Svak krone gir dyrare planter, men det er pengar å spare i hagen

1 month ago 30



– Det er ofte billigare på slutten av sesongen, seier Silje Karlsen.

Både staudar, hekkplanter og urner er sett ned med mellom 30 og 50 prosent på Spanne plantesal i Karmøy der Karlsen har lagt handleturen.

I korga har ho Petunia og Solhatt. Staudar som ikkje krev for mykje stell.

Og det passar ekstra godt i år.

– Eg kom heim frå fire veker med ferie til ein hage som var heilt vissen, så då må eg fornye den ein del, seier ho.

Silje Karlsen legger plantene i bagasjerommet

Silje Karlsen fyller bagasjerommet med friske blomar og har lova seg sjølv at nesten sommar skal ho be naboen vatne når ho sjølv er på ferie.

Foto: Marthe Synnøve Johannessen / NRK

Karlsen skal passe ekstra godt på dei nye plantene. Og det er lurt for plantar og andre hagevarer aukar stadig i pris, viser tal frå Statistisk sentralbyrå.

Med utgangspunkt i Konsumprisindeksen frå basisåret 2015 til 2023 har NRK samanlikna hagevarer, matvarer, klede og sko og ferieturar.

Grafen viser at blomar og hagevarer har auka med nesten 40 prosent sidan 2015.

Til samanlikning har matvarer auka med 27,3 prosent medan ferien har blitt 68,6 prosent dyrare.

Svak krone og høge gjødselprisar

I eit kortare perspektiv var 12-månadersveksten i juni i år 4,5 prosent for planter og hagevarer.

Det betyr at varer i denne gruppa kosta 4,5 prosent meir enn dei gjorde i juni i fjor. I april var veksten på heile 8,9 prosent.

– Dette er over den totale prisveksten vi hadde i juni som var på 2,6 prosent. Og ser vi lenger tilbake i tid for denne gruppa, ser vi at prisveksten har vore ganske mykje høgare dei tre siste åra, seier rådgjevar i SSB, Trym Kristian Økland.

Han peiker på to ting som har påverka prisen.

– Valutakursen og prisen på gjødsel. Den norske krona har vore svært svak særleg det siste året. Det påverkar denne gruppa ganske direkte fordi mange av varene blir importerte, seier han.

Prisen på kunstgjødsel har dessutan auka kraftig frå starten av 2021.

– Sjølv om prisen har falle ein del ligg han framleis på eit ganske høgt nivå, seier Økland.

Redde folk skal slutte å handle

Norsk gartneriforbund seier dei merkar bekymring hjå medlemmane sine.

– Dei fryktar at det blir for dyrt å drive norsk produksjon. Vi er heilt avhengige av at norske forbrukarar vel norske plantar. Vi har ikkje nokon annan plass å selje plantene enn til norske forbrukarar, seier Sidsel Bøckman, nestleiar i Norsk Gartnerforbund.

Sidsel Bøckman

Nestleiar i Norsk Gartnerforbund Sidsel Bøckman.

Foto: Dag Eivind Gangås

Dei er òg redde for at forbrukarane kuttar ut blomar og planter når alt blir dyrare.

Norsk produksjon er avhengige av innsatsfaktorar som frø, småplantar og teknisk utstyr som blir importert frå utlandet, forklarer ho. Men med svak kronekurs blir dette mykje dyrare enn tidlegare.

– Når kostnadane ved å produsere aukar, ser vi ein skjerpa konkurranse frå importen. Det er eit svakt tollvern for blomar og planter i Noreg, så det er ei bekymring for at dette kan gjere norske blomar og plantar dyrare enn importen, seier ho.

Pengar å spare

Henry Tendenes er leiar i landsstyret i Det norske hageselskap. Prisauke er noko dei snakkar om jamleg.

– Folk seier at ja, det er blitt dyrare, men samtidig forstår dei at produksjon og plantar i seg sjølve er del av ei kostnadsauke vi berre må rekne med, seier han.

Henry Tendenes i hagen

Leiar i landsstyret i Det norske hageselskap Henry Tendenes.

Foto: Privat

Men hagefolk er ekstra bevisste på å dele plantar med andre nå.

– Når ein går på besøk har ein gjerne med ei plante nokon har sett i hagen din og snakka fint om før. Då blir det eit gode du deler med andre, samtidig som det er godt for planten. Dei treng av og til å få litt rom rundt røtene sine, seier Tendenes.

Deling av planter er berre eit av mange sparetips i hagen.

Under får du fem til.

Har du fleire? Del dei gjerne i kommentarfeltet.

Publisert 11.08.2024, kl. 14.04

Read Entire Article