Trur ikkje Øygard-saka kunne skjedd i dag: – Det er eit før og etter #metoo

2 hours ago 1



– Det hadde neppe gått i dag, seier Line Kolstad Rødseth, generalsekretær i Landsforeningen mot seksuelle overgrep (LMSO).

I 2017, fire år etter Øygard-saka gjekk for retten, slo #metoo som ei bølge inn over Noreg.

Rørsla starta i USA, der kvinner stod fram og fortalde om menn som hadde brukt makta si til å forgripe seg på dei.

Også i Noreg fekk #metoo følger.

– For meg er det eit før og etter, seier Rødseth.

Line Rødseth, generalsekretær i landsforeningen mot seksuelle overgrep

– #Metoo var ein revolusjon, seier Line Kolstad Rødseth, generalsekretær i Landsforeningen mot seksuelle overgrep. Ho meiner yngre generasjonar ser slike maktrelasjonar i eit anna lys, og at dei har mykje større bevisstheit rundt seksuelle overgrep, og kvar grensene går.

Foto: NRK

Rørsla endra alt, meiner ho, og trur Øygard-saka kunne vore avgrensa om det hadde skjedd i dag.

– Fordi det skapte ei så stor kulturendring i samfunnet vårt, i forhold til kva som er greitt og ikkje.

Ingen sa frå

I helga fortalde NRK historia om Lisanne Dijkstra som var jenta i «Øygard-saka». Saka gjekk for tingretten i 2012 og i lagmannsretten i 2013.

Høyr podkasten her:

Lisanne vart kjent med ordføraren i Vågå da ho var 13 år.

Frå den hausten ho fylte 14 og til like før ho fylte 16, var ho med han nær sagt over alt.

På hytteturar, og heime hos han og kona i helger og feriar. Andre gonger fekk ho fri frå skulen for å bli med han på jobbreiser.

en person som står foran et rødt hus

Lisanne Dijkstra vart utsett for fleire overgrep frå ein av landets mest profilerte ordførarar.

Foto: Lars Erik Skrefsrud / NRK

Blant anna til regjeringskontora i Oslo. Da overnatta dei saman på hotell.

Mange vaksne folk såg dei saman ofte. Alt frå nær familie og slekt, til politikarar og folk som jobba tett saman med ordføraren.

Ingen varsla.

  • Også foreldra til Lisanne har reflektert mykje over dette. Les meir her.

Merkbart betre

Lisanne følgde godt med da #metoo kom. Men med delte følelsar.

– Det var så bra at mange offer stod fram og fortalde sine historier. Men eg var berre så redd for at nokon skulle peike på meg. At dei skulle si at «der er ho jenta frå Øygard-saka», seier Dijkstra.

Rødseth i LMSO hugsar tilbake på saka da den hadde som størst merksemd i media.

Spesielt hugsar ho at vener av ordføraren gjekk ut og støtta han. Dei sa det var utenkjeleg at han kunne gjort noko slikt.

– Ein hadde ikkje dei same refleksjonane den gangen. For eksempel om det store gapet som er mellom ein eldre, mektig politikar og ei svært ung jente, seier Rødseth.

Stor endring

Rødseth får støtte av Nina Braathen Hjortdal. Ho var bistandsadvokat for Dijkstra.

Ho seier at saka var tung å gå gjennom for jenta. Ho var 16 år, og skulle forklare seg for ein fullsett rettssal og eit massivt pressekorps.

Da rettssaka kom opp, bad likevel den fornærma om open rett.

– Det var nødvendig for å få godt fram begge sider til allmenta, seier Hjortdal.

Nina Braathen Hjortdal

Nina Braathen Hjortdal var bistandsadvokat for Lisanne Dijkstra. Og i mange andre overgrepssaker etter den. Ho meiner offentlegheita viser større omsorg for ofra etter #metoo. – Det har vorte merkbart betre, seier ho.

Foto: Lars Erik Skrefsrud

Sidan har Hjortdal vore fast bistandsadvokat for Vestre Innlandet tingrett og Eidsivating lagmannsrett.

Ho forklarar at #metoo ikkje endra strafferetten. Og kravet til bevisbyrda er likt.

– Men etter #metoo har eg merka ei stor endring i korleis offeret blir ivaretatt i det offentlege rommet, seier Hjortdal.

Publisert 14.11.2025, kl. 05.15

Read Entire Article