Storbritannia vurderer å avskaffe arveretten i Overhuset

3 days ago 15



 Hus, bil, båt. Penger i bakgrunnen. Nedenfor er det et bilde av en blåøyd jente med brunt hår.

Frank May Erlend Aas / NTB

Du kan arve så mangt her i livet.

Kva hadde du sagt til å arve ein plass på Stortinget?

Streife rundt i vandrehallen, stå på talarstolen og røyste over lovgjeving –

Et engelsk flagg er i forgrunnen, delvis uskarpt, med Big Ben synlig i bakgrunnen. Klokken viser omtrent kvart på to. Omgivelsene er grå, noe som tyder på overskyet vær. Bildet formidler et typisk britisk landskap med fokus på ikoniske symboler. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Matt Dunham / AP / NTB

– alt i kraft av at forfedrane dine gjorde det same.

I Storbritannia kan du faktisk det.

Enn så lenge.

Et stort gruppe mennesker deltar i en seremoni i et praktfull rom. De fleste er iført røde kapper og hvite hatter, som indikerer en offisiell setting. I bakgrunnen er det en utsmykket altar med detaljerte ornamenter. Det er satt opp stoler for deltakerne, som er plassert i rekkefølge for å følge seremonien. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

HENRY NICHOLLS / AFP / NTB

Regjeringa reknar dei som leivningar frå ei svunnen tid, «arvelordane» meiner sjølv at dei er viktige.

I Storbritannia er det tradisjon for at visse sete i parlamentet går i arv frå far til son.

Denne historiske praksisen lever no på lånt tid.

Statsminister Keir Starmer gjekk til val på å kaste arvelordane ut av Overhuset.

Det blir støtta av dei fleste britar.

En person står foran en gate med flere biler som passerer. Bakgrunnen viser bygninger med tre, og det er en grå himmel. Personen har på seg en mørk jakke og en grå skjerf, og bærer en veske med blomsterdesign. Omgivelsene gir inntrykk av en urban setting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Laura Lewis meiner, som britar flest, at arveretten burde fjernast.

Foto: Gry Blekastad Almås / NRK

Laura Lewis ein av dei som vil ha vekk arveretten.

– Eg synest ikkje at det er rett på nokon måte, seier ho til NRK.

– Lykke til utan oss! svarer arvelorden Charles Courtenay.

Kven er arvelordane?

Arvelordane har røter langt tilbake i tid.

– Ordninga går tilbake til 1500-talet og Henrik den åttande, forklarer Erik Mustad.

  • Mann i dress i London.

    Erik Mustad

    • Storbritannia-ekspert
    • Dosent i engelsk, britiske, amerikanske studium og didaktikk ved UIA.

Mange aristokratar som eigde land, fekk sete i Overhuset.

Gjennom hundreår har seta gått i arv frå far til son.

Charles Courtenay og Tom Galbraith har arva seg inn i Overhuset.

Dei er samstemte om at plassane til arvelordane i Overhuset er rettferdige.

Courtenay meiner arvelordane framleis speler ei viktig rolle i Overhuset.

– Dei tenker meir langsiktig, gjerne i eit 100 til 200-års perspektiv. Det er nyttig, seier jarlen.

Charles Courtenay i Overhuset.

House of Lords

Kollega Galbraith stiller seg bak argumentet, og legg til:

– Arvelordane er generelt mindre politiske. Dei kan ta eit steg tilbake og ha ein uavhengig synsvinkel på dei politiske vala som må bli tatt.

Tidlegare bestod Overhuset av nesten berre arvelordar.

På sitt største var det over 700 av dei.

Etter to store reformer, står det i dag berre 85 igjen.

Politisk spel?

– Det er på tide med endring, seier Dianne Hayter til NRK.

– Ordninga med arvelordar er gammaldags og bakvend.

I motsetning til Courtenay og Galbraith er ho ikkje ein arvelord, men livslord.

  • en mann med bart (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Dianne Hayter

    • «Baronesse av Kentish Town»
    • Har sete i Overhuset sidan 2010.
    • Parti: Labour

– Det einaste rette er at ein sit i Overhuset i kraft av eigne bragder og erfaringar, meiner ho.

I 2024 la Labour fram eit lovforslag som vil fjerne arvelordane frå Overhuset.

Denne lovgivinga kan bli sett i verk allereie i år.

En person i dress som sitter ved et podium (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Tom Galbraith var leiar av Overhuset mellom 2010 og 2013.

Foto: House of Commons

Tom Galbraith, som er medlem i Det konservative partiet, peikar på at dei konservative har hatt fleirtal blant arvelordane.

Han meiner den foreslåtte reforma er politisk spel.

– Dette handlar berre om at Labour skal få ut dei som dei ikkje liker, og erstatte dei med allierte, seier 65-åringen.

Galbraith meiner at motivasjonen var den same då Labour fjerna 667 arvelordar i 1999.

Dianne Hayter, som har hatt ei rekke Labour-verv, kjenner seg ikkje igjen i tiltalen.

– Det er berre tull! seier ho.

Dianne Hayter i Overhuset.

House of Lords

Hayter får støtte frå Storbritannia-ekspert Erik Mustad.

– Vi lever i ei verd der alt blir politisert. I denne saka må vi skilje mellom partipolitikk og konstitusjonell politikk, seier han.

Mustad peikar på at Labours standpunkt er prinsipielt, og eit standpunkt dei har hatt lenge.

Det er ein aksept blant arvelordane.

Dei anerkjenner at dei kjem til å miste plassen sin – før eller sidan.

– Det blir ein trist dag når vi mistar dei for godt, for dei har spelt ei stor rolle i å forme Storbritannia, seier Galbraith.

En person med en paraply med britiske farger går på en bro foran Houses of Parliament i London. Det regner, og himmelen er overskyet. Den ikoniske klokken Big Ben kan sees i bakgrunnen. Omgivelsene er preget av en våt og grå atmosfære. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

Underhuset og Overhuset held til i Westminster Palace. Big Ben er ein del av bygget.

Foto: CARLOS JASSO / AFP / NTB

Folket sin dom over Overhuset

– Overhuset er det einaste ikkje-valde kammeret i vesteuropeisk politikk, seier Mustad.

Derfor er det stadig gjenstand for debatt.

Fleirtalet av britar meiner regjeringa ikkje går langt nok i å reformere Overhuset.

Det viser ei meiningsmåling gjort av YouGov, på vegner av University College London.

  • 60 prosent støttar at arvelordane blir fjerna, berre 22 prosent meiner dei burde få bli.
  • 79 prosent ønsker å avgrense makta til statsministeren til å utnemne nye medlemmer.
  • 71 prosent ønsker å sende Overhuset (over 850 medlemmer) på slankekur, slik at det ikkje er større enn Underhuset (650 medlemmer).
  • Berre 3 prosent støttar at regjeringa berre fjernar arvelordane, utan å gjere andre reformer.
  • En person står foran en bygning med hvit fasade og murstein. Vedkommende har på seg en svart vest med en gul logo og en grønn skjorte. Omgivelsene inkluderer busker og trær som delvis skygger for bygningen. Det ser ut til å være en overskyet dag. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Gry Blekastad Almås / NRK

    Richard Fox

    Fox er ein del av mindretalet som ønsker å behalde arvelordane.

    – Dei er ikkje valde ut av politiske parti. Dei er ikkje der for politisk vinning, men for nasjonen sitt beste, og nokon av dei tar òg med seg ein viss visdom.

  • En mann står foran en gate i en by, ikledd en rød rutete jakke over en blå skjorte med print. Det er biler som beveger seg i veibanen bak ham, og en rekke butikker er synlige på høyre side av bildet. Trær står langs fortauet, som gir en urban kontekst. Det er overskyet vær som kan indikere en kjøligere dag. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Gry Blekastad Almås / NRK

    Vahik Mansourian

    Mansourian ønsker å sjå store endringar i det britiske politiske systemet. Han vil gjerne bli kvitt arvelordane.

    – Det er ein veldig god idé å fjerne dei. Det er ein god start!

  • En person med grått hår står på gaten iført en mørk jakke. I bakgrunnen er det bygninger og biler, samt et trafikkskilt som viser til venstre. Området har trær og enkel gatebelysning. Det er en normal hverdagsscene i en by. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Gry Blekastad Almås / NRK

    Dina Miller

    Miller står på vippen. Ho var ikkje klar over at visse medlemmer av Overhuset har arva plassen sin.

    – Dei burde kanskje bli kvitt arvelordane, ja, seier ho.

  • En person står foran en gate med flere biler som passerer. Bakgrunnen viser bygninger med tre, og det er en grå himmel. Personen har på seg en mørk jakke og en grå skjerf, og bærer en veske med blomsterdesign. Omgivelsene gir inntrykk av en urban setting. (Bildebeskrivelsen er laget av en KI-tjeneste)

    Gry Blekastad Almås / NRK

    Laura Lewis

    Lewis er som tidligare nemnt positiv til å fjerne arvelordane.

    – Det er definitivt på tide med endring, seier ho.

Politisk pingpong i London

Labour sitt lovforslag har hamna i ein såkalla «Government Ping-Pong»-situasjon.

– Det betyr at forslaget går fram og tilbake mellom dei to husa i parlamentet, forklarer Mustad.

Labour-leder Keir Starmer

Starmer-regjeringa kan tvinge gjennom lovgiving utan å lytte til Overhuset, men det er ikkje ønskeleg.

Foto: AFP

Eit hus foreslår ei endring, det andre kontrar forslaget, og slik held dei på fram til det blir ei einigheit.

– Om det ikkje blir einigheit, kan Underhuset køyre over Overhuset for å få det gjennom, seier Mustad.

Lovforslaget vil då tre i kraft med det same.

– Kvifor gjer dei ikkje berre det, då?

– Det er veldig sjeldan at det skjer. Dersom Overhuset blir overkøyrd gong på gong, har det ikkje lenger ein funksjon, forklarer Mustad.

– For å bevare funksjonen, må Underhuset lytte til dei.

Den fremste oppgåva til Overhuset er å gå gjennom lovforslag frå Underhuset med lupe. Dei bruker mykje meir tid på detaljane i lovtekstar enn det Underhuset gjer.

– Ved å undergrave Overhuset, vil Underhuset også undergrave sin eigen posisjon innanfor det konstitusjonelle monarkiet, seier Mustad.

Interessert i meir frå verda? Høyr Utanriksredaksjonen sin podkast:

Read Entire Article