Hindra tyske turistar i å stikke av etter fleire brannar – no blir dei takka av politiet

10 hours ago 7



Det vakte oppsikt då bygdefolket i Laukvik i Lofoten tok affære og omringa to tyske turistar dei mistenkte for å stå bak fleire brannar i området.

Ifølge politiet er det faktisk lov å ta saka i eigne hender.

– Det er ei opning i lovverket for at ein kvar kan ta affære om nokon treff på ei fersk gjerning eller ferske spor, og det er «fare for opphald». Det kan du seie det var her.

Det seier politiinspektør Steffen Ravnåsen.

For halvannan veke sidan brann 60 kar med tørrfisk til ein verdi på rundt ein million kroner, tre dagar seinare brann det i eit kapell på kyrkjegarden, og så i ei vedskjul ved eit busett hus.

Bygdefolket fatta raskt mistanke til dei to turistane, og brukte Facebook til å kommunisere under jakta på dei.

Og då det byrja å brenne for fjerde gong, natt til søndag, slo dei til med støtte frå politiet.

– Då politiet blei varsla om den siste brannen, så spurde lokalbefolkninga om dei kunne få lov til å ha kontroll på dei unge mennene til politiet kom, og det fekk dei lov til, seier Ravnåsen.

  • Steffen Ravnåsen ser i kamer ikledd politiuniform

    Steffen Ravnåsen

    Politiinspektør i Nordland politidistrikt

Ifølge han er politiet heilt avhengig av lokalbefolkninga sine øyre og auge i slike saker.

– Politiet har vore der fleire gongar i løpet av veka, men vi har ikkje personell til å ligge å luske i busker og kratt døgnet rundt, og særleg ikkje på sommarstid.

Politiinspektøren seier dei har hatt eit godt samarbeid med lokalbefolkninga, men understrekar også at dei generelt ikkje anbefaler borgarar å gjere jobben til politiet.

Har «patruljert» gata

Etter den første brannen spreidde frykta seg raskt i lokalbefolkninga.

Ikkje nok med at dei brukte Facebook under jakta, «patruljerte» dei også på natta.

Vi har vore nokon som har køyrt litt nattevakt. Eg har sjølv vore ute og køyrt halv to på natta, berre for å følge med om det skjer noko som ikkje bør skje, seier Linda Schønning.

Linda Schønning i Laukvik

– All honnør til alle som har hjelpt til med å slå ned på det som har skjedd her ute, seier Linda Schønning.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

Sjølv om ho er stolt over kva bygda har fått til, syns Schønning det er trist at lokalbefolkninga måtta ta saka i eigne hender, i staden for politiet.

– Det er veldig synd at det skal ha blitt sånn. Lofoten er lang, og det er så utruleg mykje turistar her, seier ho og legg til:

Eg veit at dei i politiet som er på jobb, gjer så godt dei kan. Men det skulle ha vore fleire på jobb, og meir midlar til å sette folk i arbeid. Men når det ikkje er det, så må ein jo berre bruke folk i bygda.

Brannskada kapell på kirkegården i Laukvik i Lofoten

7. juli brann det i bårekapellet på kyrkjegarden i Laukvik.

Foto: Katarina Trymsdatter Vatnvåg / NRK

– Vi kan ikkje busetje oss der

Politiinspektøren skjønar at bygdefolket sjølv tok affære.

– Eg forstår det godt i og med at det har vore så mange brannar der ute på kort tid. Eg forstår også at dette har sett ein frykt i folk der ute.

Kvifor gjorde ikkje politiet meir for å oppklare dette?

– Vi har vore der ute fleire gongar i løpet av veka som gjekk, men vi har ikkje moglegheit til å busetje oss der. Vi har jobba med saka heile vegen, og trådde til då det skjedde på ny natt til søndag.

Først brann det i fiskekar, så eit kapell på kyrkjegarden og så i vedboda til eit hus.

NRK Tipsar

No er dei to tyske turistane varetektsfengsla i fire veker på grunn av fare for bevisforspilling. Ranvåsen seier saka er alvorleg.

– Det har skapt stor frykt og uro i lokalbefolkninga ute i Laukvik. I den eine brannen har det gått tapt store verdiar, og det kunne ha blitt langt meir alvorleg i dei andre brannane også hadde det ikkje vore oppdaga så tidleg, seier han og legg til:

– Det er skummelt når det begynne å brenne i nærleiken av eit hus som er busett. Det er verre det enn materielle verdiar.

Vidare i saka skal politiet samle inn bevis og gå igjennom det, før dei sikta skal inn til nye avhøyr i neste veke.

Forsvarar til ein av mennene, Knut-Inge Arthur Myklebust, seier turistane no er i varetekt i Trondheim fengsel, og at klienten hans nektar straffskyld.

Sett vekk frå det, har han ingen ytterlegare kommentar.

NRK har prøvd å få kontakt med forsvararen til den andre mannen, men utan hell.

Publisert 15.07.2025, kl. 22.14

Read Entire Article