Sverige: 67.500 personar blir kopla til kriminelle gjengar

3 weeks ago 11



Svensk politi vurderer at rundt 17.500 personar i Sverige er aktive i kriminelle gjengar, og ytterlegare 50.000 personar har koplingar til desse miljøa, ifølge ei ny oversikt frå politiet.

Det melder Aftonbladet og SVT.

– Vi ser at det framleis er altfor mange som enten er aktive gjengkriminelle eller har tilknyting til slike miljø, seier rikspolitisjef Petra Lundh.

Ho legg til:

– Politiet jobbar intensivt for å motverke denne samfunnstrugande kriminaliteten, men for å hindre nyrekruttering trengst innsats frå fleire delar av samfunnet, heilt frå barnehage til skule og sosialteneste.

Read Entire Article