Andrine Hegerberg legg opp: – Hovudet treng fred no

3 hours ago 2



Det stadfestar fotballprofilen overfor NRK:

Etter ein periode i mitt eige hovud, har eg bestemt meg for at no er det tid for meg, legge skoa på hylla og finne noko anna å bry hovudet mitt med. Eg har kanskje meir i beina, men hovudet treng fred no.

Brann-spelaren har slite med skadar denne sesongen, som ho har gjort i fleire år, og ikkje starta ein ligakamp for bergensarane. Totalt har det berre blitt 95 minutt i Toppserien på kvinna frå Sunndalsøra.

Kontrakten hennar med Brann går ut etter inneverande sesong, og no er det klart at ho verken forlengjer denne – eller fotballkarrieren.

Andrine Hegerberg

VEMODIG: Hegerberg seier at det har vore eit vanskeleg val.

Foto: Vegard Grøtt / BILDBYRÅN

– Vemodig, men det kjennest rett. Det kjennest som eg har fått gjort det eg ønsker, og har opplevd mange gode ting som eg absolutt skal ta med meg vidare.

I intervjuet med NRK fortel ho at det har vore eit vanskeleg val, men vanskelege val har det vore gjennom heile karrieren.

Nokon har vore såpass tøffe at man har kjent det på kroppen. Men jo tøffare val ein har tatt, jo tøffare har man faktisk blitt også. Men det kjennest utruleg godt å sei det høgt.

Kostar meir enn det gir tilbake

Hegerberg, som saman med storesøstera Ada har blitt eit av Fotball-Noregs mest kjente søskenpar, legg bak seg ein lang karriere.

– Kroppen kjennest fin. Det skal seiast, men eg har alltid vore ein spelar som spelar med hovudet først. Eg har alltid vore ein reflektert person, og treng nokre klare og tydelege mål for å gi hundre prosent. Så akkurat no kjenner eg at det kostar meir enn det gir tilbake.

 Norge-Sveits (2-1)

FOTBALLSØSTRER: Andrine Stolsmo Hegerberg og Ada Stolsmo Hegerberg (t.h.) takkar dei oppmøtte tilskodarane for støtta etter privatlandskampen i fotball mellom Noreg og Sveits på Skagerak Arena i Skien

Foto: Vegard Wivestad Grøtt / NTB

Ho debuterte for Kolbotn i Toppserien som 16-åring i 2009, og har sidan den gongen spelt 83 kampar i Noregs øvste divisjon.

Etter tre år i Kolbotn og eitt år i Stabæk, gjekk ferda vidare til tyske Turbine Potsdam, der ho etter eit kort opphald forlét Tyskland og fortsette karrieren i svenske Kopparbergs/Göteborg FC. Der blei ho i tre sesongar.

Ho har sidan den gongen spelt for klubbar som Birmingham, PSG, Roma og Häcken, før karrieren blei avslutta denne sesongen med spel for Brann.

– Det eg sit igjen med no skal bli herleg å sjå tilbake på når det her har sokke litt inn.

Rørt av helsing frå storesøster

Familien var dei første som fekk vite om at ho ville gi seg som fotballspelar. Og sjølvsagt kjærasten gjennom mange år, komikar Markus Neby.

Ada Hegerberg hyllar karriere til søstera.

Helsinga frå storesøster Ada får tårene til å presse seg fram.

– Om livet etter karrieren blir like godt, så seier eg meg nøgd.

Markus Neby har følgjande melding til sin kjæraste:

«Hei sussebass! Eg sjekkar innom for å sei at middagen snart er klar. Og i dag blir det spagetti med tagliatelle med ris. Ingen protein. Velkommen til den andre sida.»

– Kanskje eg må ringe Brann og be om eit nytt år i leilegheita, kjem det lattermildt frå Hegerberg.

Tilbake til alvoret. Ho seier dette langt frå er første gong ho har tenkt på legge opp.

– Etter nesten alle sesongar har eg tatt ein runde med meg sjølv. Evaluert og kjent om eg er klar for ein runde til. Ofte har svaret vore ja. No kom tankane tidlegare inn etter sesongen var ferdig. Dei har lege der og lure i lengre tid.

– Legg opp med eit smil

Ho seier det er eit yrke som er veldig krevjande. Det mentale har vore ein viktig faktor som har spelt inn. 31-åringen er overtydd om at valet er endeleg.

Norge - Belgia (0-2)

LANDSLAG: 31-åringen har spelt 25 kampar på det norske landslaget.

Foto: Berit Roald / NTB

Det er ikkje så mange som kan overtale meg lenger til å ta eit år til. Eg legg opp med eit smil. Det har eg alltid ønskt å gjere. Å gi meg medan leiken er god.

Hegerberg har i tillegg til å vinne NM-gull med Stabæk i 2012, vunne Coppa Italia med Roma, tatt sølv i den tyske cupen og ligaen med Turbine Potsdam, og dessutan sølv i den engelske FA-cupen med Birmingham, for å nemne noko.

31-åringen blir ståande med 25 landskampar for A-landslaget.

Andrine Hegerberg er tidvis tilknytt NRK som fotballekspert. Våre redaksjonelle vurderingar blir gjorde uavhengig av det.

Publisert 23.09.2024, kl. 06.00 Oppdatert 23.09.2024, kl. 06.06

Read Entire Article