«Ukjent» landslagsspelar pøser inn mål i Georgia: – Ville elska å komme tilbake

5 hours ago 3



– Her er det heilt ville vesten! Det er ingen reglar, litt som å vere i gamle Sovjet, ler Bjørn Maars Johnsen.

Og han veit kva han pratar om, den høgreiste spissen. Torpedo Kutaisi er den noverande arbeidsgivaren hans. Dei held til i den georgiske toppdivisjonen, og er den 16. klubben Maars Johnsen spelar for. I sitt niande land.

Her speler han sin beste fotball på lang tid. Den 1,96 meter høge mannen er nemleg toppskårar i Erovnuli Liga med 15 mål på 24 kampar.

– Eg skårar mål igjen, så livet er bra om dagen, seier han.

Norsk-amerikaneren Bjørn Maars Johnsen i aksjon i en treningskamp mot Villareal.

Norskamerikanaren Bjørn Maars Johnsen i aksjon i ein treningskamp mot Villarreal.

Foto: Privat

Langt betre lønn enn i Noreg

Maars Johnsen er det ein kan kalle for ein klubbnomade, og sjølv om han ikkje lovar at han blir lengre enn ut sesongen, stortrivst han og den vesle familien i Georgia.

– I Georgia betaler ein ikkje skatt, så den lønna her ville eg ikkje fått i Noreg, seier Maars Johnsen blidt.

Bjørn Maars Johnsen og kona Veronica har funnet seg godt til rette i Georgia.

Bjørn Maars Johnsen og kona Veronica har funne seg godt til rette i Georgia.

Foto: Privat

– Men landet utviklar seg veldig. Ein såg korleis dei gjorde det i EM. Maten, byane, folka, alt blir betre og betre. Du finn bygningar her som er heilt fantastiske, men ved sida av står det eit heilt øydelagt skur, fortel han entusiastisk vidare.

Gir ros

Tidlegare toppfotballsjef for Noreg, Nils Johan Semb, hugsar Maars Johnsens tid på landslaget godt. Viaplay-eksperten er full av lovord om den tidlegare eleven.

– For meg overpresterte Bjørn på landslaget. Det var rett å testa han ut i si tid, sjølv om han spelte i perifere ligaer, og eg synest han gjorde det bra. Då me rykte opp frå nasjonsligaen var han heilt avgjerande, seier Åsgårdstrand-mannen.

– Han hadde veldig målteft. Han hadde ikkje nokon stor fart, men var smart, bra i lufta og god i rørslene, seier Semb.

Nils Johan Semb var sportssjef på landslaget mens Bjørn Maars Johnsen spilte der.

Nils Johan Semb var sportssjef på landslaget mens Bjørn Maars Johnsen spilte der.

Foto: NTB

Ikkje gitt opp landslaget

Laget til 32-åringen er nummer to på tabellen, berre målforskjellen skil opp til serieledelsen, og dei kom seg til andre runde i kvalifiseringa til serieligaen.

Han har framleis ikkje heilt gitt opp ein retur til landslaget.

– Eg ville elska å vere ein del av det igjen! Eg veit eg har mange gode år igjen i kroppen, frå eg var 29 til 32 spelte eg aldri ein heil sesong, så eg har mange kampar igjen i beina, seier den høgreiste spissen.

– Men det er eit heilt anna lag nå enn da eg var der sist. Martin (Ødegaard) er ein heilt annan spelar nå. Han er så mykje betre, ein ser at presset er heilt borte. Realistisk sett veit eg ikkje om det er mogleg for meg lenger.

Bjørn Maars Johnsen var en del av Ståle Solbakkens første landslagstropp i 2021.

Bjørn Maars Johnsen var ein del av Ståle Solbakkens første landslagstropp i 2021.

Foto: BILDBYRÅN

Det same meiner Nils Johan Semb.

– Med den spissgjengen som er på landslaget no, då seier det seg sjølv at meir perifere spelarar ikkje blir følgde med på på same måte. No har landslaget fem spissar i verdsklasse.

Valde bort USA

I ei tid der det blir snakka om både Christos Zafeiris og Osame Sahraoui som valde bort landslagsspel for Noreg, er Bjørn Maars Johnsen beviset på det motsette.

Fødd i New York med ei amerikansk mor og ein norsk far, valde spissen landslagsspel for Noreg.

Det trass i å snakke ganske avgrensa norsk. Intervjuet med NRK går føre seg på engelsk med klingande amerikansk aksent, men norske namn, slik som «Tønsberg», «Rosenborg» og «Vålerenga» blir sagt med perfekt uttale.

– Er det aktuelt med ein retur til Noreg?

– Eg har framleis ambisjonar om å spele på det høgaste nivået, men da er eg avhengig av ein trenar som er villig til å satse. Hadjuk Split har bode på meg, men klubben ville ikkje la meg gå. Men eg vil heller ikkje berre dra når laget og eg gjer det bra heller.

Bjørn Maars Johnsen har gjort det bra i Georgia. Her fra da han ble kåret til månedens spiller i april.

Bjørn Maars Johnsen har gjort det bra i Georgia. Her frå da han blei kåra til månadens spelar i april.

Foto: Privat

Han fortset:

– Dei er galne etter fotball i Georgia, alle ser på det, og eg merke verkeleg at eg er toppskårar. Det er alltid fint med merksemd, men eg har eit mål om noko høgare. Likevel er eg glad for at eg gjer dette. Laget treng ein god start på prosjektet, og eg må komme meg tilbake i form. Eg har ikkje spelt ein heil sesong på to år. Nå får eg vist fram at eg framleis er her.

– Opplever du at mange hugsar deg «heime» i Noreg?

– Fotballen er galen, mann! Ein dag er du den store stjerna, dagen etter er du gløymd.

Publisert 20.09.2024, kl. 17.42

Read Entire Article