To nye gislar slopne fri i Gaza

11 hours ago 2



Laurdag skal Hamas og Israel ha ei ny overlevering av gislar og fangar, som del av våpenkvileavtala.

Direktebilete frå staden laurdag morgon viser to gissel vert overleverte til Røde Kors i Rafah.

Ifølge Reuters er det Tal Shoham og Avera Mengisto.

På bileta kan ein sjå at dei to vert tekne ut av ein bil, før dei vert følgde opp på ei scene. Deretter vert dei frakta inn i Røde Kors-bilar.

Like etter klokka 9 stadfestar Det israelske militæret (IDF) at dei har teke imot to gislar frå Røde Kors, skriv Reuters.

Desse skal sleppast fri laurdag

Hamas seier at dette er gislane som skal sleppast fri laurdag:

  • Eliya Cohen
  • Omer Shem Tov
  • Tal Shoham
  • Omer Wenkert
  • Hisham al-Sayed
  • Avera Mengisto

Til gjengjeld skal Israel sleppa fri 602 palestinarar, ifølge nyheitsbyrået AFP.

Planen er at Røde Kors skal henta to gislar i Rafah og fire andre sentralt på Gazastripa, skriv NTB.

Massivt oppbod

Bilete frå staden viser særs mange væpna Hamas-soldatar ved overleveringa i Rafah.

Der heng òg propagandaplakatar med mellom anna bilete av israelske soldatar.

Stor vei med folkemengde og flere biler i forbindelse med overlevering av gisler i Gaza

Mange menneske har møtt opp i samband med gisseloverleveringa. Blant dei er det mange Hamas-soldatar.

Foto: Mohammad Abu Samra / AP/NTB

Hamas seier laurdag at dei er klare til å gå vidare til fase to av våpenkvileavtala, skriv nyheitsbyrået Reuters.

Del av våpenkvileavtala

Dette er den siste utvekslinga av gislar og fangar i fyrste fase av våpenkvileavtala mellom Hamas og Israel.

Nøyaktig kva som står i avtala, er ikkje offentleg kjent. Fleire utanlandske medium har likevel kjeldeopplysingar på kva som står der.

I fyrste fase av avtala skal:

  • 33 israelske gislar sleppast fri
  • 30 palestinske fangar skal sleppast fri for kvar frigitte gissel. 50 palestinske fangar skal sleppast fri for kvar kvinnelege israelske soldat som vert sett fri.
  • Israel skal gradvis fjerna styrkane sine frå folkesette område i Gaza, men skal framleis ha kontroll på grensa mellom Gaza og Egypt.
  • 600 lastebilar med naudhjelp skal sendast inn i Gaza dagleg.

Vil du lesa meir om våpenkvileavtala og dei neste fasane?

Israelarar feirar

Fleire israelarar har samla seg på ein plass i Tel Aviv, som etter kvart har vorte døpt om til Gisselplassen.

Der feirar dei frisleppinga av dei to nye gislane.

Folkemengde med plakater og israelske flagg feirer frigivelse av to nye gisler fra Hamas

Plakatar med bilete av gislar og israelske flagg går igjen blant dei frammøtte på Gisselplassen i Tel Aviv.

Foto: Oded Balilty / AP / NTB

Dette er den sjuande utvekslinga av fanger og gissel mellom Israel og Hamas sidan 7. oktober 2023.

445 av desse er personar arresterte på Gazastripa etter denne datoen. 50 av dei sonar livstidsdomar, ifølge nyheitsbyrået.

Publisert 22.02.2025, kl. 08.51 Oppdatert 22.02.2025, kl. 09.10

Read Entire Article