Største kraftutbygging på 40 år: – Bidreg til lågare straumprisar

9 hours ago 3



– Me er på veg inn i ein ny æra for norsk vasskraft.

NVE-sjef Kjetil Lund er på synfaring saman med ein stor delegasjon kraftinteresserte langs dei store vassmagasina i kraftkommunen Suldal i Ryfylke.

På over 1000 meters høgde får han innblikk i dei skarpe konfliktlinjene for det som kan bli landets største kraftutbygging på 40 år (sjå faktaboks).

Milliardprosjektet i Suldal og Røldal er ein del av ein sterk trend i kraftbransjen.

– Berre i år har NVE fått inn fleire søknader om oppgraderingar og utvidingar av vasskraft enn på fleire tiår, seier Lund.

en gruppe mennesker som står på en høyde

Om lag 80 personar frå NVE, Lyse, statsforvaltarar, kommunar og grunneigarar var nyleg på synfaring til vassmagasina det er planar om å oppgradera i Suldal. Her frå Holmavatn.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Topp prioritet

Vasskrafta blir bygd om for å bli tilpassa ein kraftmarknad med raske og sterke prissvingingar, og behov for effektkapasitet, ifølge NVE.

Denne utviklinga er driven av energiomstillinga i Europa, med meir solkraft og meir vindkraft.

– Effektkapasitet handlar om å kunna auka produksjonen raskt på kort varsel, når vinden løyer og sola forsvinn bak ei sky. Med meir vind- og solkraft, blir det endå viktigare at vasskrafta kan skruast raskt av og på, forklarer Lund.

– Desse sakene har topp prioritet for oss, for dei er viktige for verdiskapinga og forsyningstryggleiken i Norge.

En mann i rød jakke

NVE-sjef Kjetil Lund på synfaring i Suldal.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Straumen til 250.000 husstandar

Dei største planane på 40 år står Lyse og Hydro bak.

Det var nokre store kraftutbyggingar i Norge på slutten av 70- og starten av 80-talet, men etter 1985 er det færre av dei store.

Ulla-Førre og Sima på Vestlandet er blant dei få store anlegga som blei fullført av Statkraft på 80-talet.

Nå ønsker Lyse og Hydro å oppgradera dei 60 år gamle kraftverka i Røldal og Suldal, og i tillegg bygga fem nye i desse to kraftområda. Alt til ein prislapp på 7–8 milliardar kroner.

Dette vil meir enn dobla effekten frå dagens kraftverk og tilsvarer straumforbruket til 250.000 bustader.

– Vil dette prosjektet påverka straumprisen?

– All ny kraftproduksjon bidreg litt til lågare straumprisar. Dette prosjektet vil i tillegg auka effektkapasiteten. Det vil redusera prissvingingane, seier NVE-sjef Lund.

Her ønsker Lyse og Hydro å bygga fem nye kraftverk (dei raude prikkane).

I konflikt med villreinen

Store kraftutbyggingar skaper ofte strid.

Planane om Norges største kraftutbygging på 40 år på Vestlandet møter massiv motstand.

Det handlar i hovudsak om Norges nest største villreinstamme, som er utryddingstruga i området.

Alt frå grunneigarar til statsforvaltarar protesterer, og det er særleg pumpekraftverka som er problemet (tre av dei nye kraftstasjonane er pumpekraftverk).

Når vassmagasina blir fylt opp og tappa ned, blir isen fort utrygg for villreinen som brukar magasina som ferdselsveg vinterstid.

Det kan igjen bety at villreinen går gjennom isen og druknar.

Eller at den må bruka mykje energi på å gå store omvegar på ei årstid der reinen vanlegvis går på sparebluss for å overleva.

– Det blir veldig kritisk for villreinstammen dersom planane blir noko av. Sannsynlegvis nærmar me oss at det blir kritisk for heile stammen, i alle fall den nordre i Setesdal- og Ryfylkeheiane, seier verneområdeforvaltar for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR), Alf Odden.

Flokken i Setesdal og Ryfylke tel om lag 1700 dyr, og er Europas sørlegaste villreinstamme som Norge har forplikta seg til å ta vare på.

Foto: Steffen Vadla

Slår alarm

I praksis vil milliardutbygginga bety at villreinen ikkje kan bruka store delar av vinterbeiteområdet sitt, ifølge verneområdeforvaltaren.

– Er det alarmerande for villreinen?

– Ja, det er det på mange måtar.

– Men er det ikkje like viktig med meir kraft og straum?

– Villreinen har levd med oss menneske i 12.000 år. Tidlegare sørga den for at menneske overlevde, og nå treng den vår hjelp. Me bør avstå frå noko av det me kan tena pengar på for å hjelpa villreinen.

Les tilsvar frå NVE lenger nede i saka.

en mann med hatt og briller

Alf Odden er verneområdeforvaltar for Setesdal Vesthei, Ryfylkeheiane og Frafjordheiane (SVR) og på lag med villreinen.

Foto: Magnus Stokka / NRK

– Utbygginga kan redda skulen og barnehagen

Kraftbransjen utgjer store delar av livsgrunnlaget i Suldal og Røldal på Vestlandet.

Kraftbygda Nesflaten er bygd opp av kraftindustrien og nærmaste nabo til planane i Suldal.

Berre i byggeperioden kan det bli 200 lokale arbeidsplassar, ifølge NVE.

Då er det fleire som håpar på fleire småbarnsfamiliar til ei bygd der både barnehagen og skulen er nedleggingstruga.

I dag er det berre ti barn på den lokale skulen og fire i barnehagen.

– Her er ungane meir utryddingstruga enn villreinen, seier Trygve Skogland spissformulert.

Han er far til halvparten av ungane i barnehagen.

– Ei kraftutbygging vil bety alt for bygda. Det blir fleire lokale arbeidsplassar og håpet er at fleire vil flytta hit, helst familiar med ungar, seier Skogland, som også driv lokalbutikken i bygda.

– Trur du ei kraftutbygging kan redda skulen og barnehagen?

– Absolutt. Og ikkje berre skulen og barnehagen, men også butikken. Kraftutbygging er veldig viktig for heile samfunnet her.

en mann med langt skjegg

Tobarnsfar Trygve Skogland heiar på kraftplanane i Suldal og Røldal og håpar på folkevekst på Nesflaten.

Foto: Magnus Stokka / NRK

NVE: – Legg større vekt på natur

Men den store floken som må løysast før det blir gitt tommel opp er altså forholda for villreinen.

Det er også store delar av bakgrunnen til at NVE arrangerer synfaringar for å sjå forholda på nært hald. Dei har også pålagd ei tilleggsutgreiing for å sjå om det finst gode løysingar.

– Me legg mykje vekt på naturinngrep i slike utbyggingar, meir enn me gjorde før. Derfor brukar me tid på å prøva å finna gode løysingar på dette, seier NVE-sjef Kjetil Lund.

Lyse reknar med at det kan ta to til tre år før dei får konsesjon. Sjølve utbygginga er venta å ta mellom fem til sju år.

Men det er regjeringa som bestemmer om Lyse Kraft får løyve til utbygginga.

en gruppe mennesker som står på en høyde

Synfaringa i regi av NVE var omfattande med besøk til fleire vassdrag i både Suldal og Røldal.

Foto: Magnus Stokka / NRK

Publisert 12.09.2025, kl. 20.11

Read Entire Article