Rekord for skrivekunst: – Viktig i kampen mot KI og TikTok

1 hour ago 1



Aleine på eit loft i ei lita bygd i Sogn og Fjordane ser Marius Moldvær utover eit titals tynne papirbunkar.

Dei ligg spreidd på sofaen og opp etter veggen, fylde med personskildringar og kapittel.

Bilder frå Jakob Sande-senteret

Marius Moldvær bur i Jakob Sande-residensen i to veker for å jobbe med Romanen sin.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

På sofabordet ligg den raude pennen han brukar til å rette opp i teksten.

– Det ser kanskje ut som eit kaos, men det er eit veldig nøye 8-år-med-høgare-utdanning- system.

Bilder frå Jakob Sande-senteret

Her er eit lite utsnitt av papirbunkane Marius Moldvær har skrive romanen sin i.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Ein roman er under arbeid.

Marius har budd her i ei veke og skal bu her i ei til. Før neste person stig inn i diktarheimen.

Eldste i landet

I bygda Dale i Fjaler kommune ligg Noreg sitt eldste nasjonale senter for forteljekunst, Jakob Sande-senteret.

Nyleg sette dei rekord i tal søkjarar til å bu i residensen til den avdøde diktaren Jakob Sande, mest kjend for julesongen «Det lyser i stille grender».

Her kan kunstnarar bu, skrive og hente inspirasjon i heimen til ein av landets største diktarar på 1900-talet.

Bilder frå Jakob Sande-senteret

Den kjende diktaren Jakob Sande held til i Fjaler og skreiv ein rekkje dikt, songar og bøker.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

– Her er det meg og teksten. Her kan eg spreie ut «systemet» eg har i hovudet og produsere, forklarer Moldvær.

Senteret vart etablert i 2020, men allereie i 2017 kom dei første gjestene til garden.

Den gongen var dei tre.

Denne rekordhausten søkte 35 kunstnarar om å få bu i residensen til neste år.

Portrett av Rakel Solheim

Dagleg leiar på Jakob Sande-senteret, Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim, jobbar i etasjen under residensen, saman med resten av senteret.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Dagleg leiar, Rakel Cecilie Wilhelmsen Solheim, er svært nøgd med søkartala.

– Vi ser at mange stemmer kan utvikle seg her i Fjaler, og så vekse fritt ut i verda. Spesielt i den verda vi lever i dag, med auka polarisering og falske nyheiter.

Ei bølgje over landet

Ein liknande oppsving finn ein på Skrivekunstakademiet i Bergen, det mest etterspurde utdanningstilbodet i landet på skrivekunst og skjønnlitterær skriving.

I 2025 var det 202 søkjarar til eit studium som tek inn 12 elevar. Gjennom akademiet si 40 år lange historie er dette ny rekord.

Amanda, Jakob og Erle på Skrivekunstakademiet i portrett

– Akademiet har mykje å sei for litteraturmiljøet i Noreg, seier Erle Maloney Ehnebom (t.h.). Dei var tre av rekordmange 202 søkjarar til årets kull. Frå venstre: Amanda Torsteinsdatter Hersvik, Jakob Bjørnøy og Erle Maloney Ehnebom.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Også Universitetet i Tromsø sine forfattarstudium nådde ein søkartopp med 149 søkjarar frå 2024.

Samtidig finst det titals residensordningar på landsbasis og stadig nye kjem til. Den nyaste tilveksten er Fosse-stiftinga. Dei lyste i år for første gong ut gjestekunstnar-opphald i Jon Fosse sin barndomsheim i Hardanger.

I Innlandet har ein som einaste fylkeskommunen i landet ei eiga støtteordning for kunstnardrivne kunstnarresidensar. Her får 19 registrerte residensar økonomisk støtte.

Elevane på Skrivekunstakademiet i Bergen trur institusjonen kan spele ei viktig samfunnsrolle.

Kanskje folk trenger noko anna i ei tid der alt følast håplaust. Klimakrise, folkemord, gryande fascisme her og der. Det er fint å vende tilbake til noko som følast ekspanderande, sant, djupt og viktig, seier Amanda Torsteinsdatter Hersvik.

Amanda Torsteinsdatter Hersvik i portrett

Amanda Torsteinsdatter Hersvik er ein av tolv elevar ved Skrivekunstakademiet i Bergen dette året.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

Motvekt mot KI og usanningar

– Forteljarkunsten er like viktig for oss menneske som det er å puste.

Det forklarar Gunnstein Akselberg, språkprofessor ved UiB og Linda Eides språkmakker i ei årrekkje i NRK-programmet «Eides Språksjov».

At ei slik interesse skulle melde seg på midten av 2020-talet trur han heng saman med trugande teknologi.

Gunnstein Akselberg ser ut i rommet med ei avis framfor seg

Språkprofessor Gunnstein Akselberg forklarar at forteljarkunsten er noko av det viktigaste vi har som menneske.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

– Dei fleste har omfamna KI heilt ukritisk. Før vi lærer oss korleis vi skal bruke den riktig, vite kva som er sant og ikkje, vil den vere ein trussel mot forteljingane.

Og retorikken i politikken.

– Statsmenn snakkar om atomkrigar i underhaldningsprogram.

Når ein får slike perspektiv leiter folk etter ei forståing.

– Då oppstår det ei interesse om eit reiskap for å få innsikt og kunnskap, om ei verd som har vore og ei verd som er, og om den i det heile vil fortsette å vere. Og der kjem forteljarkunsten inn.

Marius Moldvær som sit på ei seng og les ei bok

I dette hjørnet sit Marius Moldvær for å lese bøker og slappe av når han er i residensen.

Foto: Fredrik Kårstad Lilleaasen / NRK

– Blir nok ikkje ferdig

På loftet i Dale er Moldvær takknemmeleg for moglegheita han får her.

Verda treng historier no, meir enn nokon gong, seier han.

– Eg trur det aldri har vore viktigare enn no og håpar eit stort mangfald av personar kan komme hit. Tenk kor mange viktige forteljingar det kan bli.

Romanen hans kjem ikkje til å bli ferdig her. Men eit mål har han:

– Dette manuset skal vere i betre stand enn det var når eg kom hit.

Publisert 25.12.2025, kl. 16.51

Read Entire Article