To menn tiltalte for grovt tjuveri på til saman 5 millionar kroner

1 month ago 32



I dag startar rettssaka i Helgeland tingrett der to rumenske menn i 30-åra er tiltalte for grovt tjuveri.

Ifølge tiltalen har dei stole utstyr frå fleire bedrifter i Noreg til ein samla verdi på rundt 5,1 millionar kroner.

Påtalemakta meiner at tjuveriet er grovt på grunn av verdiane som er tatte, og at det hadde eit profesjonelt preg.

– På eit overordna nivå kan det nemnast at tjuveria verkar relativt godt planlagde, at dei er utøvde av fleire i lag og at dei særleg har sikta seg inn mot verksemder der dei har kunna finne ulike former for hardmetall, seier politiadvokat Joachim Nymann.

To av bedriftene dei skal ha stole frå er i Mo i Rana i Nordland.

Den 17. september i fjor skal mennene ha tatt seg inn i lokala til forretninga Tess Nord i Mo industripark.

Det står i tiltalen at dei tok verktøy, hovudlykter, batteri og klede til ein verdi av 115.000 kroner.

Ei veke seinare var dei på ferde igjen i industriparken, ifølge tiltalen.

Stal valsar til 2 millioner kroner

Då tok dei to mennene seg inn gjennom eit vindauge på Celsa Armeringsstål sine lokale.

I tiltalen står det at dei tok 155 valsar av hardmetall til ein samla verdi av rundt 2,1 millionar kroner.

Valsane blei vidare transporterte ut av industriområdet med to bilar som dei også skal ha stole frå området.

Celsa armeringsstål produserer armeringsstål og har flere paller med dette.

Celsa Armeringsstål produserer, slik det står i namnet, armeringsstål. Dei skriv på sine heimeside at produksjonen er basert på gjenvinning av skrapmetall.

Foto: NRK

Den eine var ein Nissan Navara varebil, som tilhøyrde Mo Industripark, og ein Toyota Dyna varebil, som tilhøyrde Anleggservice AS, står det i tiltalen.

Tidlegare har POD-manager ved Celsa Armeringsstål, Terje Ditlefsen sagt til Rana Blad at dette var valsar som veg omtrent to tonn.

Men det er ikkje berre i Mo Industripark dei er tiltalte for å ha stole utstyr.

Var også på ferde i Vestland og Trøndelag

Mellom innbrota i industriparken, skal dei ha vore på tur rundt om i landet.

Klokka 3 natt til torsdag 19. september i fjor tok dei seg inn i lokala til Sapeg AS i Trondheim gjennom å bryte opp eit vindauge, ifølge tiltalen.

Der skal dei ha tatt diverse hardmetall, både ferdigproduserte delar og restar, sølv og anna verkstadutstyr. Dette har ein samla verdi på rundt 1,3 millionar kroner.

To dagar seinare skal dei også ha brote opp eit nytt vindauge for å komme seg inn i lokala til Helge Karlsen verktøy og maskin AS i Øygarden kommune i Vestland.

Ifølge tiltalen har dei tatt diverse verktøy og anna hardmetall til ein samla verdi på rundt 1,6 millionar kroner.

Delar av alt dette stolne godset blei beslaglagt av rumensk politi i Hanu Conachi i Romania eit par veker seinare, står det i tiltalen.

To rumenske menn er tiltalt for å stjelt utstyr for rundt 5 millioner kroner. Det er blant annet en bag med batterier og tapetkniver.

Politiet er ikkje kjend med dei rumenske mennene frå før, seier politiadvokat Joachim Nymann.

Foto: Politiet

Klienten min erkjenner ikkje straffeskuld etter tiltalen. Eg har ingen fleire kommentarar, seier forsvararen til den eine mannen, Hatice Topkaya

Det seier også forsvararen til den andre mannen, Nicoleta Friptu.

Klienten min erkjenner ikkje straffskuld etter tiltalen.

Fleire involvert i tjuveria

– Dei tiltalte i saka blei arresterte av svensk politi etter funn av tjuvegods frå eitt av tjuveria under ein tollkontroll ved grenseovergangen til Åre i Sverige, seier politiadvokat Joachim Nymann.

Dei blei deretter overførte til Noreg og har vore varetektsfengsla sidan. Ifølge Nymann meiner politiet at dei heller ikkje har utført desse fire tjuveria aleine.

– Den vidare etterforskinga har avdekt at det også har vore andre involverte ved utføringa av tjuveria. Men etterforskinga mot desse er ikkje sluttført og det er derfor foreløpig berre tatt ut tiltale mot dei to som er varetektsfengsla her i Noreg.

Fasade Helgeland Tingrett i Brønnøysund.

Rettssaka mot dei to mennene startar i Helgeland tingrett onsdag.

Foto: Synnøve Sundby Fallmyr

Difor er mennene ikkje berre tiltalt for tjuveri, men også for paragraf 79c i straffelova. Som handlar om at den straffbare handlinga er utøvd av ei organisert kriminell gruppe.

– Det er fleire moment i det samla bevisbildet som gjer at påtalemakta meiner at tjuveria er utførte av ei organisert kriminell gruppe og at dei tiltalte har vore del av denne, seier politiadvokaten.

Blant anna fordi det verkar som at tjuveria var godt planlagde, ifølge Nymann.

Han vil ikkje seie noko om kor streng straff påtalemakta meiner mennene bør få.

– Det eg likevel kan seie på eit generelt nivå, er at tjuveri av denne karakteren og omfang, normalt medfører relativt strenge fengselsstraffer.

Publisert 12.03.2025, kl. 06.22

Read Entire Article