To månader med straffetoll – USA har aldri kjøpt så mykje sjømat som no

5 hours ago 2



9. april innførte Trump straffetoll mot ei rekke land, inkludert Noreg.

USA har vore eit av dei viktigaste marknadane for norsk sjømat.

Ville høge tollsatsar betyr kroken på døra?

To månader seinare, og USA er Noreg sin største vekstmarknad for sjømat.

Samanlikna med mai i fjor har eksporten auka med heile 40 prosent.

– For Noreg som eksportnasjon har det gått utruleg bra, og USA er framleis den mest veksande marknaden.

Det seier administrerande direktør i Sjømatrådet, Christian Chramer.

Det var ikkje gitt at eksporten skulle auke.

– Dette er dårleg nytt. Dette er alvorleg, sa statsminister Jonas Gahr Støre (Ap) den gong.

Støre meinte at tollsatsane kunne få store negative konsekvensar for norsk eksport.

Kvifor ønsker USA meir laks, sjølv med høge tollsatsar?

Trendy laks

Chramer meiner norsk laks trendar på den amerikanske marknaden.

– Norsk sjømat har ein veldig sterk posisjon hos amerikanarar.

Særleg etter pandemien har Sjømatrådet lagt merke til ei endring.

– Det er ein helsetrend, det å ete sunne protein. Dei er oppteken av sjømat som kjem frå kalde klare nordiske farvatn.

Norsk laks trendar i USA

På Instagram florerer det av amerikanske SoMe-kokkar som sterkt anbefaler norsk laks.

Likevel er det ikkje full jubel i leiren.

Chramer trur all uroa ikkje er spesielt heldig for Noreg, men heller ikkje USA.

Christian Chramer, Norges sjømatråd

– Vi ønsker mindre dramatikk, og meir stabilitet. Det vil styrke begge partar.

Christian Chramer

administrerende direktør

Foto: Aslaug Elisabeth Høgsæt Aarsæther / NRK

Foto: Aslaug Elisabeth Høgsæt Aarsæther / NRK

Kjappe omstillingar

På Røst, ei lita øy ytst i Lofoten ligg Fram Seafood.

Dei har merka endringar sidan straffetollen blei innført.

Likevel har også dei auka sin andel av eksport til USA.

Fram Seafood

– Vi har klart oss greitt, men sjølvsagt merkar vi meir all uroa, seier salssjef Marit Sivertsen.

Trump kjem med nye tollbarrierar 9. juli, korleis forheld Fram seafood seg til så mykje usikkerheit?

– Vi er berre nøydd å ta det som kjem, sånn som vi har gjort heile vegen, seier Sivertsen.

salgssjef Marit Sivertsen i fram seafood

Salssjef Marit Sivertsen i Fram Seafood.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

Så dreg ho litt på smilebandet.

– Det er ikkje fyrste gong vi opplever straffetoll, og som alle andre gongar skal vi klare å omstille oss.

Ho trur sjømatnæringa i Noreg er ei av dei næringane som er best på å omstille seg kjapt.

– Det er noko sjømatnæringa i Noreg alltid har vore fantastisk gode på.

Innføring av straffetoll

Det var i april president Trump annonserte at USA ville innføre høgare tollsatsar mot ei rekke land, inkludert Noreg.

Først fekk Noreg ein straffetoll på 15 prosent, men dette blei justert ned til 10 prosent.

  • Les meir om korfor Trump innførte straffetoll her

Straffetollen som blei innført skal vere med på å redusere handelsunderskotet til USA.

Auka tollsatsar kan gje høgare inntekter til statskassa.

Dette vil igjen redusere underskotet i statsbudsjettet, som kvart år går 7 prosent i minus.

Publisert 26.06.2025, kl. 16.08

Read Entire Article