To utanlandske turistar henta ut - sto fast i snø og skodde

20 hours ago 1



Eit redningshelikopter har like før klokka 17.30 klart å hente ut to utanlandske menn som sto fast i fjellet mellom Rametinden og Jønshornet.

Dei to har sjølv meldt frå at dei treng hjelp, men dei skal vere uskadde.

No blir dei flogne til flyplassen i Ørsta/Volda.

Kort tid før dei blei berga ut, opplyste politiet at dei sto fast i snøen.

– Det er snø der dei står, og det synest det er for utfordrande å komme seg opp eller ned, sa operasjonsleiar Tove Holst-Dyrnes ved Møre og Romsdal politidistrikt.

Politiet visste då ikkje kor godt utstyrte dei to var, men sa dei har vore på ein lengre tur i fjellet.

Frivillige frå Røde Kors og klatrarar frå Norske alpine redningsgrupper deltek også i aksjonen.

Det er lågt skydekke og skodde på Sunnmøre søndag ettermiddag.

Dei to sit fast mellom Rametinden og Jønshorn i Ørsta på Sunnmøre.

40 meters sikt

Hovudredningssentralen for Sør-Noreg leiar no aksjonen. Lågt skydekke gjer at det er vanskeleg å kome til.

HRS opplyste tidleg at det var utfordrande verforhold.

– Veret er utfordrande, det ligg skodde og lågt skydekke. Pilotane har sjølv meldt at dei har 40 meter sikt, sa vakthavande redningsleiar Cecilie Øversveen like etter klokka 16.

Ho sa då at alternativet er å sende inn bakkemannskap, men at det kan ta opp mot fire timar å kome seg opp i området. Ho meiner det ikkje er mogleg for dei to turistane å kome seg ned ved hjelp av eigen maskin.

– Det er både føret og sikta som er problemet deira, seier ho.

Skjermdump frå Flightradar24

Redningshelikopteret ligg rett over fjellområdet klokka 17.14. Det viser Flightradar24.

Illustrasjon: NRK

Svært krevande tur

Både Rametinden (1198 moh) og Jønshornet (1419) ligg i eit populært turområde i sunnmørsalpane. Turen til Jønshornet via Rametinden blir skildra som ein svært krevande tur, ifølgje ut.no.

Publisert 31.05.2026, kl. 16.00 Oppdatert 31.05.2026, kl. 17.34

Read Entire Article