Bollestad hardt ut mot leiinga i KrF i nytt brev

2 days ago 6



Det skriv ho i eit nytt brev til sentralstyret i Kristeleg Folkeparti.

I brevet til sentralstyret i partiet går ho svært hardt ut mot fungerande leiar Dag Inge Ulstein og nestleiar Ida Lindtveit Røse, samt generalsekretær Ingunn E. Ulfsten.

Ho krev at sentralstyret tek ansvar for det varselet som tilsette i Kristeleg Folkeparti har sendt mot hennar arbeidsstil og måte å leie partiet på.

Bollestad krev også å få dekka vidare advokatutgifter til saka om varselet er ferdig handsama.

– Presse meg

Ho skriv mellom anna:

– Det er særleg to grunnar til det. Det eine er at nestleiarane og generalsekretæren frå 30. mai og fram til det avgjerande sentralstyremøtet der, har arbeida målbevisst for å presse meg til å trekke meg, skriv Bollestad.

Ho meiner at dei ikkje kan behandle eit varsel frå tilsette.

Varselet mot Bollestad kom fram under Arendalsveka i august. Då stilte nestleiar Ulstein som vikar i partileiardebatten.

22. august blei det klart at Olaug Bollestad trekker seg som partileiar.

– Etter eiga vurdering om kva som er til partiet sitt beste har eg valt å tre ifrå som partiet sin leiar. Dette er eit eige val, og ikkje noko eg er beden om, sa Bollestad då.

Vil fortelje heile historia

Ho meiner at dei har tatt stilling og dei tre ho nemner ikkje kan behandle varselet nøytralt.

– I tillegg er det i strid med grunnleggande prinsipp at underordna skal handtere eit varsel mot ein overordna, skriv Bollestad.

I ein SMS til NRK skriv Olaug Bollestad at ho ikkje vil kommentere brevet måndag kveld.

– Vil om kort tid kome med heile historia mi, skriv Bollestad til NRK.

Heller ikkje advokaten hennar, Jan Fougner, ønskjer å gje nokon kommentar no.

– Saka er avslutta

Generalsekretær Ingunn E. Ulfsten seier til NRK at varselet mot Bollestad er behandla etter partiet sine varslingsrutinar.

– Saka blir sett på som avslutta frå partiet si side, seier Ulstein til NRK.

Ho seier også at ho det er frykteleg skuffande dersom sensitive dokument i ei varslingssak blir lekka til media.

Ulfsten presiserer at ho uttalar seg på vegner av heile partileiinga.

Ville ikkje kommentere

Nestleiar Dag Inge Ulstein er fungerande leiar i KrF.

Han har i dag leia eit landsstyremøte i partiet på Stortinget.

Då han møtte pressa rett før klokka 18, ville han ikkje seie noko verken om brevet eller kva anna dei har diskutert på møtet.

– No har vi hatt ein god, open og ærleg runde her. Så handlar det om å sjå framover, var Ulstein sin korte kommentar.

Etter møtet stilte avisa Vårt Land spørsmål til Ulstein og bad han kommentere påstandane som Bollestad har retta mot partileiinga.

– Det må vi kome tilbake til, svarte Ulstein.

Publisert 16.09.2024, kl. 19.51 Oppdatert 16.09.2024, kl. 19.59

Read Entire Article