Trump vurderer å trekke USA ut av Nato

1 day ago 4



Det er i eit intervju med den britiske avisa Daily Telegraph at Trump seier at tanken om å trekke USA ut av Nato er «forbi revurdering»

Han kallar forsvarsalliansen ein papirtiger.

– Eg har aldri vore overtydd av Nato. Eg har alltid visst at dei var ein papirtiger. Putin veit også det, forresten, seier Trump til avisa.

Han meiner Nato-landa svikta då dei gav han ei kald skulder då han ville ha hjelp til å opne Hormuzsundet i Persiabukta, etter at Iran stengde sundet som eit svar på Israels og USAs angrep på Iran.

– Vi har alltid engasjert oss automatisk. Ukraina var ikkje vårt problem Det var ein test, og vi var der for Nato. Men dei er ikkje der automatisk for oss.

Bruker det som eit pressmiddel

Trump har hatt eit turbulent forhold til Nato, og har fleire gongar truga med å trekke USA ut av alliansen. Og dette er ikkje tomme truslar, seier USA-ekspert og statsvitar Hilmar Mjelde.

Et bilde av Hilmar Mjeldes fjes

Professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet Hilmar Mjelde.

Foto: Høgskuen på Vestlandet / HV

– Han kom veldig nær å gjere det i 2018, så dette er det ein kontinuerleg fare for, seier han.

Mjelde trur Trump bruker Nato-medlemskapet som eit pressmiddel for å få Nato-landa til å engasjere seg i Midtausten.

– Han prøver å presse allierte land til å hjelpe meir til med å få opna Hormuz igjen, slik han har eskalert retorikken mot Iran for å tvinge dei til forhandlingsbordet.

Starmer avviser

Tysdag kom Trump med kritikk mot Frankrike og Storbritannia for manglande samarbeid.

I tillegg har den amerikanske utanriksministeren Marco Rubio ved eit par høve dei siste dagane også sagt at USA burde revurdere forholdet sitt til Nato når krigen mot Iran er over.

To personer står ansikt til ansikt under en offisiell sammenkomst. Den ene er kledd i mørk dress med rød slips, mens den andre har på seg en lys dress med blå skjorte og slips. I bakgrunnen sees flagg fra USA og et annet land, noe som indikerer en internasjonal kontekst. Det er detaljer fra en dekorert interiørsetting som gir en formell atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

USAs president Donald Trump og Storbritannias statsminister Keir Starmer under ein pressekonferanse då Trump besøkte Storbritannia i september i fjor.

Foto: Leon Neal / Pool Getty,NTB

Men den britiske statsministeren Keir Starmer seier onsdag at han handlar ut frå det som gagnar Storbritannia best, melder Reuters.

– Uansett kva press han legg på meg og andre, og kor mykje bråk han lagar, handlar eg ut frå britiske nasjonale interesser i dei avgjerdene eg tek.

Heller ikkje Frankrike vil la seg presse til å gå inn i krigen i Iran for å opne Hormuzsundet igjen, seier viseforsvarsminister Alice Rufo, ifølge Reuters.

– Nato er ein militær allianse som jobbar med sikkerheit i den euroatlantiske regionen. Det er ikkje laga for å drive med operasjonar i Hormuzsundet, som ville ha vore eit brot på folkeretten.

Vedtok lov i 2023

Kongressen i USA vedtok i 2023 eit lovforslag som skulle hindre at ein president skal kunne trekke landet ut av Nato utan å gå gjennom Kongressen først.

Forslaget blei fremma av den demokratiske senatoren Tim Kaine og noverande utanriksminister Marco Rubio.

Bakgrunnen for lova var at Trump allereie i sin første periode som president sådde tvil om Nato-medlemskapet, og truga med å trekke ut USA.

Men Mjelde trur ikkje dette vil stoppe Trump frå å eventuelt prøve seg.

– Det er ein prosess for dette, men Trump trenger ikkje støtte i Kongressen for å gjere det, sjølv om Kongressen vedtok ei lov. Ho er truleg grunnlovsstridig.

Publisert 01.04.2026, kl. 13.13 Oppdatert 01.04.2026, kl. 13.52

Read Entire Article