Reiselivsselskapet Romsdalen AS vil bygge 3,3 km med zipline tvers over fjorden i Rauma.
Prosjektet har møtt stor motstand frå lokalbefolkninga. No trekker selskapet forslaget før det er vurdert av kommunestyret.
– Eg vil gi honnør til Romsdalen AS. Det gir ro til heile Raumasamfunnet, seier TV-profil og lokalpolitikar, Gaute Grøtta Grav, som er blant dei som har protestert mot planane.
Frå desse punkta skulle ziplina gå.
Feil spor i debatten
Forslaget skulle opp til behandling i kommunestyret i Rauma torsdag ettermiddag. Dagleg leiar Kenneth Enæs-Hanssen seier dei trekker forslaget fordi diskusjonen har gått inn på feil spor.
– Diskusjonen har hamna på eit feil spor og baserer seg på uriktige og udokumenterte påstandar, seier Enæs- Hanssen.
Han grunngir dette med at diskusjonen har handla om å ha zipline eller ikkje, før forlaget blei konsekvensutgreia.
Selskapet har god erfaring med at inngrep i naturen skaper splid. Dei står bak gondolbana på Åndalsnes, som i si tid også skapte stor konflikt blant lokalbefolkninga.
– Den gong tillèt kommunen ei konsekvensanalyse før ein presenterte eit ferdig prosjekt. I dette tilfelle ønska ein å basere ei avgjerd på kjensler heller enn kunnskap, seier han.
No vil selskapet sjølv hente inn meir kunnskap før dei kjem med nytt forslag til zipline.
Kenneth Enæs-Hanssen vil prøve på nytt seinare.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRK– Veldig dårleg idé
Realityprofil og høgrepolitikar Grav tidlegare hevda at Høgre la press på at han skulle stemme ja til prosjektet. No er han glad for at Romsdalen AS trekker forslaget.
– Det er ikkje ein god nok idé slik den er. No skal dei ta eit steg tilbake. Eg ønsker dei lykke til.
Grav er ikkje mot ei zipline i seg sjølv, men er kritisk til utforminga av dette prosjektet. Han seier at ei konsekvensutgreiing ikkje ville endra dette, men heller skapt uro i lokalbefolkninga.
– Dette var eit typisk eksempel på ein veldig dårleg idé. Berre det at landingsstaden var 30 meter frå eit fuglereservat, og at linja skulle gå over ein av dei mest ikoniske fjordane i Noreg, seier han.
Gir ikkje opp
Romsdalen AS gir ikkje opp håpet om å lage zipline i turistbygda. Kor tid eit slikt forslag kjem, vil han ikkje gå inn på. Selskapet seier eit nytt forslag vil innehalde meir informasjon om potensielle positive ringverknader.
– Er det noko du skulle ønske dokker hadde gjort annleis no?
– Det er klart det er uheldig å måtte trekke ein sak, men vi har ikkje nokon vidare tankar om det, seier Enæs-Hanssen.
Romsdalen AS går tilbake på teiknebordet.
Foto: Øyvind Berge Sæbjørnsen / NRKPublisert 06.11.2025, kl. 12.03 Oppdatert 06.11.2025, kl. 12.27


















English (US)