Trondheimarane skal få velje mellom privat eller kommunal heimeteneste

1 week ago 14



Me gjer dette fordi me er heilt avhengige av alle krefter for å sikre ein god eldreomsorg i framtida.

Det seier byrådsleiar i Trondheim, Kristian Dahlberg Hauge (H) til NRK.

Frå 1. januar 2025 får pasientane i Trondheim sjølv velje om dei vil ha hjelp frå privat eller offentleg heimeteneste.

– Innføringa av fritt brukarval er verken dyrare eller billigare enn dagens ordning. Men det sikrar at alle som har behov for hjelp i større grad kan velje tenester som passar dei best, legg byråd for helse og omsorg Merethe Baustad Ranum.

Avgjerda i Trondheim står i strid med ein rapport levert til regjeringa i førre veke.

Rapporten peiker på korleis ein kan fase ut private leverandørar av velferdstenester, men i Trondheim vil dei no invitere dei private inn.

– Det går baklengs inn i framtida

Avkommersialiseringsutvalet har sidan august 2022 sett på korleis kommersielle aktørar kan fasast ut av offentlege og skattefinansierte velferdstenester.

Det regjeringa har bestilt gjennom utvalet går baklengs inn i framtida med ideologiske skylappar, seier byrådsleiaren i Trondheim.

Utvalet som har levert rapporten blei sett ned som følge av regjeringa sitt budsjettforlik med SV hausten 2021.

Me kjem ikkje med konkrete forslag, men me seier at viss dette skal gjerast, er det gode måtar å gjere det på, sa utvalsleiar Jan-Erik Støstad på Dagsnytt 18.

I rapporten skriv altså utvalet at det er mogeleg å fase ut kommersielle aktørar i velferdssektoren, dersom det politisk vilje til det.

– Det er eit samfunn me ikkje ønsker oss her i Trondheim, kommenterer Ranum.

Men SV-leiar Kirsti Bergstø er godt fornøgd med rapporten.

– Me har lenge hatt eit mål om å fase ut dei kommersielle i velferda for at pengane ikkje skal forsvinne ut i profitt. Men det er et politisk spørsmål, seier Bergstø til NTB.

Bergstø meiner rapporten gjev ei fagleg vurdering på korleis nettopp dette kan skje.

– Føremålet med å dekke grunnleggande behov for omsorg, opplæring, helse og tryggleik og det står i sterke kontrast til kommersielle behov.

– Legg rapporten i ein skuff

I Trondheim er dei ikkje einige med innhaldet i rapporten.

– Me meiner innhaldet i utgreiinga peiker på eit samfunn me ikkje ønsker oss. For å levere gode tenester til innbyggarane, særleg i tider der me har ei aldrande befolkning, er me avhengige av å ta alle gode krefter i bruk, seier helsebyråden.

Og det er ikkje berre i Trondheim det ikkje er politisk vilje til å fase ut dei kommersielle aktørane.

– Det verkar som om analysane er tatt rett ut av Støre-regjeringa sine talepunkt utan at det bygger på grundige utgreiingar.

Det skriv nestleiar i Høgre Tina Bru, som ikkje er fornøgd med utvalet sine konklusjonar, i ein e-post til NRK.

– Eg ber Støre-regjeringa legge rapporten i ein skuff, legg Bru til.

Også i utvalet som har lagt fram rapporten var det forskjellige meiningar om private leverandørar av velferdstenester.

Har du leverandørar med profittmål inne er det risiko for at det fører til kunnskapsovertak, sa utvalsleiaren.

NHO sin representant i utvalet, Nils-Ola Widme, meiner private aktørar kan brukast til å skape forbetring i tenestene.

Sjå resten av debatten mellom dei to frå Dagsnytt 18:

I Dagsnytt 18 førre veke diskuterte utvalsleiar, Jan-Erik Støstad, og NHO sin representant i utvalet, Nils-Ola Widme, funna i rapporten.

Publisert 04.09.2024, kl. 06.43

Read Entire Article