Nye tal viser at prestisjeprosjektet for å dempe straumprisane – «noregspris» – har fått ein økonomisk sjokkstart:
- Utgifter i januar: 3.406.225.106,- kroner
- Utgifter i februar: 2.987.186 929,- kroner
6,4 milliardar kroner – i løpet av årets to første (og kaldaste) månader – er meir enn 70 prosent av den årlege budsjettramma på 9,1 milliardar kroner.
Straumprisekspert Tor Reier Lilleholt er derfor klar på at reknestykket til regjeringa «ikkje lenger heng saman».
– Det er ganske openbert at ramma ikkje held. Iran-konflikten har bidratt til å løfte prisane, og vi ser eit mykje høgare kostnadsnivå enn føresett.
Han reknar med at prislappen vil ende på rundt 17 milliardar kroner for 2026.
Eller nesten det dobbelte av det regjeringa har budsjettert med.
– Ikkje overraska om kostnaden nærmar seg det dobbelte
Sverre Alvik, som er forskingsleiar for energiomstilling i DNV, meiner regjeringa konsekvent har undervurdert kva fastprisordninga vil koste.
– Det vil ikkje overraske oss om totalkostnaden nærmar seg det dobbelte av budsjettet, seier han.
Då regjeringa første gong lanserte noregspris, antyda dei at ordninga ville koste 3,8 milliardar kroner i året.
Fagekspertar avfeia anslaget som urealistiske «serviett-utrekningar», og summen har sidan blitt oppjustert i fleire omgangar.
– Det var heile vegen store moglegheiter for at noregspris ville bli veldig mykje dyrare enn føresett, og no slår det til, seier Anders Lie Brenna, som er redaktør i EnergiWatch.
– Kan bli ekstremt dyrt
Brenna trekker fram at «proppen» i Hormuzsundet pressar gassprisane opp, og at dette smittar direkte over på norske straumprisar.
Sjølv om finansminister Jens Stoltenberg har argumentert med at staten også får høgare inntekter når straumen er dyr, understrekar Brenna at dette ikkje fjernar det budsjettekniske problemet.
– Dette er ein kostnad som påverkar kor mykje pengar dei kan bruke på andre utgifter. Spørsmålet no er kva regjeringa gjer med noregspris til neste år.
– Om dei tviheld på 40 øre per kilowattime, kan det bli ekstremt dyrt.
Eli Bjelland / NRK
Anne Christine Aandahl og Marianne Lien, Stord
6,5 milliardar? Vi synest det er greitt. At dei bruker pengar på å få ned straumprisen til oss som har betalt mykje i fleire år, det er heilt greitt. Staten eig jo veldig mykje av krafta. Då er det rett og rimeleg at vi som tilhøyrer staten, får litt tilbake.
Eli Bjelland / NRK
Anne Lene Nesse, Stord
Eg sparer 500-600 kroner i månaden på noregspris. Eg er aleinemamma, så det hjelper. 6,5 milliardar viser jo at folk treng det. Spesielt dei som har det trongt og treng dei ekstra kronene i kvardagen sin.
June Erdalsdal Kolstad / NRK
Ingrid Syse, Sogndal
6,5 milliardar kroner er veldig masse pengar å bruke på å subsidiere, men sånn som prisnivået har blitt, så synest eg det er rett. Eg undersøkte litt om kva som ville vere fornuftig å gjere i vårt prisområde og teikna kontrakt. Og det har eg ikkje angra på.
Eli Bjelland / NRK
Gjertrud Kongsvik, Stord
Eg har nesten halvert straumutgiftene mine – mellom 1500 og 1700 i månaden. Når du er pensjonist og har avgrensa inntekt, så er det klart at alle monner drar. 6,5 milliardar? Det gjer absolutt ingenting. Noreg tar inn så mykje inntekt overalt, både på olje og på sal av krigsmaterial til Ukraina. Så ærleg talt, vi har råd til det her i Noreg.
June Erdalsdal Kolstad / NRK
Ollina Kolbotn, Sogndal
6,5 milliardar kroner tenker eg er ganske rimeleg, ettersom staten tener inn veldig godt på høge straumprisar.
Eli Bjelland / NRK
Per Rasmussen, Stord
Eg bur i eit område som har heilt håplause straumprisar – opp til to -tre kroner. Så det er klart at eg har noregspris.
Eli Bjelland / NRK
Arto Makinen, Stord
Eg har noregspris. Då veit du det kostar, så slepp du å sjekke. 6,5 milliardar har Noreg råd til å spandere på oss. Dei tener pengar uansett på straumen. Det er berre eit papirtap dei har hatt.
NRK
Willy Kvernenes, Stord
Du treng jo straum til alt. Til å lada bil og alt mogleg, så utan noregspris hadde det blitt veldig dyrt. 6,5 milliardar er prisen for å legge ut kablar. Vi har eigentleg nok straum i Noreg. Det er dei som sit og styrer og steller, som har rota det til.
Ventar på revidert budsjett i mai
Energiminister Terje Aasland erkjenner at rammene er under press, men vil foreløpig ikkje talfeste sprekken.
– Som mange andre postar på statsbudsjettet er kostnadene for noregspris anslått på usikkert grunnlag. Regjeringa vil komme tilbake med oppdaterte anslag for prisen i revidert nasjonalbudsjett i mai.
Han legg til:
– Uansett viser dette at noregspris har hatt – og har – stor betydning for lommeboka til mange i Noreg, og at innføringa var både rett og viktig.
– Regjeringa vil komme tilbake med oppdaterte anslag for noregspris-ordninga i revidert nasjonalbudsjett i mai, seier Terje Aasland.
Foto: Stian Lysberg Solum– Staten har god råd til dette
Ikkje alle er like bekymra for milliardane som renn ut.
Kjell Roland ved Senter for økonomisk analyse (ECON) minner om at høge straumprisar også gir ekstra inntekter:
– Det er viktig at motposten for staten er nesten like stor. Aukar i grunnrenteskatt på vasskraft, pluss eigarinntekter til stat, fylke og kommunar, betaler nesten for noregsprisen.
Marit Hommedal
Mette Bjørndal, professor ved Institutt for føretaksøkonomi NHH
Det blir truleg store utbetalingar for noregspris i mars òg. Magasinfyllinga er under normalen i dei same områda, og det er lite snø i fjellet, så det er godt mogleg prisane held seg relativt høge fram mot sommaren òg.
Ukjent
Anders Lie Brenna, redaktør i EnergiWatch.no
No blir det spennande å sjå kva regjeringa gjer med noregspris til neste år. For nivået på noregsprisen neste år vil påverkast av straumprisane i år, og kor mykje dei er villige til å bruke på dette framover. Om dei fortset å halde seg på 40 øre/kWh (50 øre/kWh inkludert moms), vil det kunne bli dyrt viss straumprisane held seg høge.
Ukjent
Randi Kalskin Ramstad, Asplan Viak
Det er sannsynleg at budsjettet vil sprekke. Sjølv om behovet for straum går ned no som det er mildare vêr. Utover hausten, og i november og desember blir forbruket høgare igjen. Gitt at prisane er på same nivå, noko prognosane tilseier, så blir noregsprisutgiftene høge da òg. I tillegg er det starta ein krig i Midtausten som påverkar energimarknadene, inkludert straumprisane.
NRK
Ivar Refsdal, Thema Consulting group
At vi allereie har brukt om lag 70 prosent av årsbudsjettet tyder på ei overskriding, men er ikkje overraskande gitt dei kalde vêrforholda og svak magasinfylling i sør. Mi vurdering er at den endelege kostnaden sannsynlegvis vil overstige 9 milliardar kroner. Men eg vill ikkje si at regjeringa har «forrekna seg». Kraftprisen er krevjande å føreseie eitt år i førevegen.
NRK
Kristian Myrseth, Fortum
Det ein heilt sikkert kan slå fast er at både straumforbruket og straumprisane har vore vesentleg høgare i heile landet denne vinteren enn det marknaden venta før nyttår, noko som gjer at regjeringa nok er avhengig av lågare straumprisar enn opphavleg estimert resten av året for å treffe på milliardramma.
Leif Dalen
Tor Reier Lilleholt, Volue
Eg anslår at det er eit årleg forbruk på noregspris på rundt 25 Twh av det 41 Twh potensielle forbruket vi hadde i heile landet. I tillegg kjem kostnader til statsstøtte for dei som ikkje har bytt til Norgespris. I sum er vi derfor på eit anslag på statsstøtte som er meir enn det dobbelte av kva som blei lagt til grunn i budsjettet for 2026 rundt Norgespris.
NRK
Sverre Alvik, forskingsleiar for energiomstilling i DNV
Det er ingen tvil om at statsbudsjettets 9,1 milliardar er eit altfor lågt anslag. Straumprisane er framleis høge, og det vil ikkje overraske oss om totalkostnaden kjem nærare det dobbelte enn det opphavlege anslaget.
Ole Martin Wold
Asgeir Tomasgard, professor ved NTNU
Krigen i Iran har ført til forstyrringar i gassleveransar over heile verda. Påverknaden via gasspris kan halde fram sidan europeiske gasslager må fyllast igjen. Da kan kostnaden med noregspris bli høgare enn venta.
Morten Holm / SCANPIX
Kjell Roland, ECON Senter for økonomisk analyse
Anslaget på 9,1 milliardar var veldig usikkert. Med krig i Midtausten og høge gassprisar er det grunn til å tru at prisane blir høge ei tid framover, og at anslaget blir for lågt, kanskje vi kjem vesentleg høgare.
StudioF2 Fotograf Ingar Næss
Åsmund Valseth, Vista Analyse
Viss regjeringa ikkje har tatt omsyn til at forbruket varierer gjennom døgnet, har dei undervurdert kostnadene. Da ryk fort dei 9,1 milliardane. I tillegg vil anslaget vere for lågt om dei ikkje har tatt omsyn til at folk bruker meir straum med Norgespris, og i større grad bruker straum på tidspunkt med høge prisar.
NRK
Odin Foldvik Eikeland, Rystad Energy
Vi ventar at prisane kjem til å ligge over noregspris nivå i fleire periodar framover som fører til at kostnaden kan hamne over 9,1 milliardar innan året er omme. I tillegg så bruker prisane å vere høge dei siste månadene av året (november og desember) som kan føre til at dei totale kostnadene overskrid kva som var estimerte.
Roland understrekar at sjølve poenget med ordninga er å stabilisere kostnadene for forbrukarane i ein uføreseieleg marknad.
– Staten som mellommann har god råd til dette. På lang sikt jamnar det seg nesten ut.
Ei oversikt frå Energidepartementet viser at staten åleine har hatt 180 milliardar kroner i kraftinntekter i perioden 2019–2023.
I tillegg har kommunane og fylkeskommunane hatt 81 milliardar i inntekter i løpet av den samen perioden.
Sjå ei oppsummering av kritikken mot noregspris under.
Gorm Kallestad / NTB
Kritikk #1
Ordninga gir mest til hytteeigarar og dei som har mykje frå før, og mindre til låginntektsgrupper og andre som «faktisk treng ei handsrekking».
Frederik Ringnes / NTB
Kritikk #2
Støtta er ein potemkinkulisse som tilslører at det trengst meir radikale grep. «Det er eit paradoks at staten bruker milliardar på subsidiar for å sminke eit underliggande marknadssystem som er dysfunksjonelt», skriv Klassekampen-kommentator Bjørgulv Braanen.
Colourbox / colourbox.com
Kritikk #3
Fastpris stimulerer til auka straumforbruk og svekker motivasjonen for energieffektiviseringstiltak. Kraftanalytikar Olav Botnen i Volt Power Analytic seier til Dagens Næringsliv at ordninga kan auke straumforbruket med 10 prosent.
H. Philip Hofgaard / NRK Luftfoto
Kritikk #4
Om hushaldningane brukar meir av straumen og straumen er knapp, så blir det mindre straum att til industrien.
Heimdall Power
Kritikk #5
Auka forbruk skaper meir press i topplasttimane der nettet allereie i dag blir pressa det reimar og tøy kan halde.
Kritikk #6
Ordninga demper investeringene i solkraft, og gjer energieffektivisering mindre attraktivt
Peder Martin Bergholt / NRK
Kritikk #7
Ordninga omfattar ikkje bakaren, slaktaren og andre næringar, som framleis må ut på den «vanlege marknaden».
NRK
Kritikk #8
Straumstøtta inngår i ein større klientifisering der Ola Nordmann blir slapp og venner seg til stadig nye «almisser» frå myndigheitene. Jf. systemkritikken i «Landet som ble for rikt» av Martin Bech Holte.
Heiko Junge / NTB
Kritikk #9
Arbeidarpartiet er ikkje ideologisk konsistente. I februar 2023 sa Jonas Gahr Støre (Ap) til NRK at ein makspris på 70 øre kilowattimen kunne føre til «kraftkollaps». Året før, under straumpriskrisa, sa han at «makspris kan verke forlokkande», men at det var «vektige grunnar» til stå i mot freistinga til å overstyre marknaden.
Publisert 19.03.2026, kl. 06.16













English (US)