Trump krev ny atomavtale med Iran: – Tilbodet står ikkje evig

6 hours ago 2



USA åtvarar Iran mot atomvåpen i Midtausten. Ekspertar fryktar regimet bruker samtalane til å undertrykke opposisjon og militær opprusting.

 Alex Brandon/AP/NTB
MIDTAUSTEN-BESØK: President Donald Trump i Saudi-Arabia forlèt Det kongelege slottet etter ei signeringsseremoni med den saudiske kronprinsen Mohammed bin Salman i Riyadh i Saudi-Arabia, tysdag 13. mai 2025. Foto: Alex Brandon/AP/NTB

Publisert 15.05.2025 18:42

President i USA, Donald Trump er på ei firedagars reise i Midtausten for å styrke økonomiske og tryggleikspolitiske band i regionen. Under besøket sitt i Saudi-Arabia i går, understreka han at Iran må inngå ein ny atomavtale, og at «tilbodet ikkje varer evig». 

 Privat
UKLARHEITER RUNDT IRANS ATOMPROGRAM: Shahin Modarres, ekspert innan internasjonal sikkerheitsanalyse. Foto: Privat

Trass fleire forhandlingsrundar i Oman og Roma i vår, verkar avstanden mellom partane større enn på lenge. Ekspertar peikar på at både geopolitiske alliansar og indre politiske behov står i vegen for ein avtale.

– Vi står i realiteten overfor eit «non-starter»-scenario, seier Shahin Modarres, internasjonal sikkerheitsanalytikar i Roma.

Han hevdar at forhandlingane til no ikkje har ført til konkrete resultat, og at regimet i Teheran utnyttar samtalane som ein dekkoperasjon for å undertrykke opposisjonen og styrke det militære forsvaret.

Tilbakegang til avgrensingar

Kjernen i konflikten er Irans atomprogram. USA ønsker ein tilbakegang til avgrensa urananriking, som i den opphavlege atomavtalen frå 2015 (JCPOA), medan Iran hevdar retten til å halde fram med anriking opp til 60 prosent – eit nivå som ligg farleg nær våpenkvalitet.

 – Den islamske republikken ikkje avslører den sanne naturen til atomprogrammet, meiner Modarres.

Han understrekar at Irans atomprogram framleis manglar konkrete sivile føremål.

– Det har enno ikkje vore eitt konkret alternativ. Verken energi, medisin eller landbruk. Så det viser kva atomprogrammet eigentleg er meint for, seier han.

 Iranske missil er utstilte på Luft- og romfartsmuseet til Irans revolusjonsgarde (IRGC) i Teheran, Iran, 15. november 2024.
ARKIVFOTO: Iranske missil er utstilte på Luft- og romfartsmuseet til Irans revolusjonsgarde (IRGC) i Teheran, Iran, 15. november 2024. Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

Kva med det iranske folket?

Eit viktig spørsmål er kva konsekvensar ein eventuell avtale – eller brot – vil få for det iranske folket. 

Modarres meiner at situasjonen i landet er så alvorleg at regimet vil bruke både utanrikspolitikk og undertrykking for å overleve. 

Mahmood Amiry-Moghadam, leiar i Iran Human Rights (IHR), synest at sjølv om menneskerettar ikkje er ein del av atomsamtalane, vil samtalane likevel påverke menneskerettssituasjonen i Iran indirekte.

 Mahmood Amiry-Moghaddam, leiar for den Oslo-baserte NGO-ein Iran Human Rights (IHR), poserer for eit foto utanfor kontoret sitt i Oslo, den 21. september 2022. – Regimet brukar dødsstraff for å spreie frykt når merksemda sviktar, seier han.
DØDSSTRAFF SOM VÅPEN: Mahmood Amiry-Moghaddam, leiar for den Oslo-baserte NGO-ein Iran Human Rights (IHR), poserer for eit foto utanfor kontoret sitt i Oslo, den 21. september 2022. – Regimet brukar dødsstraff for å spreie frykt når merksemda sviktar, seier han. Foto: PETTER BERNTSEN / AFP / NTB

– Når verdssamfunnet berre fokuserer på det geopolitiske, blir det mindre merksemd mot det som skjer inne i landet, og det gjer det lettare for regimet å slå ned på eigen befolkning, seier han.

Ifølgje IHR blei minst 110 personar avretta berre i april. Etter «kvinne, liv, fridom»-protestane i 2022 har talet på avrettingar stige dramatisk – særleg blant kvinner og etniske minoritetar. 

To kurdiske kvinneaktivistar er no dømt til døden. Av dei nær 400 avrettingane i 2025, var over ein tredjedel frå baluch-minoriteten, som berre utgjer 2–5 prosent av befolkninga.

Tidskjøp og diplomatisk stillstand

Ifølgje internasjonale sikkerheitseksperten er Irans strategi no å hale ut tida. Dei håpar å halde forhandlingane gåande utan konklusjon, for å hindre at Europa aktiverer «snapback»-mekanismen som automatisk kan innføre FN-sanksjonar frå JCPOA-avtalen på nytt.

– Vesten har berre til midten av juni på å starte prosessen, seier han og legg til:

– Atomforhandlingane er eit reint diplomatisk «chicken game». USA held att korta, medan Iran dreg ut tida i håp om å unngå sanksjonar, seier Modarres.

 Ei iransk avis med framsidebilete av Irans utanriksminister Abbas Araghchi og USAs Midtausten-utsending Steve Witkoff, sett i Teheran, Iran, 12. april 2025.
ARKIVFOTO: Ei iransk avis med framsidebilete av Irans utanriksminister Abbas Araghchi og USAs Midtausten-utsending Steve Witkoff, sett i Teheran, Iran, 12. april 2025. Foto: Majid Asgaripour / Reuters / NTB

Når den islamske republikken møter vanskeleg situasjonar, handlar dei ofte på to måtar: Auke av trugsmål og vald internt. 

– Kvar gong den islamske republikken finn seg i ein hard situasjon, gjer dei to ting. Dei aukar talet på avrettingar, og dei prøver å generere terror i det løynde, som å gjere attentat i Europa, seier Modarres.

Dette inneber mellom anna at dei aktiverer hemmelege nettverk, slik som i Storbritannia, der iranske borgarar blei arresterte for å planleggje eit angrep på den israelske ambassaden i London.

Israelsk ambassade truleg mål for terrorplan

Midtausten i endering

Midtausten er på randen av eit brestepunkt, meiner Modarres. Land etter land prøver no å vinne att nasjonal kontroll og kvele den såkalla «motstandsaksen» som Iran har bygd opp.

– Libanon prøver å ekskludere Hezbollah frå politikken. I Irak prøver regjeringa å svekke militsar som Hashd al-Shaabi. Og i Syria ser vi endringar etter Bashar Al-assad.

Den islamske republikken har framleis støttepunkt i Jemen, men desse er under press frå både USA og Israel.

– Skulle det bli ein ny avtale med USA, vil Iran truleg forsøke å bygge ein ny versjon av «motstandsaksen». Bruken av proxy-grupper er ein vesentleg del av deira strategi, seier han.

Pisk og gulrot – og skjult russisk hand

USA har nyleg innført nye sanksjonar, samstundes som forhandlingane held på. Dette er ifølgje Modarres eit døme på «pisk og gulrot»-politikk:

– Sanksjonane er pisken. Forhandlingane er gulrota. Dette er ein klassisk diplomatisk strategi.

 VINCENZO LIVIERI / Reuters / NTB
ATOMSAMTALAR IRAN-USA: Politifolk står ved ein av inngangane til den omanske ambassaden, der den andre runden med samtalar mellom USA og Iran finn stad, i Roma, Italia, 19. april 2025. Foto: VINCENZO LIVIERI / Reuters / NTB

Men bak kulissane trekk Russland i trådane, meiner han.

– Russland er den usynlege makta her. Alt vert i praksis stadfesta av Kreml. Iran fungerer som ein russisk satellittstat – militært, energipolitisk og strategisk, seier Modarres.

Menneskerettar må inn i diplomatiet

Amiry-Moghadam meiner det ikkje kan vere fred utan menneskerettar.

– Om Iran hadde hatt eit demokratisk styresett, hadde det ikkje lenger vore ein trussel, seier han og legg til:

– Undertrykkjande regime utan legitimitet blir ustabile og farlege – som Sør-Afrika før apartheid fall.

 ARASH KHAMOOSHI/ AFP/ISNA/NTB
LIV ELLER DØD: Scener frå førebuingane til ei avretting i Nord-Iran. Tenestemenn strammar løkka. Foto: ARASH KHAMOOSHI/ AFP/ISNA/NTB

Han meiner land som Norge har eit ansvar, nettopp fordi dei ikkje er stormakter:

– Når dei store ser vekk, kan dei små spele ei nøkkelrolle. Det må vere klart: Ingen fred utan menneskerettar.

Read Entire Article