Trygla politiet om hjelp – blei sjølv skoten

1 month ago 16



Ei sein novembernatt mottar politiet i Las Vegas eit desperat naudanrop frå Brandon Durham (43). Det som så skjer, rystar USA.

 Las Vegas Metropolitan Police
BLEI SKOTEN: Brandon Durham (t.h.) forsøker å avvæpne ei kvinne som held ein stor kniv. Foto: Las Vegas Metropolitan Police

Publisert 21.11.2024 19:48

Klokka nærmar seg eitt på natta. Politiet i Las Vegas mottar eit naudanrop frå Brandon Durham (43). Han fortel at to personar skyt mot huset hans, og at dei forsøker å bryte seg inn. 

Durham fortel også at hans 15 år gamle dotter er heime. 

Då politiet kjem til staden, ser dei skader på huset, mellom anna eit knust vindauge. 

 Las Vegas Metropolitan Police
SKADER: Skader på både huset og bilar utanfor tyda på at noko dramatisk har skjedd. Foto: Las Vegas Metropolitan Police

Skyt seks gonger

Politiet høyrer så skriking inne frå huset. Den eine politimannen sparkar inn døra og stormar inn. Han høyrer at Durham ropar om hjelp. 

Politimannen rundar eit hjørne og oppdagar Durham og ei kvinne som kjempar om ein kniv. 

Kroppskameraet til politimannen viser at Durham står i berre undertøyet, medan kvinna er fullt påkledd og har ei hette over hovudet. Begge held på kniven dei kjempar om.

– Slepp kniven, slepp kniven!, ropar politimannen, og avfyrer umiddelbart eit skot mot Durham. Han fell til bakken. 

Så skyt politimannen han fem gangar til. 

Durham blir erklært død på staden. 

Dottera skalv av frykt

I naborommet har Durham si dotter gøymt seg, og ho får med seg alt som skjer. I politiavhøyr seinare forklarer ho at ho frykta for livet sitt, og at ho var så redd at ho skalv.

Kvinna, som hadde brote seg inn og gått til angrep på Durham med kniven, kom uskadd frå hendinga. 

 Durhams Facebook-side
DREPEN: Familien til den drepne Brandon Durham krev at politimannen får sparken og blir tiltalt for skytinga. Foto: Durhams Facebook-side

Kritikken haglar no mot politet. Familien til offeret krev at politimannen som skaut blir arrestert.

– Politiet drap ein uskyldig mann som bad om hjelp, seier søstera til Durham, Diane Wright, til CNN.

Durhams dotter seier det er avskyeleg at politiet behandla faren som ein mistenkt i staden for eit offer. 

Fleire liknande tilfelle

Skytinga har igjen sett søkelyset på politiskytinger i USA etter fleire liknande hendingar der politiet har skote dei som har ringt og bedt om hjelp. Mellom anna blei ein 11 år gamal gut skoten i sin eigen heim i fjor etter at han hadde ringt naudnummeret. 

Familien til Durham har hyra advokaten Lee Merritt.

– Brandon stod utanfor sitt eige soverom i berre undertøyet og bad om hjelp, mens gjerningspersonen forsøkte å stikke han med ein svær kniv, seier Merritt. 

Han meiner at politiet ikkje gav Durham ein sjanse sidan dei skaut umiddelbart etter at dei ropte «slepp kniven». 

 Las Vegas Metropolitan Police
TO KNIVAR: Kvinna var væpna med to knivar. Dette er den eine. Foto: Las Vegas Metropolitan Police

Under ein pressekonferanse tidlegare i veka, understreka advokaten også at Durham ikkje utgjorde ein trussel.

– Politiet hadde ingen grunn til å utøve dødeleg makt mot han.

Politimannen meinar derimot at han ikkje gjorde noko gale.

– Dødsfallet er tragisk, men politimannen gjorde berre jobben sin, seier mannens forsvarar, David Roger, til CNN.

Påtalemakta seier dei etterforskar saka, noko som truleg vil ta fleire månader. Politiets spesialeining granskar også hendinga. I mellomtida er politimannen i betalt permisjon.

Kvinna ville ta sitt eige liv

Kvinna som braut seg inn, hadde nyleg møtt Durham på ein datingapp, ifølge politiet. Dei to hadde så inngått eit «uforpliktande forhold». 

Men dagen før han blei drepen, ringde Durham til politiet og sa at kvinna nekta å forlate huset hans. Politiet kom til huset og fekk kvinna til å gå.

Blant politifolka som rykka ut den dagen, var politimannen som enda opp med å skyte Durham dagen etter. Det melder amerikanske medium. 

Kvinna har forklart at ho ønskte å ta livet sitt, og at hennar plan var at politiet skulle skyte ho. 

Ho er no sikta for ei rekke forhold.

Read Entire Article