Hadde Saddam Hussein-plakatar på guterommet og kasta kebabspyd på søstera

9 hours ago 7



Dom i Oslo tingrett:

Ung mann dømd for langvarig mishandling av mor og to søstrer. Han kjem truleg til å anke.

 Frode Sunde / TV 2
DØMD: Ein 18 år gamal mann er dømd for psykisk og fysisk mishandling av mor og to søstre gjennom fleire år. Foto: Frode Sunde / TV 2

Publisert 15.05.2025 23:13

Oslo tingrett skildrar eit regime prega av frykt for dei tre kvinnene i familien til den unge mannen.

Tiltalen som var tatt ut mot han handla om psykisk og fysisk vald frå juni 2021 til desember 2023. 

Forhold som familien har forklart seg om før juni 2021, er lagt vekk fordi han då var under 15 år.

Omfattande

Familien kjem opphavleg frå Irak, men dei to fornærma søstrene og den no dømde broren er alle født i Noreg. 

Mor og far er skilt, noko sonen skal ha vore sterkt i mot. Det er difor mora som er blitt utsett for dei mest alvorlege krenkingane gjennom fleire år, skriv tingretten.

Den omfattande dommen skildrar vald som slag i ansiktet, hovudet og kroppen, og dessutan spark, lugging og kvelartak. I desember 2023 skal han ha dytta mora ned på golvet, tatt golvteppet over henne og sett foten over hovudet hennas.

Ved fleire høve skal han ha truga både mora og søstrene med at han skulle drepe dei. 

Plakatar på guterommet

Den psykiske valden handlar mellom anna om at sonen sa til mora at «du er en hore» og «du skaper anledninger til å snakke med menn». 

Mora fortalde i retten at sonen hennar vart frekkare i tonen dei gongene ho kommenterte synet hans på kvinner og religion. Ho meiner sonen viste sunniekstremistiske haldningar og støtte til Saddam Hussein.

Dette nekta han for. Plakatane av den gamle Irak-diktatoren hadde han på rommet sitt fordi han var interessert i historie, fortalde han retten.

 Darko Bandic / AP / NTB
SADDAM HUSSEIN: Var president i Irak frå 1979 til 2003 og var lenge ein av verdas mest frykta diktatorar. Her er han sint under ei rettsak mot han i 2006. Same år vart han henretta. Foto: Darko Bandic / AP / NTB

Reiv i stykker studiar

Han er også dømd for å ved fleire høve ha kasta ting rundt i huset, som tallerkar, glas og planter, som mora og døtrene så måtte rydde opp.

Under ein krangel med ei av systrene i 2023, kasta han, ifølge ho, eit kebabspyd etter henne. Det trefte ryggen hennar og ho byrja å blø.

Her blir tilfeldige barn angrepet av andre barn

Ho skal tidleg ha opplevd at broren ville bestemme over ho. Det skal ha eskalert etter ein tur til Irak i 2019. Han ville forby henne å snakke med gutar på skulen og kalla ho dagleg for «hore».

«Han mente også at hun som kvinne ikke skulle studere eller være selvstendig [ …] og rev i stykker notater da hun forsøkte å lese til prøver», siterer dommen frå systera sin forklaring.

«Aldri hans skyld»

Han nekta straffskuld, men innrømma likevel at det hadde vore høgt konfliktnivå i heimen i mange år. 

Dommarane i Oslo tingrett skriv at «selv om tiltalte langt på vei erkjenner jevnlige psykisk og fysiske krenkelser mot mor, er et gjennomgående trekk ved forklaringen at det aldri var hans skyld».

Den ungen mannen fortalde altså retten at han var sterkt imot skilsmissa mellom foreldra, men at det ikkje var slik at mora ikkje fekk ha besøk. 

Det måtte «imidlertid avtales, og besøket kunne ikke bli for sent».

Vil stramme til overfor unge lovbrytere: – Får terrorisere folk

Delt om straff

Retten har delt seg i straffeutmålinga. 

Fleirtalet har «under en viss tvil» komne fram til at ein del av straffa bør setjast som samfunnsstraff. Mellom anna fordi eit lengre opphald i fengsel vil gjera vondt verre for tiltalte sin åtferd.

Difor blir den unge mannen dømd til 60 dagar fengsel og 360 timar samfunnsstraff. Mannen skal få tilbod om sinnemeistring og konflikthandtering.

Han får heller ikkje kontakte mor eller søstrer på tre år og må totalt betale 300.000 kroner i oppreisning til dei tre.

– Vi noterer oss at straffutmålinga er langt unna aktoratet sin påstand. Men vi vil truleg anke straffutmålinga likevel, skriv forsvarar Bjørn Rudjord til TV 2.

Read Entire Article