– Trump har fått kalde føter

5 hours ago 5



– Trump har gitt seg på så godt som alle punkt. Kostnadane var for store.

Det seier sjeføkonom i Sparebank 1 Markets, Harald Magnus Andreassen.

USA har nettopp kunngjort at dei har skrive under ein avtale med Kina.

I den nye avtalen har tre hovudpunkt:

  • Varer frå Kina til USA går frå 125 til 30 prosent toll.
  • Varer frå USA til Kina går frå 145 til 10 prosent toll.
  • Avtalen varer i 90 dagar.

Andreassen meiner USA ville få mangel på mange typar varer dersom dei ikkje endra tollsatsane.

– Denne avtalen er godt nytt for økonomien i USA og amerikanske forbrukarar, men også for heile verdsøkonomien, seier han.

Harald Magnus Andreassen i dress

Sjeføkonom i Sparebank 1 Markets, Harald Magnus Andreassen

Foto: Eirik Pessl-Kleiven / NRK

Sjeføkonom i DNB Carnegie, Kjersti Haugland, meiner tollnivået var så høgt at avtalen har tvunge seg fram.

– Med over 100 % toll var det i praksis ikkje handel mellom landa. Over tid ville varer blitt sendt via omvegar, men også det ville gjort ting dyrare.

Både Andreassen og Haugland omtalar avtalen som «leveleg».

– Etter denne avtalen kan det bli handel, men også med 30 % toll blir kinesiske varer mykje dyrare for folk i USA, seier Haugland.

Renter

Kjersti Haugland er sjeføkonom i DNB Carnegie, som tidlegare heitte DNB Markets. Meklarhuset lanserer sitt nye namn i dag etter oppkjøpet av svenske Carnegie.

Foto: William Jobling / NRK

DNB Carnegie sine analysar er at det verste er bak oss. Dei trur det blir mindre turbulent i tollpolitikken framover.

– Mykje tyder på at Trump har fått kalde føter. Inntrykket er at han gjekk ekstremt hardt ut for å skape mest mogleg press i forhandlingane. Eg trur framleis Trump står fast ved å bruke toll som verkemiddel, men at dei vil unngå ekstremt høge tollsatsar.

Ny 90-dagars avtale

Begge økonomane trekker fram at der er negativt at avtalen berre varer i 90 dagar.

– For alle som skal planlegge, så er jo det dårleg nytt. Denne avtalen signaliserer at det kan kome tollsatsar på levelege nivå, men den varar berre tre månader og mange punkt er uavklara, seier Andreassen.

Også tollpausen som Trump innførte i april varer i 90 dagar.

– Det er mykje fram og tilbake rett og slett. Ein permanent avtale ville vore betre. No får vi ei lita pause i både den eine og den andre tollsatsen, men vi kan ikkje vite kva som ventar rundt neste sving, seier Haugland.

Kjersti Haugland, mener tollpausen mellom USA og Kina er eipositivt teikn, men understrekar at mykje fremdeles kan endre seg mellom dei to landa.

Publisert 12.05.2025, kl. 10.27 Oppdatert 12.05.2025, kl. 10.51

Read Entire Article