Sp-representantar at Trygve Slagsvold Vedum bør trekkje seg som partileiar.
226 Sp-representantar deltok i spørjeundersøkinga. Totalt har partiet rundt 1400 kommunestyrerepresentantar.
Fleire av Sp-toppane var ordknappe då NRK stilte dei spørsmål på veg inn til partikontoret i Oslo sentrum.
1. Nestleiar Bjørn Arild Gram ville ikkje kommentere eiga rolle eller leiarspørsmålet til NRK.
Også 2. nestleiar Kjersti Toppe var ordknapp.
– Vedums posisjon har ikkje vore eit tema. Eg har tillit til Trygve, sa Toppe på veg inn til møtet.
Geir Pollestad er éin av dei ni som har sikra seg stortingsplass dei neste fire åra.
Han meiner Vedum bør halda fram som leiar.
– Ja, han er vald av landsmøtet fram til neste landsmøte og eg ser ingen grunn til å endra på det, seier han til NRK.
Sjå fleire i partileiinga på veg inn til møtet:
1. nestleiar Bjørn Arild Gram på veg til sentralstyremøte.
Foto: Cornelius Poppe / NTBMarit Arnstad, Senterpartiets parlamentariske leder, møter pressen på veg inn til møtet.
Foto: Cornelius Poppe / NTBSentralstyremedlem i Sp, Gro Anita Mykjåland, var ein av de som mista plassen sin på Stortinget.
Foto: Cornelius Poppe / NTB2. nestleiar, Kjersti Toppe, her på veg inn.
Foto: Cornelius Poppe / NTB
Pollestad: Må ta undersøkinga på alvor
Pollestad er likevel klar på at partiet må ta undersøkinga på alvor.
– Vi har vunne som lag og denne gongen tapt som lag. No meiner eg det er viktig å ta lærdom av evalueringar frå valet.
Det vart ikkje mykje å jubla for på valvaka til Senterpartiet.
Foto: Rodrigo Freitas / NTBParlamentarisk leiar Marit Arnstad seier ho har full tillit til Vedum.
– Han har leia partiet gjennom fire svært gode val, og han bør få moglegheita til å jobba med partiet den neste fireårsperioden, seier ho til Dagbladet.
– Trygve bør fortsette å stå på, som han har gjort, seier gruppeleiar Kurt «Pasvikbamsen» Wikan. Han understrekar at leiarspørsmålet ikkje har vore tema i fylket, men legg til:
– Ser eg rett i krystallkula mi, så trur eg han trekkjer seg på landsmøtet om halvanna år.
Les fleire reaksjonar frå Sp-representantar landet rundt:
Roy Pettersen
Erling Sande, stortingsrepresentant for Sp
Landsmøtet valde Trygve Vedum som leiar for 2 år berre for nokre månader sidan. Eg har tillit til Trygve Vedum som leiar. Vi bør no bruke tida på å evaluere valkampen og valresultatet og finne vår rolle i ein ny situasjon på Stortinget. Tida er ikkje riktig for ein leiardebatt no.
Simon Skjelvik Brandseth / NRK
Thomas Flesland, varaordførar Bergen
– Eg støttar partileiinga slik ho er og ønsker inga endring. Det vil vere heilt naturleg å ha evaluering av valkamp, gjennomslag og vegen vidare. Der må heile partiet brukast. Men eg har tillit til Vedum.
– Kvifor?
– Eg synest han gjer ein god jobb. Han er vår partileiar, og det er ingen diskusjon om noko anna.
Dan Robert Larsen
Bengt-Magne Luneng, leiar i Troms Senterparti
– Har Vedums posisjon vore tema i Troms Senterparti?
– Nei.
– Vil det bli det no?
– Ingen kommentar.Bård Siem
Jenny Følling (Sp), ordførar Sunnfjord kommune
Sp gjorde eit dårleg val og det må partileiinga ta ansvar for. I regjering greidde Sp å få gjennomslag for mange viktige saker som td. sletting av studielån, billegare barnehageplass og legeutdanning til Førde, men greidde ikkje å ta ut gevinsten. No blir det viktig å gjennomføre ei grundig evaluering, og då må resultatet av den gjennomgangen vise om det er grunn for å skifte leiing i paritet.
Senterpartiet
Rune Hjulstad, fylkessekretær i Trøndelag Sp
Eg ser det er relativt tynt grunnlag VG har. Det er berre 226 representantar som har svart. Det er berre ein brøkdel av dei representantane vi har. Kva dei har svara, kan vi berre ta til orientering.
Eirin Larsen
Jarle Bø (Sp), ordførar i Randaberg
Dette viser at mange folkevalde er skuffa, og det kjem til uttrykk på ulike måtar. Vi valde ny partileiing i mars, og Vedum har leidd partiet gjennom to av dei beste vala i historia. No må vi evaluere og brette opp erma. Ein opprivande leiarstrid no er heilt feil medisin. Vi har den beste leiaren fram til neste landsmøte.
NRK
Erlend Herstad, fylkesleiar i Sogn og Fjordane Sp
Eg tenker vi skal kjøle oss litt ned no etter valet. Vi skal gjennom fleire rundar med intern evaluering både regionalt og nasjonalt for å sjå på kvifor vi fekk ein veldig nedgang frå forje val. Det blir for min del for enkelt å peike på Trygve, vi må ta eit kollektivt ansvar, å mellom anna revurdere Senterpartiet sin politiske kurs for framtida.
Ragne Borge Lysaker
Gunn Åmdal Mongstad (Sp), ordførar i Solund
Med eit slikt valresultat er det naturleg at partiet gjer ei eiga evaluering. Dette bør gjennomførast før ein tek stilling til eventuelle skifte i partileiinga.
Privat
Geir Helge Østerbø, Høyanger Sp
Det er alltid lett å peike på leiaren når valresultatet blei som det blei, men nå må både partiet og leiaren få summe seg litt før vi konkluderer.
CECILIE BERGAN STUEDAL
Aleksander Øren Heen (Sp), tidlegare statssekretær i Klima- og miljødepartementet
Eg har ingen kommentar til dette på nåverande tidspunkt.
Terje Pedersen / NTB
Nils T. Bjørke, fylkesleiar Hordaland
– Eg ser ikkje nokon grunn til å gjere endringar i partileiinga no, i alle fall. Eg trur det er viktig å bygge vidare på dei som sit der.
– Er leiinga freda no?
– Det blir feil måte å seie det på, at noko er freda. Vi må ha ei grundig evaluering av valkampen no. Kva var det vi ikkje traff på, kva klarte vi ikkje å få fram? Eg trur ikkje personfokus er det viktige.
Gerd Johanne Vatne Braadland
Nils Inge Ynnesdal, varaordfører i Gulen kommune
– Eg har tillit til Vedum, sjølv om valgresultatet til Senterpartiet ikkje blei slik me håpte dette valet. Så er det viktig med ei grundig evaluering no i etterkant i heile partiet, og så må resultata av desse danne grunnlag for vegen vidare.
Historisk tilbakegang
Ved stortingsvalet førre veke fekk partiet berre 5,6 prosent av stemmene.
Det ein nedgang på nesten åtte prosentpoeng frå 2021. Partiet står att med berre ni stortingsrepresentantar, det lågaste talet sidan det vart stifta i 1920.
– Det heilt naturleg at mange enkeltpersonar er skuffa. Og sjølvsagt ønskte vi som lag at vi skulle få fleire representantar enn det vi fekk, sa Vedum til NRK.
Han meiner hovudforklaringa på fallet i oppslutnad er at partiet ikkje klarte å levere på straumpolitikken.
Sjølv om partiet er kraftig svekka, er Senterpartiet framleis del av den raudgrøne blokka som har fleirtal med 88 mandat.
Vedum meiner partiet vil få «ein nøkkelrolle» i Stortinget dei neste fire åra, sjølv om rolla blir annleis enn sist, då partiet sat i regjering og han sjølv var finansminister.
Publisert 15.09.2025, kl. 09.45 Oppdatert 15.09.2025, kl. 12.00