Anna Wintour (75) gir seg som sjefredaktør for motemagasinet US Vogue etter 37 år i jobben, melder amerikanske medium torsdag, ifølgje AFP.
Under eit møte med dei tilsette fortalde ho at ho no går av, men ho at blir verande i konsernet Conde Nast.
Ho skal framleis vere global innhaldsdirektør og redaksjonell leiar for Vogue, skriv magasinet People.
Bekreftar avgang
Condé Nast, utgjevaren av magasinet, har stadfesta nyheita overfor CNN.
Dei leitar no etter ein ny sjefredaktør for amerikanske Vogue.
Wintour har førebels ikkje kommentert nyheita sjølv.
75-åringen tok over som redaktør i 1988, og har vore ein av dei mest innflytelsesrike figurane i motebransjen sidan då.
Ho begynte karrieren i britiske magasin på 1970-talet, før ho flytta til New York og fekk jobb i Harper’s Bazaar og New York Magazine.
Etter at ho blei sjefredaktør for Vogue i USA satte ho raskt sitt preg med ei blanding av høg mote og breiare kulturstoff.
Wintour er kjend for sin iskalde framtoning, solbrillene ho alltid har på, og for å ha løfta fram både nye designarar og store motehus.
Fimen The Devil Wears Prada er basert på ei bok skreve av hennar tidlegare assistent, Lauren Weisberger.
Merryl Streep spelte rolla som var inspirert av Anna Wintour i filmen The devils wears prada. Her er ho saman med medskodespelaren Anne Hathaway.
Foto: JEAN-PAUL PELISSIER / Reuters / NTBPublisert 26.06.2025, kl. 20.05 Oppdatert 26.06.2025, kl. 20.26