Tjuvar tok seg inn i hytta til Monica og stal toalett: – Heilt idiotisk

9 hours ago 4



– Trist at ein ikkje ein gong får ha dassen sin i fred. Håpar no berre at dei får svidd «rassen» sin godt – dei som stal frå hytta mi.

Slik startar Facebook-innlegget Monica Bergheim la ut for å åtvare andre hytteeigarar på Senja om tjuveriraid på øya.

Folkebladet omtalte saka først.

Monica er fødd og oppvaksen på Senja, og har arva familiehytta ved Bukkeleva i Stønnesbotn, nord på Senja.

Men sidan ho no bur i Lommedalen på Austlandet, er det sjeldan ho tek turen dit.

– Heilt idiotisk

– Eg er heime ein gong i året, kanskje maks to. Då blir ikkje hytta så mykje brukt.

Derfor var mor hennar, Britt innom hytta søndag 6. juli, for å sjå etter at alt var som det skulle.

Det var det ikkje.

– Mor mi låste seg inn med sin nøkkel. Ho tenkte ikkje noko over det, men såg jo kanskje i sidesynet at nøkkelboksen var open. Ho gjekk inn, og det meste såg greitt ut. Det einaste ho reagerte på var at gardinene var trekte frå.

Men så gjekk ho inn på badet, og oppdaga at toalettet var vekke.

– Då ringde ho sporenstreks til meg. Ho forta seg ut av hytta, og skjønte at tjuvane hadde brote opp nøkkelboksen. Tjuvane hadde lagt tilbake nøkkelen, men ikkje lukka boksen.

Kva tenkte du då du fekk vite at toalettet var teke?

– På mange måtar har eg eigentleg forventa at det skulle komme eit innbrot, for hytta står ofte tom og er lite brukt. Så eg tenkte berre «jaja, no var det vår tur».

– Eg synest det er heilt idiotisk. Vi har flirt ein del av at det var dassen dei stal.

Toalettet var eit forbrenningstoalett. Eit toalett som kostar minst 30.000 kroner.

– Det er frykteleg lite å stele i hytta av verdi. Dei tok toalettet og ei kaffimaskin, fortel ho.

Kvinne med svart genser foran gul vegg

Monica Bergheim er fødd og oppvaksen på Senja, men bur no i Lommedalen.

Foto: Privat

Monica trur at innbrotet har skjedd mellom 26. mai og 6. juli, sidan ingen har vore innom hytta i den perioden.

Ei dame tok kontakt med mor til Monica, og fortalde at ho har hatt akkurat same type innbrot 6. juni. Der var også eit toalett av same merke forsvunne.

– Eg tippar det er første veka i juni at det har vore eit tjuveriraid, seier Monica, som melde saka til politiet.

Same gjerningsmenn tok fleire toalett

Politistasjonssjef i Midt-Troms, Frank Magne Sletten, stadfestar at politiet etterforskar tre separate tjuveri frå hytter i Senja kommune dei siste månadene.

I to av sakene er det stole forbrenningstoalett av same merke, «Cinderella».

– Vi ser ein samanheng. Dei er tekne frå hytter som ligg berre tre–fire kilometer frå kvarandre, og truleg i same tidsrom, seier han til NRK.

Det tredje tjuveriet, som ikkje gjeld forbrenningstoalett, blir ikkje sett i samanheng med dei to andre sakene. Ifølgje Sletten har politiet «god oversikt» over den saka.

Sletten

Politistasjonssjef i Midt-Troms, Frank Magne Sletten, ser ein samanheng mellom fleire toalett-tjuveri i same tidsrom.

Foto: Martin Mortensen / NRK

Politiet veit ikkje nøyaktig når tjuveria skjedde, sidan hytteeigarane har vore vekke over lengre tid.

– Vi har eit ganske langt tidsspenn, frå mai til juli, då desse tjuveria vart melde, seier Sletten.

Politiet har sendt inn teknisk materiale frå eitt av toalett-tjuveria til analyse.

– Vi håpar på treff på DNA eller fingeravtrykk, men summen av opplysningar vil uansett kunne hjelpe oss å oppklare sakene.

Nasjonalt ettertrakta tjuvegods

Sletten understrekar at forbrenningstoalett er ettertrakta tjuvegods over heile landet, og at slike tjuveri frå hytter er eit kjent fenomen.

– Vi skjønar jo at akkurat denne typen vare har ganske høg verdi. Dette er ein type tjuveri som har skjedd over fleire år, særleg i hytteområde.

Han oppmodar hytteeigarar til å melde frå om tjuveri så raskt som mogleg.

– Det gir oss eit betre bilete av omfanget, og hjelper oss å avdekkje eventuelle mønster både lokalt og nasjonalt.

Fredag skal Monica tilbake til Senja og hytta hennar, som bestefaren bygde i 1972. Då må ho ta i bruk utedoen.

– Vi har ein gammal utedo som vi har brukt litt i alle år, eigentleg. Då får vi bruke den framover, seier ho og ler.

Publisert 15.07.2025, kl. 15.58

Read Entire Article