DEBATT: Når økonomiske, politiske og sosiale rammevilkår endrar seg – både globalt og lokalt - kan det skape frustrasjon og setje kjensler i spel. Midt i denne uvissa om konsekvensane for framtida finst det ei tidlaus kjelde til styrke: stoisismen.
Narve Dolve
Førsteamanuensis i pedagogikk, UiS
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Debatt
Dette er et debattinnlegg. Innlegget er skrevet av en ekstern bidragsyter, og kvalitetskontrollert av Aftenbladets debattavdeling. Meninger og analyser er skribentens egne.
Stoisismen er ikkje berre ei filosofisk retning, men ein levande del av vår felles europeiske kulturarv som har forma tanken vår i hundrevis av år.
Den stoiske tenkemåten gir oss verktøy for å møte utfordringar med klår tanke og indre ro. Stoikarane lærer oss ikkje å flykte frå hindringar, men å møte dei med fast vilje og klar tenking. Det viktigaste prinsippet er enkelt: skil mellom det du kan kontrollere, og det som ligg utanfor di makt. Når vi forstår dette, både i arbeid og privatliv, opnar vi døra til eit liv med større oversikt, tryggleik og fridom frå unødig uro.
Dømmekrafta
Stoisismen er framleis høgst aktuell. Mennesket har framleis dei same kreftene som før: dømmekraft, kjensler, fornuft og evna til å ta avgjerder. Vi finn spor av stoisismen både i kognitiv psykologi, som undersøker mentale prosessar, og i mental trening innan idretten. Ikkje minst ligg stoisismen som eit psykologisk bakteppe for dei kvardagslege vala vi alle står overfor. Likevel kan det vere krevjande å leve opp til stoisismen sine ideal. Temperamentet vårt er ulikt, og motiva våre for å handle varierer. Ein ting er sikkert: måten vi tenker og handlar på har konsekvensar for både oss sjølve og andre.
Dømmekrafta er evna til å vurdere situasjonar og handle med fornuft – utan at kjenslene tek overhand. Ho er den indre drivkrafta som styrer oss i møte med menneske, hendingar og oppgåver. Dømmekrafta blir forma av erfaringar, kjensler og refleksjon – og slår inn både når vi vurderer oss sjølve og når vi tek avgjerder. Vurderingsevna vår har vi med oss over alt. Når vi rettar merksemda mot det vi sjølve kan påverke, frigjer vi energi til å handle klokt i staden for å bli prega av misnøye eller utolmod. Livskvalitet kjem ikkje av å føre sterkt tilsyn med omgjevnadane, men av å ha styring på oss sjølve og reaksjonane våre i møte med det som påverkar oss.
Vi ser ikkje dømmekrafta direkte, men vi merkar henne gjennom vala vi tek. Ho er ikkje statisk – ho kan utviklast og finslipast gjennom medvitne prosessar som krev både sjølvkontroll og refleksjon. Enkle spørsmål som «Gjer eg det rette?» eller «Kunne eg valt annleis?» er kraftfulle verktøy for å styrkje denne evna. Når vi vågar å stille oss slike spørsmål, tek vi steg mot klokare handlingar.
Kjenslene
Kjensler er ein naturleg del av personkarakteren vår. Stoisismen lærer oss ikkje å undertrykke kjensler, men å hindre at dei får dominere og styre oss på ein øydeleggjande måte. Ei vanleg mistyding er at stoisismen krev eit skarpt skilje mellom fornuft og kjensler, og at dømmekrafta bør byggje på fornufta åleine. Tvert imot erkjenner stoisismen at emosjonar er ein vesentleg del av det å vere menneske. Det vi skal vakte oss for, er dei destruktive sinnsstemningane – som sjalusi, angst, ukontrollert sinne eller mismot. Vi kan ikkje kontrollere andre sine kjensler, men vi kan styre våre eigne – og korleis vi reagerer.
Stoikarane la vekt på at vi bør opptre som rasjonelle og bevisste borgarar. Vi inngår i eit fellesskap der alle har eit felles ansvar for framtida. Språkbruken vår er her heilt sentral i det å vere eit tenkande og handlande menneske. Det er lov å bli skuffa, men det avgjerande er korleis vi gir kjenslene språk.
Det er vi sjølve som avgjer kva ord vi vel – både når vi vurderer oss sjølve og når vi omtalar andre. Orda vi vel viser haldningane våre, og speglar erfaringane og verdigrunnlaget våre. Formuleringane vi tek i bruk har alltid verknadar og konsekvensar for oss sjølve og dei som tek i mot dei. Her kjem dømmekrafta inn som ein avgjerande ressurs. Ho kan vi byggje opp gjennom refleksjon og sjølvkontroll og hjelpe oss til å forvalte kjenslelivet vårt i samsvar med normene som styrkjer fellesskapet.
Styrken
Neste gong du møter motgang og kjenner lysta til å reagere med ei fargerik språkdrakt, stopp opp og spør deg sjølv: Kva kan eg kontrollere – og kva må eg sleppe taket i? Stoisismen minner oss om at det ikkje handlar om å vere perfekt – det handlar om å øve seg i det å ta bevisste val både i språk og gjerning. Dømmekraft, sjølvkontroll og refleksjon er ikkje faste eigenskapar, men ferdigheiter vi kan byggje opp steg for steg. Når vi lærer å skilje mellom det vi kan påverke og det vi ikkje kan, frigjer vi energi til å handle klokt og leve med større balanse.
Styrken ligg ikkje i å kontrollere verda, men oss sjølve. Når vi øver på dømmekraft, sjølvkontroll og refleksjon, byggjer vi eit indre fundament som står støtt – uansett kva som skjer rundt oss. Stoisismen minner oss om at fridom ikkje er fråvær av utfordringar, men evna til å møte dei med klår tanke, ro og ansvar. Det er her den verkelege krafta ligg – og den kan vi forme kvar dag. Det krev styrke å møte medgang og motgang.
Publisert:
Publisert: 3. desember 2025 20:51

2 hours ago
2












English (US)