I dag er det nesten like mange kvinner som menn som tar førarkort på bil.
Så skjer det noko rart. Når førarkortet ligg i lomma, bremsar likestillinga opp.
Når par og familiar er på tur, er det nesten alltid mannen som køyrer.
I ei fersk spørjeundersøking svarar 83 prosent av mennene at det er dei som køyrer. Berre 11 prosent av kvinnene svarar at dei køyrer.
Undersøkinga viser at menn ser på seg sjølve som den tryggaste sjåføren, medan få kvinner har same tru på eigne evner.
Dobbelt så mange bilar blir registrerte på menn. 1.759.000 er registrert på menn og 896.000 er registrert på kvinner.
Kva om kvinner tok rattet litt oftare?
Statens vegvesen sine eigne undersøkingar viser at menn i større grad kan knytast til risiko-åtferd i trafikken og er knytte til dei mest fatale ulykkene med rus, høg fart og aggressiv køyrestil.
Statistikk frå fotoboksane våre (ATK) i 2024 kan òg seie oss noko. 338 menn fekk førarkortet beslaglagt, medan berre 35 kvinner opplevde det same. 2327 menn vart politimelde, medan berre 279 kvinner opplevde dette.
Kvinnelege førarar er òg innblanda i mange ulykker, men kan det vere fordi nokon får for lite køyreerfaring? Det er jo han som alltid køyrer.
Kvinner lever lenger enn menn. Det kan vere skummelt å skulle lære seg å køyre bil igjen i godt vaksen alder. Nokon enkjer opplever dessverre det. Det var jo han som alltid køyrde.
Vegdirektøren vil ha fleire kvinner bak rattet.
Foto: Knut Opeide / Statens vegvesenKanskje har du høyrt den replikken frå nokon du er glad i. Frå tanter og mødrer, kanskje ei bestemor. Det er på tide å gjere noko med det – og heldigvis er teknologien på vår side.
Utviklinga av automatisert transport og sjølvkøyrande bilar går raskt. Dette er noko vi jobbar mykje med i Statens vegvesen. Kanskje er «han køyrer» noko som vil gli over av seg sjølv, når teknologien verkeleg rullar ut i framtida?
Om 10–15 år kan meir avanserte system for køyrestøtte vere tillatne fleire stader i Noreg. Kanskje kan du sleppe rattet på utvalde motorvegar («hands-off»-funksjon). Kanskje kan du gjere det same når du nærmar deg eit trongt parkeringshus.
Statens vegvesen deltar i ei FN-gruppe som skal få på plass eit felles, internasjonalt regelverk. Då er vi klare når teknologien verkeleg kjem.
Fram til då: Det er ingen grunn til at berre han skal køyre.
Ta rattet, kvinner!
Publisert 07.03.2025, kl. 12.28