Trump sitt budsjettforslag er vedteke

7 hours ago 2



Avstemminga i kongressen er over. Det var eit knapt fleirtal for det omstridde budsjettforslaget, som no er vedteke i Representanthuset.

Gjennomslaget blir sett på som ein stor siger for USA sin president Donald Trump.

No manglar berre Trump sin signatur. Det er forventa at presidenten skriv under forslaget i løpet av fredagen, klokka 23 norsk tid.

Demokratane sin minoritetsleiar i Representanthuset Hakeem Jeffries, talte samanhengande i åtte timar og 45 minutt i eit forsøk på å utsetje røystinga.

Read Entire Article