Ingen av dei ti brukte vernebriller.
Det melder overlege Lasse Mulstad Skrivervik ved Augeavdelinga på Haukeland universitetssjukehus, som 1. nyttårsdag har samla inn nasjonale tal.
To av dei ti er alvorleg skadde, dei åtte andre har augeskadar som er moderat alvorlege.
Årets skadetal er noko høgare enn i fjor, då var det sju som fekk augeskadar.
Av dei to som er alvorleg skadde er det ein mann og ei kvinne. Ingen brukte vernebriller og alkohol var involvert. Kvinna var tilskodar.
– Dei fleste av skadane skjedde ved bruk av effektbatteri. For nokre av skadane har vi ikkje opplysningar om kva type fyrverkeri det var, opplyser Skrivervik.
To av dei skadde fekk skade i forbindelse med eit effektbatteri som eksploderte. Ein av dei skadde er eit barn under 10 år som også var tilskodar.














English (US)