Trygt nok for eit skrøpeleg liv?

1 day ago 3



KOMMENTAR: Å vera prisgitt andres hjelp kan gjera deg redd. Den redselen må vi andre prøva å forstå. Før vi bestemmer kva som er trygt.

Enkeltmenneska i eldreomsorga må ikkje bli usynlege for oss andre. Foto: Pål Christensen / Aftenbladet
  • Solveig G. Sandelson

Publisert: Publisert:

For mindre enn 20 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

«Avvikene knyttet til den enkelte pasient er av liten generell interesse,» skreiv Stina Løkke første gongen Aftenbladet bad om innsyn. Løkke er direktør for helse og velferd i Stavanger kommune. Innsyna Aftenbladet bad om, var dei tilsettes rapporterte avvik i eldreomsorga. I heimesjukepleia og i sjukeheimane. Stavanger var den einaste av 15 kommunar i Sør-Rogaland som sa nei til det.

Jo. Det er av interesse

Vi treng å forstå dette. Vi som kanskje ikkje akkurat nå er pårørande til pleietrengjande eldre, vi som ikkje på mange år har vore i kontakt med verken heimesjukepleie eller vore innom ein sjukeheim. Vi treng å forstå, for det er eit stort felt, det gjeld mange, det trengst mange, det trengst tid og plass og folk og pengar. Som vi må ta frå ein stad. Eller la vera. Og vi forstår betre, viss vi får glimt av menneska som lever i dette.

Aftenbladet fekk til slutt innsyn også i Stavanger kommunes avvik, frå januar til mars i 2023. Over 3000 avvik, på tre månader. 500 av dei kan ha ført til uverdigheit for pasienten. 60 av desse igjen, har Aftenbladet sett på som alvorlege.

Dette er ikkje noko vi kan få ned i null, det er menneske, skrøpelege menneske. Dei blir jo ikkje i det store og heile passa på ein-til-ein, det er sjeldan ønskeleg, det kan også vera uverdig. Om det er mykje? Det er eg usikker på. I forhold til alt som går bra? I forhold til ressursane vi bruker? Eller i forhold til forventningane våre?

Fall

Omtrent annakvar dag i dei månadene blei det registrert at ein pasient falt. Og at det var eit alvorleg fall. Ein mann fell på badet, slår seg i ryggen og hofta, men klarer å krypa inn i stova. Der blir han liggjande i fire døgn. Han blir funnen bleik og kald, med ein kroppstemperatur på 34,7 grader. Ei kvinne fell på badet, og blir sitjande i urin og avføring i to timar før ho får hjelp. Ein pasient blir funnen liggjande ved senga, forvirra. Det er uvisst kor lenge han har lege slik. Ei kvinne blir funnen liggjande på golvet. Ho har ikkje klart å svara på alarmen, men dei høyrde henne skrika.

Mange fell fleire gonger i veka, nokre har falt tjue gonger i løpet av eit halvt år.

I 2023 døydde 911 menneske i Norge som følge av fall. 815 av dei var 70 år eller eldre. Eldre fell mykje oftare enn oss andre, dei er skrøpelegare, dei svimlar, dei går på medisinar, dei kan vera beinskjøre, ha dårlegare reaksjonsevne. Mange har demens, også blant dei som bur heime, og kan ha vanskelegare for å passa seg sjølv for å falla.

At eit fall får alvorlege følger, er ein del av det å vera skrøpeleg. Det eine tar det andre.

Men i tillegg

Det finst ein verdigheitsgaranti i Norge, for eldre. Den er frå 2010, frå Stoltenberg-regjeringa. Den seier at eldre skal ha eit «mest mulig normalt liv»: God hygiene, variert kosthald, normal døgnrytme, aktivitetar, få frisk luft. Det er ei forskrift. Ein trygg og meiningsfull kvardag er også nemnt i den forskrifta.forskrifta.Ein rettsleg bindande regel, med heimel i ei lov

Det er her vi er tilbake hos enkeltmennesket. For avvika er bilde frå skrøpelege menneskes liv. Frå når deira liv blir utrygt. Jo meir pleietrengjande du blir, jo meir utrygg kan du bli. Du kan ikkje ordna opp sjølv, viss noko skjer deg. Du kan ikkje ein gong vera ein plan B. Alt du har, er dei andre. Det blir ein redd av. Ein blir endå reddare viss ingen kjem. Den redselen kan setja seg fast.

Det gir ingen trygg og meiningsfull kvardag. Det er ikkje verdig.

Og så?

Vi veit at vi slit med eldreomsorga i Norge. Vi veit at pasientane på ein sjukeheim er mykje sjukare enn dei var for ein generasjon sidan. Vi ser i avvika her at eldre blir buande heime lenger enn det som er forsvarleg, sjølv om dei tilsette påpeikar det. Vi ser at det ikkje er nok folk, at tilsette har for stor belastning. Også måten tilsette skriv om dette på, gjer inntrykk.

Og sjølv om kommuneøkonomi er vanskeleg å løfta fram i ein valkamp, hadde det høyrt med her. Akkurat her.

Ifølge NRK gjekk 206 kommunar med underskot i 2024. Det er 58 prosent av alle kommunane våre. I 2023 var det 157, i 2022 var det 50. I tillegg har nå 180 kommunar det KSKSKommunesektorens interesseoganisasjon, og arbeidsgivar for kommunar og fylkeskommunar kallar «avgrensa økonomisk handlingsrom».

Frå helsesektoren har vi lenge høyrt at vi går tomme for folk, før vi går tomme for pengar. Vi treng folka meir andre stader. Vi må få inn pengar.

Kampen

«Det er for mange rettigheter sammenlignet med de økonomiske musklene kommunen har. Staten må snart ta et valg. Enten må de finansiere de rettighetene de har vedtatt, eller så må de ta ned antall rettigheter.» Det sa mangeårig kommunedirektør i Stavanger, Per Kristian Vareide, før han gjekk av i sommar. Staten er i Stortinget, i dette tilfellet. Løfter og garantiar frå Stortinget pressar kommuneøkonomien.

Og vi har vel alt godtatt det med at vi ikkje kjem til å ha nok folk? At det ikkje er berekraftig?

Men kva blir prisen vi betaler for å halda tilbake? Ser vi noko av den prisen i dei 60 alvorlege avvika i Stavanger kommune?

Enkeltmenneska i eldreomsorga må ikkje bli usynlege for oss andre. Det går ikkje det. Dei må få vera med i kampen om tida, folka og pengane. Då må vi vita.

Publisert:

Publisert: 31. august 2025 07:35

Read Entire Article