Tunde (29) blir hylla som rekordhaldar – norske Jøran spelte 34 timar lenger

3 weeks ago 19



– Å spele sjakk i 58 timar slik Onakoya gjorde, er beinhardt, seier Jøran Aulin-Jansson til NRK.

Han er i dag visepresident i Det internasjonale sjakkforbundet (FIDE). Denne helga har han og resten av sjakkverda lese om Tunde Onakoyas spinnville prestasjon:

Nigerianaren spelte sjakk i fleire disiplinar i 58 strake timar – midt på Times Square i New York.

Espen Agdestein og Jøran Aulin-Jansson

SJAKKTOPP: Jøran Aulin-Jansson er her avbildet med tidlegare Carlsen-manager Espen Agdestein.

Foto: Berit Roald / NTB

Bragda blir omtalt som verdsrekord, sjølv om representantane frå Guinness World Record foreløpig ikkje har bekrefta den. Det tar vanlegvis nokre veker.

– Berre det å halde seg vaken ... Det er ikkje så mange som klarer det utan å ta seg ein dupp, seier FIDE-toppen.

Men på 80-talet skapte altså Aulin-Jansson overskrifter for heilt andre ting enn sjakkpolitikk.

Og det nordmannen gjorde var faktisk enda meir ekstremt enn Onakoyas prestasjon.

MIDT I TRAFIKKEN sitter de og spiller sjakk

MIDT I TRAFIKKEN: Tunde Onakoya satte verdensrekord mens en hel del skjer rundt ham på Times Square i New York.

Vann og ris

FOKUS: Nigerianeren måtte holde konsentrasjonen i sjakk. I pausene drakk han mye vann og spiste ris.

Publikum filmer

POPULÆR: Når det dreier seg om verdensrekord skal, selvfølgelig, kameraet fram.

En sliten Tunde Onakoya ser ned på sjakkbrettet

MØR: Men det koster krefter å sette rekorder. Tunde Onakoya har møtt på mange problemer på veien.

Nærbilde av hender som spiller sjakk på times square

KLOKKEN GÅR: Målet er å spille i 58 timer. Lørdag morgen klarte han det.

– Edderkoppar kom opp beina mine

I juni 1984 trassa han oppkast, hallusinasjon og edderkoppar som kraup oppover beina hans da han klokka inn 92 timar og 26 minutt med samanhengande sjakkspel.

Han vann 549 lynsjakkparti og spelte 32 remis.

– Det du nemnde der var det som redda meg, seier Aulin-Jansson om dei mange hendingane under rekordforsøket i Skien.

Det var norske Creditbank som stilte med lokale. Han kunne, til liks med Onakoya, ta fem minutt pause kvar time. Desse kunne han spare opp.

– Da fekk eg etter kvart tatt meg ein dusj, og der såg eg plutseleg at utruleg mange edderkoppar kom opp beina mine. Eg har ingen problem med å styre begeistringa mi for edderkoppar. Da fekk eg eit nytt adrenalinkick, som heldt meg gåande, seier Aulin-Jansson.

En småtrøtt Aulin-Jansson

SVELGDE EIN GJESP: Jøran Aulin-Jansson fortel at det verste med rekordforsøket var å halde seg vaken.

Foto: NRK

– Første sjakkinnslag på Dagsrevyen

Nordmannen er stolt over prestasjonen og fekk til det han ønskte: blest rundt sjakken.

På den tida fanst verken Magnus Carlsen, Hans Niemann eller nettgiganten Chess.com.

– Eg gjorde det fordi eg elskar sjakk. Eg trur det var ein av dei første gongene Dagsrevyen hadde innslag om sjakk.

Dessverre for Aulin-Jansson blei prestasjonen aldri registrert i Guinness rekordbok. Grunnen er ganske så spesiell.

Denne tabben hindra offisiell rekord

Ifølge Aulin-Jansson mangla dei ein nødvendig signatur på eit dokument som blei sendt inn etter at 92-timarbragda var gjennomført.

– Eg trur det var signaturen til arrangøren, legen eller eit viktig vitne vi mangla, seier han.

– Er det bittert at rekorden ikkje er offisiell?

– Nei, eg synest ikkje det er bittert. Det speler ikkje så stor rolle for meg. Eg fekk merksemd rundt sjakk, og det var faktisk gøy, svarer han.

Allereie i sommar planlegg nordmennene Askild Bryn og Odin Blikra Vea å ta rekorden frå nigerianske Onakoya.

Duoen, som periodevis har vore knytt til NRK som sjakkekspertar, planlegg å spele opp mot 60 timar under Norway Chess.

Publisert 21.04.2024, kl. 15.41

Read Entire Article