Skuldar dårleg debattform på jetlag og mykje reising

2 days ago 8



– Det er ikkje er ei unnskyldning, men ei forklaring, seier Biden.

Presidenten skuldar på at omfattande internasjonal reising dagane i førevegen bidrog til den svake framsyninga i debatten mot ekspresident Donald Trump førre veke.

Han var i Europa to gongar i løpet av to veker i juni, og kom heim frå siste turen to veker før debatten natt til fredag førre veke.

Den 81 år gamle presidenten la til at han «ikkje var veldig smart» som reiste verda rundt eit par gonger kort tid før debatten.

– Eg lytta ikkje til medarbeidarane mine. Eg sovna nesten på scena, seier Biden.

Mange demokratiske politikarar har vore bekymra etter Bidens svake framsyning i den første debatten mot Trump førre veke.

Det siste døgnet har bekymringane i det demokratiske partiet kome ut i offentlegheita:

Medan Trump vert skulda for å ha loge gjennom store delar av debatten, var Biden usamanhengande og mista tråden fleire gongar.

Etter debatten har fleire større medium sett spørsmålsteikn ved Bidens alder og moglegheit for å slå Trump i det kommande presidentvalet.

USAs president Joe Biden fotografert 2. juli 2024

Veljarar har liten tillit til Bidens kognitive evne til å styre USA ein ny periode.

Foto: AP

Også veljarane lét seg skremme av Bidens framsyning, viser ei undersøking gjort av YouGov for CBS News.

  • 72 prosent av registrerte veljarar meiner at Biden ikkje har den mentale og kognitive helsa ein treng for å vere president. Før debatten meinte 65 prosent det same.
  • 49 prosent av veljarar sa det same om Donald Trump.
  • Særleg illevarslande for Biden-kampanjen er det at 45 prosent av registrerte demokratar som svarte på meiningsmålinga sa at dei meiner Biden bør tre av til fordel for ein annan kandidat.

Oppfordra Biden om å trekke seg

Tysdag oppfordra demokraten Lloyd Doggett, som sit i Representanthuset for Texas, Joe Biden om å trekke seg som presidentkandidat.

– I motsetning til Trump, har Bidens førsteprioritet alltid vore landet vårt. Med respekt ber eg han om å trekke seg, seier Doggett i ei fråsegn.

Han la til at verken Biden eller Trump er i stand til å styre USA.

Doggett, som sjølv er 77 år gammal, er den første som offentleg ber Biden om å trekke seg.

Får støtte frå visepresidenten

Tidlegare kongressleiar Nancy Pelosi, også frå det demokratiske partiet, sa at ho meiner både Trump og Biden bør få dei kognitive evnene sine sjekka.

– Eg meiner det er legitimt å stille spørsmål ved om dette er berre ein episode eller ein tilstand, sa ho, og la til at det same spørsmålet gjeld Trump etter at han laug gjentatte gongar under debatten.

Kamala Harris i Las Vegas fredag.

Visepresident Kamala Harris avviser at Biden bør trekke seg.

Foto: Ronda Churchill / AP

Biden sjølv held fast på at han er rett mann for jobben.

USAs visepresident Kamala Harris har sagt at Biden fekk ein dårleg start i debatten, men at ho er stolt av å vere medkandidaten hans. Ho avviser at Biden bør trekke seg.

– Joe Biden er vår nominerte. Vi har slått Trump éin gong, og vi vil slå han igjen, seier Harris til CBS News.

Publisert 03.07.2024, kl. 05.29 Oppdatert 03.07.2024, kl. 06.22

Read Entire Article