– Støre bør be kinesarane droppe skipstrafikk gjennom Nordaustpassasjen

1 week ago 9



Måndag reiser statsminister Jonas Gahr Støre til Kina for å ha politiske samtalar. Blant dei han skal møte, er president Xi Jinping og statsminister Li Qiang.

Støre får med seg eit opent brev frå Bellona. Der ber miljøstiftinga om at den norske statsministeren oppmodar kinesiske styresmakter om å legge bort planane om storstilt skipsfart gjennom Nordaustpassasjen – som Sovjetunionen i si tid døypte om til «Den nordlege sjøruta».

Slepebåter som tauer lasteprammer i Nordøstpassasjen.

Ein del av frakta i Nordaustpassasjen skjer med slepebåtar og prammar. Bellona vil ha minst mogleg skipstrafikk i dette området. Bildet er frå 2013.

Foto: Gunnar Sætra / Gunnar Sætra

Stor risiko for forureining

Leiar i Bellona si internasjonale avdeling, Oskar Njaa, seier det er fleire grunnar til det.

– De siste ti åra har vi sett at den nordlege sjøruta ikkje er ei trygg rute. Det er uføreseielege isforhold, ekstremvêr og ganske stor risiko med å bruke denne sjøruta.

Oskar Njaa

Leiar i Bellona si internasjonale avdeling, Oskar Njaa.

Foto: Maya Boutroue Vedeld / Bellona

Njaa peiker på at det er dårleg infrastruktur for søk og redning og beredskap, noko ein treng for å dekke dei store områda det er snakk om.

Dersom det skjer ei ulykke, kan det føre til store utslepp av olje.

– Dei kan bli ein miljøkatastrofe, og det finst ikkje metodar eller utstyr som kan samle opp olje i dette området på ein akseptabel måte, seier Njaa.

Han trur ikkje risikoen forsvinn med å bygge meir solide fartøy.

Lasteskipet "Norilskij Nikel" ved kai i Dudinka, havneby ved elva Jenisej.

Lastefartøyet «Norilskij Nikel» går har jamt og trutt gjennom Nordaustpassasjen. Bildet er frå hamnebyen Dudinka ved Jenisej og blei tatt i 2013.

Foto: Gunnar Sætra / Gunnar Sætra

Har store ambisjonar

Njaa seier også at det har vore mindre trafikk gjennom Nordaustpassasjen i år enn det som var planlagt.

I år hadde Russland planlagt ei godsmengde på 80 millionar tonn langs Den nordlege sjøruta.

– Dei måla blei revidert til 40 millionar tonn tidlegare i sommar. Det er framleis ganske betydelege volum. Russland har større ambisjonar for framtida enn det dei får til nå. Dette er ei viktig satsing for russiske styresmakter.

Tankanlegg i Dikson, russisk by i Sibir. Gummibåt på sjøen i forgrunnen.

Byen Dikson ved utløpet av Jenisej var tidlegare ein viktig forsyningsbase for fartøy som gjekk gjennom Nordaustpassasjen. Bildet er frå 2013.

Foto: Gunnar Sætra / Gunnar Sætra

Sot og anna utslepp skader

Njaa seier også at klimagassutsleppa frå skipa er skadeleg for Arktis – og for klimaet, fordi fartøya bruker mykje tungolje.

Russland er det einaste landet som ikkje har underteikna det nye tungoljeforbodet til IMO (Den internasjonale skipsfartsorganisasjonen). Det blei innført i sommar.

– Det er også eit poeng at bruk av tungolje fører til sotutslepp som legg seg på is og snø. Det bidrar til raskare smelting. Sånn at man får ei ekstra utfordring med issmelting på grunn av økt aktivitet i Arktis.

Lastekraner i Dudinka ved Jenisej.

I hamnebyen Dudinka blir gods lasta om frå båtar som går på elva Jenisej til større havgåande fartøy. Bildet er frå 2013.

Foto: Gunnar Sætra / Gunnar Sætra

Treng russisk assistanse

Leiaren for Bellona si internasjonale avdeling seier også at det er umogleg å segle gjennom Nordaustpassasjen utan hjelp frå russiske styresmakter.

– Beredskapen Russland har i dag, er ikkje tilstrekkeleg for å gjere dette trygt. Det er stor miljørisiko involvert. Noreg bør ikkje støtte ei vidare utvikling av Den nordlege sjøruta.

Njaa legg til at bruken av russiske tenester for å segle gjennom Nordaustpassasjen, også bidrar til den russiske krigsøkonomien og krigen de fører i Ukraina.

Nordøstpassasjen bidrar til en mye kortere vei fra Kirkenes til Kina

Fraktetida mellom Kina og Europa er ti dagar kortare gjennom Nordaustpassasjen enn via Suezkanalen – dersom alt går bra. Kirkenes er første vestlege hamn på veg frå Asia til Europa.

Må vere tydeleg

Bellona meiner statsministeren må vere tydeleg over for kinesiske styresmakter.

– Norske styresmakter må sende eit signal om at alle planar Noreg har for Arktis, skal vere med på å stoppe veksten i bruken av Nordaustpassasjen. Vi kan ikkje bygge framtida til Nord-Noreg på auka bruk av denne transportlina. Signalet må gå til både norske aktørar, til kinesiske styresmakter og til regimet i Russland, avsluttar Njaa.

NRK har kontakta Statsministerens kontor for ein kommentar og har fått lovnad om svar innan kort tid.

Publisert 07.09.2024, kl. 16.41 Oppdatert 07.09.2024, kl. 17.31

Read Entire Article