Trappene blir fleire, men retnings­linjene manglar

1 month ago 25



Reiselivsprofessor ved Universitetet i Tromsø, Arvid Viken meiner det har blitt for mange sherpatrapper.

– Det blir så mange at trappene i seg sjølv ikkje lengre er ein attraksjon, seier han.

Viken er ein av mange som har bite seg merke i at Noreg har blitt hekta på å legge til rette turstiar med steintrapper.

– Dei er over alt, men dei blir brukte og trafikken aukar betydeleg stort sett over alt med desse trappene.

Ingen oversikt eller retningslinjer

NRK fortalde tidlegare i sommar om dei mange sherpatrappene som er under bygging.

Ingen veit kor mange sherpatrapper som finst i Noreg, eller kor mange som er planlagde.

Men ei oppteljing NRK gjorde viser at det på få år er bygd nær 400 trappe-stiar i landet. Berre dei siste to åra har Miljødirektoratet og NVE til saman vurdert kring 50 søknader.

Det er ingen overordna krav som sherpatrapper må innfri.

Det er grunneigar og den enkelte kommune avgjer om ein skal bygge ei slik trapp eller ikkje. Miljødirektoratet og NVE gir råd med tanke på skred, vassføring, dyrevern, parkeringskapasitet og naturvern.

– Kommunen gjer den endelege vurderinga. Er det ein dispensasjon, skal fordelane med tiltaket vere større enn ulempene etter ei samla vurdering, seier Ole-Jakob Sande, arealplanleggar i NVE.

Trenger klare grenser

Stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V) ser behovet for nasjonale retningslinjer, som set klare grenser for kvar sherpatrapper kan og ikkje kan byggast og kor omfattande byggverka skal vere.

Muntlig spørretime på Stortinget

– Det er i utgangspunktet positivt at det blir lagt til rette for friluftsliv og fjelliv, men det skal ikkje vere slik at det blir bygd overalt i fjellheimen vår, seier stortingsrepresentant Alfred Bjørlo (V).

Foto: Annika Byrde / NTB

Han vil ta det opp med klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

– Når vi ser at dette held på å ta av så pass mykje som det gjer, og det nesten blir ei slags motebølgje, så trur eg det er ein god idé med nasjonale retningslinjer, seier Bjørlo.

Venstrepolitikaren meiner ein må finne ein balanse mellom å legge til rette for at folk kan ferdast i naturen og samstundes bevare urørt natur.

– Skal det vere slik at normalen er at det må vere ei trapp for at folk skal gå på fjellet, er vi litt ute å køyre. Målet skal ikkje vere å ha menneskeskapte byggverk overalt i villmarka, og at kvart fjell skal ha ei sherpatrapp, seier han.

Synest du det er for mange sherpatrapper?

Fryktar øydeleggingar

Ein del sherpatrapper inneber betydelege inngrep i naturen. Enkelte stader brukar ein heller ikkje lokal stein, men fraktar den inn med helikopter.

Seniorrådgjevar på verneområdeseksjonen i Miljødirektoratet, Hege Husby Talsnes, meiner difor at kommunane må tenkje seg nøye om.

Torgeir Nergaard Berg, Den Norske Turistforening (DNT)

– Tilrettelagde steintrapper kan bidra til å bevare naturlege område, ved å kanalisere trafikk og minimere skade på sårbare område. Dei kan også gjere stiar meir motstandsdyktige mot klimaendringar, seier Torgeir Nergaard Berg i DNT.

Foto: Den Norske Turistforening (DNT)

– Det er essensielt at tilrettelegginga står i forhold til behovet, og at ein ikkje legg til rette meir ein nødvendig. Overdriven tilrettelegging kan føre til unødvendig øydelegging av naturen, seier ho.

Samstundes gir større folkemengd behov for tilrettelagd parkering, eventuelt matservering og overnatting, seier Torgeir Nergaard Berg, rådgjevar for hytte- og rutearbeid i DNT.

– Det kan også ha negative effekt på dyrelivet, og freiste uerfarne folk høgt til fjells, seier han.

Naturvernforbundet: – Ta det litt roleg

Ei undersøking Odd Lennart Vikene og Jostein Rønning Sanderud, gjorde blant 22 turgåarar på Nordvestlandet viser at det også blant turgåarane er blanda kjensler for sherpatrappene.

Fleire trekkjer fram at mindre gjørmete og meir komfortable stiar gir ei betre turoppleving. Andre fortel om ei meir monoton og anstrengande oppleving.

Leiar i Naturvernforbundet, Truls Gulowsen meiner at sherpatrappene byrjar å nærme seg eit mettingspunkt. Trappene må byggjast der dyrelivet og naturen toler det.

– Vi må lære av fordelane og ulempene ved trappene som allereie er bygde. Vi bør ta det litt roleg, særleg etter det kraftige «trapperushet» vi har sett dei siste åra, seier Gulowsen.

Truls Gulowsen

Truls Gulowsen er ikkje imot all tilrettelegging, men meiner framtidige sherpatrapper bør hauste erfaring frå etablerte.

Foto: Eivind Molde

Publisert 13.08.2024, kl. 17.02

Read Entire Article