Tida er overmogen for Øyfast

1 day ago 5



DEBATT: Når fylkesvegferja vår blir tatt ut av ruta vår for å ordna opp i driftsutfordringane på riksvegsambandet Hjelmeland-Nesvik, så er det altså innbyggarane på dei veglause øyane som får utfordringane rett i fanget.

Det blir ferjekaos når øyane misser ferja til fordel for riksvegsambandet Hjelmeland-Nesvik, skriv innsendaren. Foto: Tor Inge Jøssang
  • Sissel Marie Bjerga

    Leiar av Finnøy kommunedelsuvalg, KrF

Publisert: Publisert:

Nå nettopp

iconDebatt

Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.

Det er folk som ikkje kjem heim til fjøsstell, det er ungar som står på kaien å ventar, det er tilsette på sjukeheimen som ikkje kjem seg på jobb i tide, eller som må venta i timevis etter jobb, og det er lange køar med folk som skal av øyane etter helga.

Det siste halvåret har ferjene våre hatt meir krøll enn eg kan hugse; kanselleringar på grunn av manglande mannskap, og no at dei ikkje har reserveferjer.

Eit stabilt ferjesamband er viktig for oss på alle vis. Det er forutsigbarheten som er så viktig – når laksen skal av øya, for landbruket (mjølkebilen, kraftforbilen, kadaverbilen, landbruksentreprenørar som reiser rundt og tar siloslått, rundballing osv.), for tomatproduksjonen, for innbyggarane som skal til skule, jobb, møter, fritidsaktivitetar – då må livsnerven vår til fastlandet gå, og han må gå slik han skal.

Det er ein eigen finansieringsordning der ein kan innkorta eller ta fylkesvegferjer heilt vekk. Då kan dei finansierast i inntil 45 år med ferjeavløysingspengar.

Me treng visjonære politikarar

Finnøy-sambandet er komplekst, det går i rute mot sør til Fogn, og på ruta mot nord skal ferja dekke Halsnøy, Ombo, Nord-Hidle og Helgøy (Sjernarøy). Med totalt 1100 fastbuande fordelt på ca. 400 bustadar og eit hytteparadis me i overkant av 530 hytter, er det ikkje rart at det blir kaos når ei ferje blir tatt ut av drift.

Den siste veka har NRK delt fleire gladnyheiter; nyheita om at Vestland fylkeskommune har vedtatt å bygge Atløysambandet, og at Nordland fylkeskommune har vedtatt å bygge Hamnøysambandet. Me på dei ikkje-landfaste øyane i Ryfylke treng òg politikarar i Rogaland som har visjonar og nye løysingar for utvikling av Rogaland. Vegutvikling og samfunnsutvikling handlar om meir enn E39 til Kristiansand og til Bergen. Renn-Ran blei lansert på 70-talet, visjonen om fastlandssamband frå Randaberg og heilt til Randøy. 30. november 1992 opna Rennfast, 30. oktober 2009 opna Finnfast. Øyfast er neste strekk – det komplekse Finnøy-sambandet som må erstattast med døgnopen veg. Det er det einaste som kan gje oss øybuarane den stabiliteten øyane treng.

Ei kolossal utgift

Det er ein eigen finansieringsordning der ein kan innkorta eller ta fylkesvegferjer heilt vekk. Då kan dei finansierast i inntil 45 år med ferjeavløysingsmiddel. Det er her moglegheita ligg, store delar av finansieringa er på plass. Storting og regjering veit at kostnadane for å drive ferjedrift til «evig tid» er kolossal. Kostnadane skyt i vêret. Å bygge veg og tunnelar, er også dyrt, men sikrar den forutsigbarheten livet på øyane treng for framtida. For vegen kan ikkje bli tatt vekk i neste politiske vedtak, slik som ein kan gjere med ferje og hurtigbåt. Det handlar om å binda saman Halsnøy, Bokn, Byre, Måløy, Fogn fast til Finnøy på den eine aksen, og på den andre Ombo, Nord-Hidle, Sjernarøy fast med Finnøy.

Når Vestland fylkeskommune og Nordland fylkeskommune kan og vil, skulle då vitterleg Rogaland fylkeskommune klare det same; å vere regionutviklar.

Til slutt; I november 2026 opnar Ytre Steinsøysund bru i Solør kommune, i Vestland fylke. Ho gjev fastlandssamband for 130 menneske. Pris 1,3 mrd. Ferjeavløysingsmidler i 22 år. 0 i bompengar. Dette beviser at der det er vilje, finn ein veg! Og me som bur her, treng at både Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune tek eit øy-perspektiv her, for at desse grøne øyane skal få den utviklinga som trengst for framtida. Me vil nemleg ikkje utvikla oss til berre å vere eit hytteparadis.

Publisert:

Publisert: 22. juni 2026 11:53

Read Entire Article