Turistar i Geiranger: ante ikkje at det var bryllaup i helga

1 month ago 18



Fleire av turistane som hadde lagt turen til Geiranger i dag, fekk komme til ei ekstra pynta bygd. Men ikkje alle var klar over kvifor.

– Vi har ikkje høyrt om han før, men det er kult. Vi prøvde å finne ut kvifor desse flagga var saman, det var ein interessant blanding. Men det gir meining no, seier Melissa Lee, frå USA.

Melissa Lee og Jeremy Poe er også forlova. No er dei på besøk i Geiranger.

Melissa Lee og Jeremy Poe er også forlova. No er dei på besøk i Geiranger.

Foto: Sara Lovise Roaldseth / NRK

Ho seier ho ikkje kjente til Durek Verrett frå før, men vurderer no å bli ein ekstra dag.

– Eg trur ikkje det skal mykje til for å overtyde meg om å bli ein dag til. Vi blir her, er greitt, seier ho lattermildt.

Pyntar til brudeparet

I går var det bli-kjent-fest i Ålesund. I dag skal gjestane skipast vidare til Geiranger der sjølve bryllaupet skal vere.

Der har dei i dag vore tidleg oppe for å få plass dei siste førebuingane før brudeparet kjem.

– No held oss på å pynte eit hjarte, som skal pyntast med norske og amerikanske flagg, som ein velkomst til brudeparet som kjem i dag, seier Katrin Blomvik Bakken, direktør i Geirangerfjorden verdsarv.

Det blir pynta med både det amerikanske og det norske flagget i Geiranger i dag.

Det blir pynta med både norske og amerikanske flagg i Geiranger i dag.

Foto: Remi Sagen / NRK

Ho synest det er ekstra stas at brudeparet har valt å legge bryllaupet her.

Kongehuset er vi veldig glad i, og når dei kjem til vesle Geiranger, og ikkje minst har vald å legge eit bryllaup her, så kan det ikkje bli anna enn fest for oss.

I dag har dei mellom anna laga klart ein catwalk der skuleborn frå Geiranger, Eidsdal og Norddal skal gå i redesigna klede.

Blomvik Bakken seier også at kontroversane rundt bryllaupet ikkje påverkar korleis dei tek i mot gjestane som kjem i dag.

Uansett kven som kjem på besøk til oss så skal vi vere eit godt vertskap, det er vår rolle. Og kva som skjer rundt oss må vi berre forhalde oss til.

I går var Durek Verrett rundt å rusla i Ålesunds gater, med eit stort slep av både presse og andre som ville helse på.

– Ålesund er ein vakker by. Eg elskar arkitekturen, folka er nydelege og butikkane er verkeleg flotte, sa han på spørsmål frå NRK i går.

Durek Verrett på shopping i Ålesund, med hele pressekorpset etter seg. Svarer på spørsmål frå Kristi Mari om mottakelsen av det norske folk. "I love norwegians".

Publisert 30.08.2024, kl. 10.16 Oppdatert 30.08.2024, kl. 12.09

Read Entire Article