Lærar Sara kjøper leiker til 1.-klassingane for eigne pengar

4 hours ago 2



– Eg lagar mat, fortel Nikoline Tennøy Ellingsvåg. På bordet framfor henne er det matvarer og kasseroller i plast. Både kjøkkenleikene og alle leikedyra i skuffa er det lærar Sara Dahl som har kjøpt.

Då Emblem skule i Ålesund stod ny i 2023 fanst det ikkje pengar til innkjøp av leiker. Samstundes står det i barnas timeplan at dei skal ha frileik.

– Du får jo så dårleg samvit fordi læreplanen legg opp til at vi skal leike meir, seier Dahl.

Regjeringa har sagt at leiken bør få større plass i klasserommet hos dei yngste.

1. klassingar ved Emblem skule leikar med bilar

Bilar og bilbane er populært blant gutane. Dette tilhøyrer ein av lærarane med vaksne barn.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Har brukt tusenvis

Dahl har vore på loftet hos mora si og henta sine eigne leiker frå barndommen, i tillegg til at ho har kjøpt nytt.

Også andre lærarar har donert lego og bilar som barna deira har vokse frå. Foreldre har gitt bort utkledningsklede.

– Eg veit ikkje kor mykje eg har brukt. Kanskje nokre tusenlappar, seier læraren.

Sara Dahl er lærar i 1. klasse ved Emblem skule

Alt i skuffene er det Sara som har kjøpt inn.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Ho gjer det med glede, men synest samstundes at det er litt vondt å bruke eigne pengar på det som skulle vore kommunen sitt ansvar.

Pengane går til lønn

Rektor Jorun Fugløy Sundklakk har ikkje ei god kjensle når lærarane bruker eigne pengar på barna. No har skulen gått ut på Facebook og spurt om meir leiker, for sjølv har dei ikkje ei krone til overs.

– Vi får ei ramme som skal dekke lønn og alt av læremiddel og alt vi treng på skolen. Vi må ta det som er lovpålagt, seier Sundklakk.

 Jorun Fugløy Sundklakk er rektor ved Emblem skule

Jorun Fugløy Sundklakk er rektor ved Emblem skule. Ho meiner det kan vere ein miljøvennleg gevinst at leiker, spel og bøker som ikkje blir brukt, kan komme til nytte på skulen.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Det er heller ikkje meir pengar å hente hos Ålesund kommune. Kommunen går i underskot og lista over kutt er lang, og då kan dei ikkje bruke pengar på leiker.

– Eg trur at dei fleste skulane strever ganske hardt for å klare å prioritere opplæring til elevane sine, og det synest vi jo er trasig, seier kommunalsjef for oppvekst, Hildegunn Pedersen.

Slit med lovpålagde oppgåver

Ei undersøking frå Skuleleiarforbundet viser at 60 prosent av rektorane svarar at økonomien er så pressa at dei slit med lovpålagde oppgåver.

Leiar Stig Johannessen meiner det er kommunens sitt ansvar å sørge for utstyr til skulen og ikkje lærarane privat.

Stig Johannessen

Stig Johannessen er leiar i Skuleleiarforbundet.

Foto: Skolelederforbundet

– Det er idealistisk at ein vil bidra, men det er politikarane si oppgåve å legge forholda til rette for at skulen skal ha ressursar for å løyse kjerneoppgåvene, seier Johannessen.

Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) seier at det ikkje fylgjer med øyremerkte pengar frå regjeringa for å prioritere leik.

Det er mogleg å få til mykje leik i skulen også utan dei store innhogga i kommunebudsjettet, om dei folkevalde prioriterer dette, seier Nordtun.

1. klasse på Emblem skule leikar seg. Dei har kledd seg ut med utkledningsklede.

Utkledningskleda på Emblem skule er det foreldre og bygdefolk som har donert.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Foreldre er kritiske

Emblem skule er ikkje åleine om å mangle utstyr.

I Hustadvika i Romsdal har ei engasjert mor, Wenche Bergslid, starta innsamlingsaksjon på Spleis. Ho vil kjøpe meir inneleiker og spel til dei yngste elevane på Eide skule, etter at lærarane bad om donasjonar på Facebook.

– Det var jo nokre som synest at dette bør ikkje foreldre dekke og at det burde vore sett av pengar i budsjett. No er det ikkje slik, og då vel eg å ta grep sjølv, seier Bergslid.

Ho har fått inn 25.000 kroner og kjem i hovudsak til å handle på gjenbruksbutikkar.

Vil ha dinosaurar

I klasserommet på Emblem har ein heil gjeng kledd seg ut med utkledningskleda dei har fått. Lærar Sara trur ikkje foreldre er klar over at skulen ikkje har råd til utstyr.

– Dei forventar nok at skulen har ressursane, men det har vi ikkje. Mange foreldre vil hjelpe, men dei synest det er litt rart, seier Dahl.

For Mikkel Pettersen-Hjelvik er det fleire dinosaurar som står øvst på ønskelista.

– Vi har tre eller fire store, men det blir litt krangel om dei, seier 1.-klassingen.

1. klasse på Emblem skule leikar seg. Dei har kledd seg ut med utkledningsklede.

Gjennom rolleleiken får barna stimulert språket, dei lærer konflikthandtering og dei bygg relasjonar.

Foto: Mia Sofie Ytreberg / NRK

Publisert 20.09.2024, kl. 16.09

Read Entire Article