– Det er hardt å trene, og ein skal vere flink både når ein trenar og når ein varmar opp. Det fører til at ein må vere litt smartare og gjere nokre grep, fortel Karsten Warholm.
Han er ein del av den norske friidrettstroppen som har lada opp til VM i Tokyo i Fukuoka i vel ei veke. Det viktigaste der har vore å akklimatisere seg både for tidsforskjellen, varmen og den høge luftfukta. Og dei kom førebudd.
– Leif (Olav Alnes, trenar) har jo ulovleg mykje bagasje med seg. Det er jo ganske mange store bagar fylt med kjølevestar og kjøleelement, viftar og «you name it». Han er klar for alt, og det er det som er så fint med han, at han er god til å førebu seg på alle moglege scenario, seier Amalie Iuel.
SMARTE LØSNINGER: Trener Leif Olav Alnes viser frem kjøleelementer han plasserer i en løpevest.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK– Vi rekna litt på det, og eg trur det er mellom 7 og 8 kilo berre med kjøleelement, legg ho til med ein liten latter.
Heimelaga og spesialbestilt
Alnes har med seg ein kjølebag på treningsanlegget når NRK møter dei. Der drar han fram både kald drikke og ei rekke kjøleelement. Dei plasserer han i ein løpevest. Han kallar løysinga «heimesnikra».
– Eg føler at vi har førebudd oss veldig godt, og vi har sikkert med mykje meir enn vi treng. Men det er ikkje alltid godt å vite kva du treng, fastslår suksesstrenaren.
HYDRERER: Karsten Warholm er nøye på å få i seg nok vann under treningsøktene.
Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK– Det er ganske mykje greier. Han fekk ein japansk journalist til å fikse sånne avkjølingsgreier som han fann på internett som du kan ha i nakken, bekreftar Warholm, som også var blant utøvarane som nytta seg av varmekammeret på Olympiatoppen før meisterskapet.
– Dei er oppladbare, så vi får sjå korleis det fungerer, seier Alnes om «kjølekragen» Iuel viser fram øvst i denne saka.
Det har vore rekordvarmt i Japan i sommar, og temperaturane er framleis på over 30 grader. Luftfukta gjer at det kjennest varmare.
– Alt ein kan sjå på som eit problem, kan tynne ut blant konkurrentane fordi dei ikkje handterer det. Da er jo kunsten å handtere det så godt du klarer. Så vi har funne på ting for å prøve og gjere dette så bra som mogleg. Og så vil jo historia vise om det fungerte eller ikkje, seier Leif Olav Alnes.
– Kan øydelegge
Norges Friidrettsforbund har også lagt til rette for at utøvarane kan trene innandørs i Fukuoka. I Tokyo har dei som mål å plassere ei spesialbygd tredemølle i eit telt, så oppvarminga ikkje må skje midt i solsteika – eller pøsregnet.
– Vi har hatt det i VM i Budapest, EM i Roma og OL i Paris, så vi satsar på at vi får det til her òg, fortel sportssjef Erlend Slokvik til NRK.
HEITT I TOPPEN: Maratonløpar Sondre Nordstad Moen dekker til hovudet under ein løpetur i Fukuoka.
Foto: Regine Johansen / NFIFOgså landslagslege Ove Talsnes er involvert i dei mange varmegrepa Noreg tar i bruk.
– Varmen er kanskje den prestasjonsfaktoren som kan øydelegge for flest. Når vi drar på treningsleir her, er det jo fordi at vi skal kompensere for tidsforskjellen og varmen. Og det tar cirka ei vekes tid. Du må rett og slett sveitte ein del og trene ein del i varmen for at væskebalansen skal kunne tilpasse seg, seier Talsnes til NTB.
Han trekker fram at utøvarar som er lenge ute på stadion i samband med konkurransar, må ta ekstra omsyn, men at det er maratonutøvarane som får det mest krevjande.
– Det er ikkje noko stort poeng i å varme opp kroppen før konkurransen, han blir meir enn varm nok undervegs. Og det handlar om å halde kroppstemperaturen så låg som mogleg, for den aerobe kapasiteten (uthaldet) blir dårlegare jo høgare kroppstemperaturen blir, fortel legen til NTB.
Publisert 10.09.2025, kl. 20.30