Tidlegare prestegard gjekk seks millionar over takst

5 hours ago 4



Det blei rift om einebustaden i Ryfylke då det var bodrunde denne veka.

 Martin Nordbø / Nordbø Foto
POPULÆR: Den tidlegare prestegarden i Vikevåg viste seg å vere populær då den var ute for sal nyleg. Foto: Martin Nordbø / Nordbø Foto

Publisert 08.06.2025 18:58

Ein einebustad i Vikevåg på Rennesøy, som tidlegare var prestegard, var nyleg ute for sal.

Sjølv om eigedomen ifølge salsoppgåva har eit behov for oppgradering, viste han seg å vere svært populær då den skulle få ny eigar denne veka.

Øyposten og Aftenbladet skreiv om salet av huset først.

– Unik og sjeldan eigedom

Det er ti år sidan soknepresten flytta ut av bustaden, som dei siste åra har vore eigd av eit eigedomsselskap.

Tomta er sju mål stor, og bustaden er på 365 kvadratmeter. I tillegg får den nye kjøparen eit naust og ei brygge med på kjøpet.

 Martin Nordbø / Nordbø Foto
STOR EIGEDOM: Tomta er på sju mål, og bustaden er 365 kvadratmeter stor. Foto: Martin Nordbø / Nordbø Foto

– Det er ein unik og sjeldan eigedom med ei spesiell historie, seier Jorunn Riise i Eiendomsmegler 1, som var ansvarleg for salet.

Bustaden var i utgangspunktet prissett til 10 millionar kroner, men blei selt for lang meir. Riise vil ikkje kommentere kva prisen til slutt blei, men etter det TV 2 kjenner til stansa bodrunden på ein pris på 16 millionar.

– Stor interesse

– Det var stor interesse, mange på visning og fleire bodgivarar, seier Riise.

Ifølge Bygdebladet var det 45 personar som meldte at dei var interesserte før visning.

Read Entire Article