Bård og Vegard Ylvisåker har hatt ei suksesskarriere sidan tidleg på 2000-talet.
Fleire i Melodi Grand Prix-miljøet har tippa at dei ville delta i årets konkurranse, men slik blir det altså ikkje.
Det er Ylvis sjølv som melder dette på Instagram fredag. Der skriv dei blant anna:
– I år var planen vår å delta i MGP. Vi hadde laga ein låt og eit konsept vi tenkte kunne passe bra perfekt i MGP-samanheng, skriv Ylvis fredag ettermiddag.
Sa frå seg plassen
Dei viser til at dei gjorde det klart for NRK tidleg i prosessen at dei ikkje ønska å stå på same scene som Israel.
Dei hadde håpa at EBU ville utestenge Israel frå Eurovision.
– Då det i desember blei klart at dette ikkje ville skje, såg vi ingen andre moglegheiter enn å seie frå oss plassen i årets konkurranse, skriv Ylvis.
Prosjektleiar for MGP i NRK, Mads Tørklep, bekreftar at dialogen har funne stad, men avdramatiserer situasjonen.
– Vi jobba med gutane med ein intensjon om at dei skulle delta, men landa aldri noka avtale og gjekk kvar til vårt tidleg i desember, seier Tørklep.
Ylvis la ut dette innlegget på Instagram fredag.
Foto: InstagramLansering måndag
Han legg til at dette er ein del av gamet i bransjen.
– Dette skjer frå tid til anna. Vi håpar vi kan ta opp att samtalane ein annan gong.
Sjølv om avtalen meds Ylvis ikkje gjekk i boks denne gongen, ser Tørklep lyst på den kommande artistlanseringa.
Neste veke skal sløret lettast for årets deltakarar.
– No gler vi oss til å vise fram eit vilt bra lag med artistar neste veke. Totalt 16 namn skal presenterast i løpet av måndag og tysdag, seier Tørklep.
MGP-sjef Mads Tørklep.
Foto: Javad Parsa / NTBLanseringa blir sendt direkte i NRK TV og på NRK.no.
Rosar musikksjefen
Tørklep nyttar høvet til å skryte av arbeidet til MGP sin framleis ferske musikksjef, Tarjei Strøm.
– Det er eit skyhøgt nivå. Der er det både unge nykommarar og store verdsstjerner som skal ta Noreg med storm denne vinteren.
Det har vore mykje diskusjon både her i landet og internasjonalt om at Israel skal delta i årets Eurovision.
Årets finale i MGP blir halden i Håkonshall på Lillehammer laurdag 28. februar og Mads Tørklep lovar eit storslått show – også utan Ylvis.
«The Fox» er brørne sin desidert største internasjonale suksess.
Foto: Halvor Farsund Storvik / NRKPublisert 16.01.2026, kl. 16.29 Oppdatert 16.01.2026, kl. 16.50













English (US)