Tre sikta etter 17. mai-vald i Bergen

3 hours ago 4



Det opplyser politiadvokat Linn Mari Søfteland til NRK.

Ein person har status som mistenkt i saka.

– Det står att avhøyr av den som framleis har status som mistenkt.

Valdsepisoden har fått mykje merksemd fordi han blei filma og delt både i media og på sosiale medium. Videoen viser at fire mindreårige gutar slår og sparkar ein blåruss.

Politiet har avhøyrt dei tre sikta, den fornærma og to vitne. Søfteland ønskjer ikkje å gå i detalj på kva som har skjedd før videoen startar.

– Ut frå forklaringane så skjer det noko før videoen startar. Det er ulike forklaringar på opptakta til valden både frå fornærma, vitne og mistenkte, men det me ser på videoen er på ingen måte greitt.

Fleire melde til politiet for identifisering av mistenkte

Leiar av justiskomiteen, Jon Helgheim (Frp) delte eit usladda bilete av valdshendinga på facebooksida si. To av forsvararane har meldt han til politiet for dette.

Dei melde også fleire andre for deling og identifisering, og viste til at fleire også har delt personopplysingar som namna til dei involverte.

Søfteland kjenner ikkje til statusen for desse politimeldingane.

Ein av dei mindreårige har fortalt at han har fått drapstruslar mot seg. Forsvararen hans, Jørgen Riple, omtalte det då som «svært uheldig» at folk bidrog til identifisering av ein mindreårig utan å ha heile biletet av kva som har skjedd.

– Min klient er ein mindreårig gut som på ingen måte er del av ein gjeng. Han er ein gut som ikkje har vore med i liknande hendingar tidlegare og som no ikkje har sove sidan 17. mai, i frykt for tryggleiken for seg sjølv og familien, sa han fire dagar etter hendinga.

– Ikkje ein rettsstat verdig

Det har også blitt hengt opp plakatar i Bergen med bilete og namn på gjerningspersonane.

Ordføraren i Bergen, Marit Warncke, har uttalt seg om saka.

– Kva er hensikta med å henga opp plakatar med bilete og namn utover å villa skapa ein gapestokk, eller ville gjengjelda?

Ho kalla det som skjer i Bergen for «lynsjestemning».

– Slike handlingar skapar ei lynsjestemning i byen vår som me ikkje vil ha, og som ikkje er ein rettsstat verdig.

Publisert 01.06.2026, kl. 09.39 Oppdatert 01.06.2026, kl. 09.58

Read Entire Article