Svenskanes yndling tilbake etter alvorleg diagnose: Mista potensen og heldt på å døy

1 month ago 19



Har det her faktisk skjedd med meg?!

Det spør Victor Johansson, den svenske svømmaren som er eit av deira store medaljehåp under OL i Paris.

Dei siste åra har han knust svenske rekordar og fått fart på karrieren.

Slik har det ikkje alltid sett ut.

Victor Johansson fotografert under OL i Paris

SVENSK FAVORITT: Victor Johansson smiler for kameraet.

Foto: BILDBYRÅN

Ingen ereksjon

I 2019 budde Victor Johansson i Los Angeles, og seier han levde «eit fint liv». Som svømmer målte han alt han åt, treninga blei nøye overvakt. Men treningane svinga veldig, og Johansson sleit med å finne ut kva som var gale.

Det var noko som ikkje stemte.

Så kom det intime spørsmålet frå ein lege.

Han spurde meg: Korleis er sexlivet? Og han spurde kor lenge det var sidan eg hadde hatt ereksjon. Og eg klarte ikkje svare på spørsmålet, det er sikkert tre månader sidan, fortel Johansson til Sveriges Radio.

Han hadde alvorleg lågt nivå på testosteron i kroppen.

Det var på eit katastrofalt lågt nivå, fortel Johansson.

Men Johanssons problem hadde så vidt begynt.

Det har jo vore veldig tøft. Når ein ser på frå utsida, så er det veldig mykje. Mykje dårleg, mykje sjukdom og skader, seier Johansson til NRK i Paris.

Victor Johansson under et stevne i 2019

STARTEN PÅ NEDTUREN: Her er Johansson avbildet i 2019.

Foto: BILDBYRÅN

Nær døden

Eit halvt år seinare hamna han på respirator etter ein bakterieinfeksjon i halsen.

Han hadde ikkje ete eller drukke på to dagar, hadde over 41 i feber og blei innlagde på sjukehus. Medisinen han fekk var så tjukk at den klistra seg fast i halsen.

Diagnosen eg hadde er livsfarleg, han er dødeleg, seier Johansson til Sveriges Radio.

Han fekk angst for at det skulle skje igjen, og var han mest lysten på å legge opp. Så artig er ikkje svømming; han ofrar ikkje livet for idretten.

Han blei overtydd av Niko Martikainen, den nye trenaren til svenskane. Han gav han tryggleik, og da kom resultata.

Sju månader etter å ha lege på respirator svømte han OL i Tokyo.

Utruleg uflaks-rekke

Like etter OL var det kortbane-VM på programmet. Dit kom han aldri.

  • 2021: Mista kortbane-VM på grunn av brot i fingeren.
  • 2022: Måtte sjå VM frå hotellsenga, da han var koronasjuk.
  • 2023: Brot i ribbeinet etter golfbilulykke og VM gjekk i vasken.

Som ung utøvar hadde han eteforstyrringar. Etter testosteron-problema fekk Johansson korona, som den første svenske svømmaren. Han har også pådratt seg kul i hovudet etter å ha slått hovudet i botnen.

Eg synest ikkje synd på meg sjølv. Om eg skulle prøvd å få ein nyleg sjuk kreftpasient til å synast synd på meg, så hadde eg ikkje lykkast. Mitt liv er ganske bra. Det gjeld å innsjå det, at livet handlar om å sjå ting i perspektiv, seier Johansson til NRK.

Trass alt peikar pila nå oppover:

Dei førre fire-fem-seks årene har det vore brekt ribbein, respirator, brekt fingeren, slått hovudet og fått covid seks gonger. Så det har vore ganske mykje, men det siste året har vore heilt problemfritt, seier den svenske svømmaren til NRK.

World Aquatics Championships 2024, day 13, Swimming

I VATNA: Victor Johansson under VM i 2024.

Foto: BILDBYRÅN

Publisert 30.07.2024, kl. 12.49

Read Entire Article