Tapte pensjon på svak ordning: – Fripolise med garantert rente vil eg kalle ran

1 day ago 14



Morten Jørstad tenkte alt var på stell med pensjonen då han pensjonerte seg etter eit langt yrkesliv som investeringsrådgivar i bank.

Som over ein halv million andre nordmenn hadde han spart opp delar av pensjonen sin i fripolisar, det vil seie ein opptent pensjonsrett.

Med løfte om ei garantert avkastning frå fripolisen tenkte Jørstad at pensjonen var sikra for framtida.

Men då han sjekka kronebeløpet åtte år seinare, oppdaga han at det nærast hadde stått stille.

– Fripolise med garantert rente vil eg kalle ran. Det fungerer ikkje slik som det kan og bør. Folk får dårlegare kjøpekraft kvart einaste år på bakgrunn av dette her, seier han.

_6251845

Morten Jørstad måtte undersøke saka nærare.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

– Garantien er ein vits

Førre veke fortalde NRK at hundretals av milliardar pensjonskroner er innelåst i fripolisar med rentegaranti som taper kjøpekraft kvart år.

Det betyr at den framtidige utbetalinga i praksis krympar fordi avkastninga er mindre enn løns- og prisveksten i samfunnet.

Jørstad blei stadig meir frustrert over at utbetalingane frå hans opptente pensjonsrett, altså fripolisen, knapt endra seg over tid.

Årsaka er at regelverket rundt fripolisar er strengt. Ein skal vere sikra ei garantert avkastning på rundt 3,5 prosent årleg.

Og det er opp til forsikringsselskapa, eller livselskapa, å sikre dette.

Nøkkelordet er garantert

Først ved høgare avkastning enn den garanterte, kan pensjonsutbetalingane bli større i framtida. Problemet er at pengane blir investerte i produkt som vanlegvis gir svak vinning.

For å garantere avkastning, blir mesteparten investert av pengane i rentepapir som gir låg, men sikker vinning.

Berre ein liten del blir investert i aksjar, som over tid gir høgare utbytte.

– Garantien er ein vits. Eg var garantert 4 prosent rente, men eg har rekna på dette og har rundt 0,19 prosent avkastning dei åtte åra eg hatt fripolise, seier Jørstad.

_6251816

Jørstad viser NRKs utsende kor mykje kjøpekrafta hans har falle dei siste åra.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Han har vist NRK bankutskriftene som viser at utbetalingane har i praksis stått heilt stille sidan mellom frå 2016 til 2024.

I same periode fram til mai i år har prisane i samfunnet stige med 30 prosent, ifølge Statistisk sentralbyrå.

Det betyr at den reelle kjøpekrafta til Jørstad har falle kvart år.

Justert for prisveksten, har utbetalingane vore rundt 30.000 kroner lågare enn det prisveksten skulle bety, ifølge Jørstad.

_6251848

Sjølv om Jørstad har jobba fleire år som investeringsrådgivar i bank sleit han likevel med å forstå korleis fripolisar fungerer.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

– Skandaløst

Både Finans Noreg og Pensjonistforbundet hevdar at fripolisane taper kjøpekraft kvart år fordi framtidige utbetalingar ikkje held tritt med lønns- og prisveksten i samfunnet.

– Eg prøver å vere varsam med så sterke ord, men eg bruker det ordet òg. Det er skandaløst, seier Thorstein Øverland i Pensjonistforbundet.

Han har jobba med fripolisar i lang tid, og forbundet har vore kritisk til ordninga med garantert avkastning.

IMG_3988

Sjeføkonom Sindre Farstad og konsulent Thorstein Øverland (t.h.) i Pensjonistforbundet er ikkje fornøgd med dagens system.

Foto: Johan B. Sættem / NRK

- Altfor lite aksjar

Øverland meiner at politikarane må endre reglane for forvaltinga i livselskapa slik at dei kan ta større risiko i forvaltinga.

Det skal gjere at sparinga får såpass avkastning at framtidige utbetalingar held tritt med løns- og prisveksten i samfunnet.

– Pensjonskapitalen blir forvalta med altfor lite aksjar. Andelen aksjar i porteføljen er regelmessig under 10 prosent.

Pensjonistforbundet meiner ein heller bør få ein modell som lignar meir på pensjonskassane kor aksjeandelen ofte ligg mellom 40-50 prosent.

I tillegg meiner han det er eit problem at delar av overskotet frå pensjonskapitalen hamnar i bufferfonda til forsikringsselskapa.

- Det bufferfondet blir faktisk ikkje betalt ut til kundane medan kunden er i live, seier Øverland.

Finansdepartementet har ikkje hatt høve til å stille til intervju i saka, og viser til at ei regjeringsoppnemnd arbeidsgruppe jobbar med å legge fram forslag til endringar i regelverket. Rapporten skulle opphavleg vore levert i mai, men er no utsett til over sommaren.

Flytta pensjonen over til aksjar

Etter å ha undersøkt reglane rundt fripolisar valde Jørstad å gå over til ein såkalla fripolise med investeringsval.

For å gjere dette måtte han gi frå seg garantien om garantert avkastning, i byte mot risiko og moglegheita til å investere i indeksfond og aksjar.

_6251795

Morten Jørstad vil heller satse på aksjemarknaden enn fripolisegarantien.

Foto: Anders Eidesvik / NRK

Han blei sterkt åtvara mot å seie frå seg garantien av banken, som er i tråd med regelverket for god finansfagleg rådgiving.

Logikken er at utbetalingane frå fripolisen er pengar ein skal leve for som pensjonist. Då bør ein i utgangspunktet ikkje ta for høg risiko.

Frå tid til anna fell aksjemarknadene kraftig i løpet av kort tid, og då vil også dei månadlege utbetalingane falle tilsvarande viss ein har investert fripolisen i risikable aksjar.

Men det er likevel opp til kvar enkelt om dei vil følgje råda frå pensonsrådgivarar eller ikkje.

– Du er ikkje redd for å spele bort pengane på børskasino?

– Nei. Det har eg ikkje vore engsteleg for i det heile. Eg har følgt med i aksjemarknaden i såpass mange år og eg veit at ting svingar, svarar Jørstad før han legg til:

– Men generelt når ein ser på utviklinga aksjemarknaden så går det skrått oppover heile tida. Det er ein del av det kapitalistiske samfunnet vårt, så sånn er det.

Publisert 01.07.2024, kl. 07.17

Read Entire Article