Ein svensk artist skal vera skoten og drepen i eit parkeringshus i Göteborg. Det melder SVT.
Mannen vart funnen skadd i parkeringshuset tysdag kveld og frakta til sjukehus i ambulanse, der han seinare skal ha døydd.
– Vitne har sett ein bil i forbindelse med denne hendinga. Me undersøker om det har noko med denne hendinga å gjera, seier Annika Laag, politiets pressetalsperson i region Vest til SVT.
Ingen personar er arresterte i saka.