Utan re-integrering og støtte risikerer ein ny generasjon barn i al-Hol-leiren å bli fanga av ekstremisme.

Publisert 08.06.2025 21:51
Nyleg har representantar frå den syriske mellombelse regjeringa besøkt al Hol-leiren, i lag med Syrias demokratiske styrkar (SDF) og den internasjonale koalisjonen.
Målet var å kartleggje situasjonen og starte prosessen med å returnere syriske IS-tilknytte familiar til heimstadene sine.
– Det har ikkje kome på plass ei endeleg avtale enno. Det har vore møte. Intensjonen er der og det er eit første steg, seier Salih Muslim, ein av dei sentrale politiske leiarane i den demokratiske sjølvstyrte administrasjonen i Nord- og Aust-Syria (DAANES) til TV 2.

– Flest kvinner og barn
Al-Hol-leiren har sidan 2017 husa rundt 40.000 kvinner og barn frå IS-familiar. Av desse er meir enn 15.000 syrarar, og om 7000 er utanlandske statsborgarar.
Dei blei flytta til den sterkt bevakta leiren etter at IS blei slått av dei kurdisk-leidde SDF-styrkane i Al-Baghuz, i nærleiken av gransa til Irak.
Muslim understrekar at leiren i hovudsak husar kvinner og barn – ikkje krigarar.
– Dei som faktisk kjempa for Daesh, sit i fengsel. I leiren er det sivile, koner, søstre, barn. Men det betyr ikkje at det ikkje finst ein risiko, seier han.
Han peikar særleg på tenåringsgutar som ein sårbar gruppe.
– Det har vore fleire tilfelle der unge gutar er blitt ideologisk påverka av kvinner med IS-sympatiar. Vi har sett at dei trenar dei, oppdrar dei med ekstremistiske tankar, seier han.

Salih Muslim meiner det hastar å finne ei varig løysing.
– Det er betre å re-integrere dei i eigne lokalsamfunn enn å la dei bli verande her, utsette for radikalisering og påverknad frå sovande IS-celler, seier han.
Han leg vekt på at det er viktig å skille mellom dei som bur i leiren, og dei som står bak tryggleiksrelaterte hendingar i regionen.
Ein innvendig prosess
Sjølv om det er diskusjonar med syriske styresmakter om re-integrering av syriske IS-familiar, presiserer Muslim at det førebels ikkje finst noko klart rammeverk eller avtale for korleis repatrieringa faktisk skal skje.
– Dei har laga lister over familiar, og det har vore vurderingar. Dette er ein lang prosess. Vi håpar på samarbeid. Men vi veit ikkje når, eller korleis det vil skje, seier han.
Likevel meiner han det er viktig å kome i gang – spesielt med dei syriske familiane som har slekt og røter i område som Damaskus, Homs, Deir ez-Zor og Raqqa.
– Vi har hatt enkelte tidlegare tilfelle der syriske familiar er blitt returnerte til sine eigne område – under vår administrasjon. Det har gått greitt, særleg når slektningar har garantert for dei, seier han.
Ingen plan for utanlandske familiar
Jihan Hanan, som er sjefen i al-Hol leiren, stadfestar at repatrieringssamtalane i hovudsak handlar om syriske statsborgarar.
– Det er folk frå over 40 ulike land her, men det har ikkje vore samtalar om dei utanlandske innbyggarane i leiren, seier Hanan.

Ho skildrar ein leir under press. Ideologisk påverknad og tryggleiksutfordringar pregar kvardagen. Nokre kvinner nektar å sende barna på skule.
– Dei ser på hjelpearbeidarar og lærarar som vantru, og vil ikkje sende barna sine til UNICEF-skulen, seier leirsjefen.
Ifølgje Hanan, er det mange mødrer i leiren – særleg dei utanlandske – som ikkje vil sende barna sine til skule. Dei meiner at dei vil hjernevaske barna deira. Desse mødrene ønskjer sjølv å oppdra barna sine etter eigne tankar.

Treng overvaking og oppfølging
På spørsmål om det finst ein plan for å følgje opp familiar etter dei har forlate leiren, forklarer Jihan Hanan:
– Vi som den demokratiske sjølvstyrte administrasjonen har ein klar plan om at desse personane skal vere under tilsyn også etter at dei forlét leiren.
Planen er å ha samtalar med dei som ønskjer å vende tilbake om korleis prosessen vil gå føre seg.

– Det finst ei reell frykt for at enkelte av desse familiane kan bidra til ei gjenoppblomstring av IS, derfor må det finnast ein klar plan for korleis dei skal returnerast, seier Hanan.
Når det kom til reintegrering tenkjer dei liknande det som har blitt gjort i Irak.
– Når dei tek imot irakiske familiar, blir dei flytta til ein leir inne i landet der dei får naudsynte opplæring for å kunne vende tilbake til samfunnet.
Ifølgje Salih Muslim, henta Irak om lag 500 personer tilbake førre veke.

Eit internasjonalt ansvar
Salih Muslim, toppolitikarar i den demokratiske sjølvstyrte administrasjonen i Nord- og Aust-Syria sitt bodskap er tydeleg: Deira region kan ikkje bere denne børa åleine.
– Vi har gjort vårt. Vi har betalt ein høg pris for å knuse IS. No er det på tide at andre tek ansvar – både naboland og Vesten, seier han.
Muslim og Hanan slår fast at hjelpa frå frivillige organisasjonar som støttar barn med helse og utdanning, er viktig – men langt frå nok.

– Vi treng eit betre system for å overvake utviklinga og støtte barn som har vore eksponert for ekstremisme, seier Muslim.
Jihan Hanan poengtere at å drive denne leiren og sikre tryggleiken her, er ei stor byrde på skuldrene til det demokratiske sjølvstyret.
– Vi ønskjer at alle vender tilbake til heimstadene sine – anten det er i nabolanda eller i Vesten. Mange av våre styrkar har ofra livet for å sikre tryggleiken i dette området, seier Hanan.

Leirsjefen meiner dette er eit internasjonalt spørsmål som også krev støtte frå organisasjonar som FN for å bli gjennomført på rett måte.
– IS-trusselen må ta slutt. Det er mogleg at dei som har budd i denne leiren i årevis, vende seg mot oss og søkje hemn, seier Hanan.
Ho meiner deira tryggleik og verdiane til det demokratiske sjølvstyret må takast med i vurderinga.
Både Salih Muslim og Jihan Hanan er einige:
– Dersom denne prosessen ikkje blir gjort rett, risikere vi at historia gjentar seg.